RURALE REFLEKSJONAR

Arkiv

– sentrum og periferi i den nye økonomien   Av Bjørn Egil Flø                      LAT MEG FÅ lov å ta til orde for tvilen. Den kom til meg for nokre månadar sidan då eg saman med nokre kollegaer hadde invitert til ei arbeidsgruppe i samband med den Nordiske bygdesosiologi konferansen i Akureyri på Island. ”Rural development and the transition to the bioeconomy” var tittelen på arbeidsgruppa og det sentrale spørsmålet var… Les meir

Av Eirik Magnus Fuglestad       Jordbruket la førre veka fram eit krav til den norske staten der ein kravde ei auka økonomisk ramme på 1,4 milliardar. Dette er eit tillegg til dei om lag 15 milliardane jordbruket alt får frå før. Ein kan spørja seg kvifor bøndene, som er private næringsdrivande, skal få pengar frå staten? Og bøndene har knapt avkastning på drifta si, høyrer ein ofte, og så skal… Les meir

Av Eirik Magnus Fuglestad             Søker ein på ordet «effektivitet» i den nye jordbruksmeldinga, vil ein sjå at ordet finst på nesten kvar einaste av dei 160 sidene, og ofte opp til fleire gonger per side. Bodskapen er eintydig: effektivitet!   I meldinga heiter det då også: «Hovedformålet  med  jordbrukspolitikken  skal være  en  kostnadseffektiv  matproduksjon». Effektivitet står, i regjeringa si idéverd, alltid saman med konkurransekraft, låge kostnader… Les meir

Av Bjørn Egil Flø       Dei kappast om å vere mest mogleg optimistiske og engasjerte, politikarane, statsrådane og leiarane for dei viktigaste naturvitskaplege og teknologiske forskingsmiljøa våre. Dei nærast hoppar av begeistring ved talarstolane om dagen, og alle snakkar dei om moglegheitene som ligg i den nye bioøkonomien.  For det er vist ikkje måte på kva opningar det sokalla grøne skiftet gir for jordbruket, fiskeriet, skogbruket og alle dei biobaserte… Les meir

Av Eirik Magnus Fuglestad og Torbjørn Tufte       1. april 2015 avvikla EU mjølkekvotane. Resultatet er stadig større og færre mjølkebruk, sentralisering av produksjonen til dei beste jordbruksområda, og ei jamt meir brutal «bondekannibalisme». I Noreg har ideen om at færre og større bruk betyr effektiv landbrukspolitikk òg byrja å slå rot blant mange politikarar. Sia andre verdskrigen har det vestlege jordbruket vore inne i ein kontinuerleg industrialiseringsprosess. Stordrift og… Les meir

Av Bjørn Egil Flø       La det vere sagt; eg har lita tru på Sanner og hans ihuga fylkesmannsvenner sin iver etter å lage størst mogleg kommunar og fylkjer her i landet. Eg har lite tru på at det vert nemneverdig vellukka, og enno mindre tru har eg på argumenta dei nyttar for å forfekte sitt politiske prosjekt. Men la no det ligge, la oss tenke litt meir ope om… Les meir

Av Bjørn Egil Flø Jordbruket har over tid etablert ein grunnleggande truskap til det etablerte kunnskapssystemet, og greier ikkje å tenkje utanfor boksen. Me brukte ha ein pinne i baklomma medan me tynna gulrøter på garden heime. Me brukte han kvar gong me skulle stige frå åkeren og inn på vegen. Då laut me fram med pinnen for å pirke molda av støvlane våre. Det var bestefar som hadde innført påbodet, og… Les meir

Av Matthew Hoffman og Bjørn Egil Flø       «KOR STORT er stort nok?», spør Wenche Dramstad på Landbruksbloggen den 30. mars, seinare reflekterer Dag Jørund Lønning kring kva den «ideologiske storheitsdyrkinga» fører med seg. Og i skrivande stund les me Kari Gåsvatn sin glitrande kommentar om korleis «vekstmodellen stangar i taket». Alle desse tekstane og fleire med dei, syner oss at jamt fleire uroar seg om kva veg jordbruket skal… Les meir

Av Bjørn Egil Flø       HAN VAR streng, men lågmælt, kommunalministeren på radioen. Det var like før jul og sjølv med ein søknad om kommunesamanslåing frå Leksvik og Rissa på bordet, var han lite imponert av kommune-Noreg. I heile 2015 har han vitna den prestisjetunge kommunereformas støe kurs mot havari, men no var det på tide å syne politiske musklar og økonomisk makt. Eg kom til å tenke på prestesonen heime,… Les meir

Av Bjørn Egil Flø   DET VEKS OPP ein ny økonomi i grendene. I hjulspora etter det gamle bondesamfunnet veks det fram ein ny rural økonomi. Frå å ha produsert varer for eksport ut av bygda, varer som vert konsumert i byane og tettstadane under fossane, lokkar den nye bygda til seg forbrukaren for å konsumere vara i grendene. Skilnaden mellom det nye og det gamle ligg i relasjonen mellom nettopp produksjon… Les meir