Arkiv
Av Bjørn Egil Flø Eg vart spurt om å vere med på ein debatt på det politiske sirkuset i Arendal her hin dagen. «Hva kan byene lære av bygda?», var temaet. I omtala av programposten kunne ein lese at; «Noen ganger kan det virke som om all omstilling til lavutslippssamfunnet skjer i byene». Ja, eg trur mange deler den observasjonen. Sett frå bygde-Noreg sin ståstad kan det… Les meir
Av Bjørn Egil Flø Svært få har sett føre seg at dette skulle kome. Med få unnatak har korkje samfunnsforskarane eller kommentatorane – dei som liksom skal vere betalt for nettopp å sjå slikt – evna å sjå føre seg at moderniseringa– for ikkje å seie «den økologiske moderniseringa» av Noreg, skulle verte møtt med slik ei motstand. For det er det motstanda handlar om, eller rettare; den… Les meir
Av Bjørn Egil Flø Dette er eit svar til Engh og Skrede sitt innlegg i Vikebladet den 23. mars 2019 og delvis også Eldar Stein Flø sitt innlegg i same avis datert 21. mars 2019 Med overskrifta «Fyr her!» varslar styremedlem i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre (DÅS) – Knut Erik Engh (også ordførar i Ulstein kommune) – og hans gode venn og administrerande direktør i same selskap… Les meir
Av Bjørn Egil Flø «Har du høyrt det siste då?», sa kompissen min. Eg høyrde han ivra for å fortelje meg noko han trudde ville interessere meg. «No skal dei gjere oss om til fyrtårn her på Flø», sa han i full visse om at akkurat det ville eg ikkje kome til å forstå mykje av. Men etter litt att og fram fekk eg etter… Les meir
Av Bjørn Egil Flø La det vere sagt; eg har lita tru på Sanner og hans ihuga fylkesmannsvenner sin iver etter å lage størst mogleg kommunar og fylkjer her i landet. Eg har lite tru på at det vert nemneverdig vellukka, og enno mindre tru har eg på argumenta dei nyttar for å forfekte sitt politiske prosjekt. Men la no det ligge, la oss tenke litt meir ope om… Les meir
Av Bjørn Egil Flø HAN VAR streng, men lågmælt, kommunalministeren på radioen. Det var like før jul og sjølv med ein søknad om kommunesamanslåing frå Leksvik og Rissa på bordet, var han lite imponert av kommune-Noreg. I heile 2015 har han vitna den prestisjetunge kommunereformas støe kurs mot havari, men no var det på tide å syne politiske musklar og økonomisk makt. Eg kom til å tenke på prestesonen heime,… Les meir