RURALE REFLEKSJONAR

Arkiv

BJØRN EGIL FLØ FRODE FLEMSÆTER Gjennom heile etterkrigstida har det skjedd ei diversifisering av utmarksbruken. Er tida no inne for nye alliansar? UTMARK, sjølve ordet vitnar om noko få av oss tenkjer over til dagen. Alle som har prøvd å omsetje utmark til engelsk – eller kva anna språk som helst – har merka at det ikkje let seg omsetje. Til det er utmarka vevd så tett inn til kulturen vår, til… Les meir

BJØRN EGIL FLØ Sjølv om den politiske orkestervogna vart lasta med landets tyngste kommentatorelite frå hovudstadens mediehus som villig bles i spinndoktorane sine basunar, var motvinden frå bygdene sterk nok til å hindre at karnevalfølgjet rakk bygrensa før vallokala stengde. Dei greidde mesta det umoglege, kvinnene som rodde i bunad for fødestover. Saman med aksjonistane som kjempa for å halde liv i lærarutdanninga på Nesna og lenkegjengen på Frøya, Haramsøya og Stadtlandet… Les meir

BJØRN EGIL FLØ Det hekk ein storfeskrott i krana på ein naudslaktbil då eg svinga opp gardsvegen åt bonden eg hadde intervjuavtale med tidleg i vår. Jau da, det skjer dessverre av og til at dyr lyt slaktast på bås. I det eg steig ut av bilen kom bonden mot meg, «Kvast», sa ho og slo ut med armane. Som bondeson forstod eg kva som hadde skjedd. Eg har blitt minna på… Les meir

  Av Bjørn Egil Flø           «Altså eg forstår dei steike godt», sa kompisen min brått. Me var fem karar og no sat me på ein fotballpub å røla. Kampen var over og me var inne på eit nytt tema; nemleg Stordalen- menyen. Altså denne Lancet-autoriserte moralske peikefingeren som Gunhild Stordalen rettar til oss kjøtetarar der ho fortel oss at me bør klare oss med éi salamiskive for… Les meir

Av Bjørn Egil Flø           Å bu: Ein storslått bok om klyngetuna kan inspirera til å snakke om korleis framtidas bygder skal formast.   Idet eg opna den siste boka frå Eva Røyrane og Oddleiv Apneseth – «Klyngetunet» – vart eg straks sett attende til ei oppleving, eller snarar ei slags tilstand, frå barndomen. Eg var nett fylt seks år og hugsar det berre vagt. Men det var… Les meir

– mitt Sommar i P2     «I heile min oppvekst stod far min i veitene. I nær tre tiår – frå sist på 50-talet til fyrst på 80-talet – dyrka han jord. Fyrst sitt eige bruk, og seinare to nabobruk.  Aldri såg han ut til å tvile på det han heldt på med. Ikkje før på hans eldre dagar meldte den seg – tvilen – den meldte seg då dottera til… Les meir

Av Bjørn Egil Flø     Bygdene er i opprør, seiest det. I alle kanalar og i alle spalter ropar dei om at det er eit distriktsopprør på gang. Sjølv har eg sett det lenge, eg har høyrt misnøya kringom der bygdefolk møtest, og eg har prøvd å forstå kva som uroar bygdefolket så kraftig.    DET VAR like før jul då han ringde meg. Eg fekk ikkje med meg namnet med… Les meir

Av Bjørn Egil Flø       «EG SKAL HALDE eit avsluttande innlegget på NIBIO-konferansen i år», sa eg med bror min. «Javel, kva slags konferanse er det då?», spurte han, utan å gi meg noko nemneverdig kred for det ærefulle oppdraget. «Mat, miljø og moglegheiter, er liksom den tittelen dei har gitt sjølve konferansen», sa eg utan at eg eigentleg trudde det ville vere noko særleg svar på spørsmålet hans. «Åh, ja er… Les meir

Dette innlegget er skrive som eit kåseri til Sosiologifestivalen 2017 i Trondheim den 5. Oktober 2017, og bør også lesast som eit kåseri   Av Bjørn Egil Flø         EG FEKK ein e-post her for noko sidan. Hei Bjørn Egil! stod det, med ropeteikn etter namnet mitt, som om eg ikkje berre har starta høyre dårleg, men også lese dårleg. «Jeg traff deg på en bar her i vår»,… Les meir

– sentrum og periferi i den nye økonomien   Av Bjørn Egil Flø                      LAT MEG FÅ lov å ta til orde for tvilen. Den kom til meg for nokre månadar sidan då eg saman med nokre kollegaer hadde invitert til ei arbeidsgruppe i samband med den Nordiske bygdesosiologi konferansen i Akureyri på Island. ”Rural development and the transition to the bioeconomy” var tittelen på arbeidsgruppa og det sentrale spørsmålet var… Les meir