Tida og tilhøva i utmarka

BJØRN EGIL FLØ

FRODE FLEMSÆTER

Gjennom heile etterkrigstida har det skjedd ei diversifisering av utmarksbruken. Er tida no inne for nye alliansar?

Denne teksta tek utgangspunkt i boka Utmark i endring som nyleg kom ut på Cappelen Damm Akademisk, boka kan lesast og lastast ned gratis her: Utmark i endring

UTMARK, sjølve ordet vitnar om noko få av oss tenkjer over til dagen. Alle som har prøvd å omsetje utmark til engelsk – eller kva anna språk som helst – har merka at det ikkje let seg omsetje. Til det er utmarka vevd så tett inn til kulturen vår, til historia like som til folkesjela og landskapet, at det ikkje let seg forstå av andre. Kanskje ligg opphavet til dei jamt tidare konfliktane i og om utmarka, i nett denne veven? Og kanskje ber den same veven på spiren åt nye alliansar mellom utmarksbrukarane. 

Historisk var det som mark at utmarka var skatta. Den låg der som ei utviding av innmarka åt dei små bruka, som ei kjelde til mat og fiber, anten i form av bær, vilt og fisk eller som fôr åt husdyr som beita i dei rike skogs- og fjellområda gjennom sumarhalvåret. Samstundes forsynte utmarka folket med livsviktig brensel og bygningsmaterial frå skogen så vel som frå torvmyrane. 

Då me nordmenn skulle finne oss sjølve etter dansketida, vart utmarka viktig. Fjellandbruket og utmarka vart viktige symbol i bygginga av norskdomen. Då gjekk målarar og skaldar ut av Christiania for å finne det norske. Dei mala og dikta om det dei såg, og skapte ideen om den staute nordmannen, sterkt prega av naturens brutalitet og estetikk. Nordmannen fanst der mellom bakkar og berg, han var like fòrete og vêrbiten som landet, og han drøymde seg attende til fjella og dalane han mintest frå ungdomen. I utlandet vart norske kunstnarar lagt merke til. Deira nasjonalromantiske skildringar fortalte om noko dei meinte å ha mista på kontinentet. Landet vaks fram som noko unikt i europeisk forstand. Her var folket jorda, dei levde av og i naturen. Me var som naturmenneske å rekne, sett frå kontinentet. Og me trudde på det sjølve òg, me meinte naturen gjorde oss både godt og gode. 

Seinare vart utmarka viktigare som kjelde til krafta og minerala som gav oss velferd og rikdom som tok oss gjennom moderniseringa. Med moderniteten kom vegane, bilane og fritida til Noreg. Folk fekk fleire timar i døgnet som laut fyllast med aktivitetar. Aktivitetar som før einast var for adel og fritenkjarar på stipend, vart gradvis folkeaktivitetar. Sentrale arbeidarpartiprofilar gjorde det til ein dyd å gå i fotspora åt kultureliten som hadde måla og dikta så levande under nasjonsbygginga. Fronta av landsfader Gerhardsen vart den nye eliten aktive brukarar av utmarka for rekreasjon. Og funksjonærane – med dei høgste lønningane og dei best tilpassa liva – fekk også ein hug for sin eigen stad i fjellet, der dei kunne dyrke sin kjærleik til naturen. Framover på 70 talet såg me gjetarbuer og stølshus få gardiner i vindauga, eit vitnesbyrd om ny bruk. 

Gjennom heile etterkrigstida skjedde ei diversifisering av utmarksbruken. Fleire brukarar kom til med eigne interesser og idear om kva utmarka er og kva den skal vere, og bruken tok fleire former.

Gjennom heile etterkrigstida skjedde ei diversifisering av utmarksbruken. Fleire brukarar kom til med eigne interesser og idear om kva utmarka er og kva den skal vere, og bruken tok fleire former. Då Lars Sponheim sette seg i sjefsstolen for Landbruksdepartementet i oktober 2001 arva han ei landbruksmelding som neppe kunne ha vore betre tilpassa ein landbruksøkonomiutdanna Venstre-statsråd som Sponheim. Formuleringa «For å styrke inntektsgrunnlaget for landbruket, mener Regjeringen det er nødvendig at landbruksnæringen sikres muligheter til økt næringsmessig utnyttelse av utmarka» var fundamentet åt den nye landbruksministerens gjentekne mantra om å «ta heile gardens ressursar i bruk». Dei fyrste sponheimåra gav kommersialiseringa av utmarka seglingsvind. No vart grunneigarane i grendene stimulert til å gjere seg til entreprenørar og starte tene pengar på utmarka. Dei skulle utnytte hugen dei nye utmarksbrukarane hadde for opplevingar og kontemplasjon. Jakt og fiske skulle prisast etter oppleving no, og ikkje kilo kjøt eller fisk. Der strategien for næringsutvikling i utmarka hadde handla om utvikling av kommersielt innlandsfiske og betre logistikk for mottak og distribusjon av viltkjøt frå jakta, handla det no om å lage «pakkar» for jaktande og fiskande gjestar som fyrst og fremst jakta etter opplevingar og ikkje mat.   

Gjennom den såkalla Fjellteksta frå 2003 vart nasjonalparkar og verdsarvområde gjort til innsatsfaktorar for utmarksentreprenørar. Utmarka og utmarkskulturen må kommodifiserast, sa ekspertane, og meinte at den skulle gjerast om til ei vare i seg sjølv og ikkje einast ei kjelde for mat og fiber. Dette endra utmarka, lokalsamfunnet og forholdet mellom menneske. Utmarka gjekk frå å vere beitemark, via ei utmark jamt meir nytta til det nære friluftslivet i kombinasjon med rekreasjonsprega hausting av bær, fisk og kjøt, til gradvis å bli eit middel for å lokke kundane til reiselivs­operatørane. Tanken var nok «å føre verdiskapinga attende til grendene», som Sponheim og hans like sa, og slik vart utmarka sin verdi som beitemark gradvis svekka. 

Sjølv om me har hatt store og sterke organisasjonar for grunneigarinteressene så vel som for friluftslivsinteressene i lang tid, så vaks organisasjonsfloraen og medlemstala for friluftslivsorganisasjonane raskt og mykje framover frå sist på 60-, 70- og 80-talet. Ikkje berre vart Den Norske Turistforening og Norges Jeger- og Fiskerforbund store og betydelege aktørar i utmarka så vel som i utmarkspolitikken, men me såg også at meir spesifikke utmarksbrukarar starta markere seg i debatten om kva utmarka er og kva den skal vere. Me fekk eigne organisasjonar for padlarar, fjellklatrarar, utmarkssyklistar, hytteeigarar og sopp- og nyttevekst sankarar, og ikkje minst fekk me ein rikare tidsskriftsflora som sikta seg inn mot dei smale segmenta av utmarksbrukarar. 

Sist på 1980-talet – samstundes med veksten i medlemstala for friluftsorganisasjonane – gjekk fleire saman i paraplyorganisasjonen FRIFO, som seinare tok namnet Norsk Friluftsliv. Slik vart frilufts­interessene også ei tydelegare politisk stemme i utforminga av utmarkspolitikken. Og alle har jobba målmedvite for å fremje eit aktivt friluftsliv tufta på ein sterk og endåtil styrkt allemannsrett. Og nett allemannsretten kan fort kome i spel når interesser kjempar om posisjonar i utmarka. Auka rekreasjonsbruk og nye og meir forstyrrande aktivitetar går ikkje alltid like godt saman med ein tradisjonell og varare bruk. Derfor har me sett at Norsk Friluftsliv har stressa det som gjerne vert kalla allemanns-pliktene som følger retten. Eit døme på det ser me i Norsk friluftsliv sin kampanje lansert i 2021, der skodespelar Bjørn Sundquist opererer som ein norsk Jack (Nicholson) Torrance for å fremje allemannspliktene i utmarka. Mindre påkosta appellar for skikk og bruk i utmarka finn me også i den rike tidsskriftfloraen for friluftslivsinteressene. Ryttarar, scooterkøyrarar, syklistar, jegerar, padlarar og andre vert heile tida minte på pliktene dei har som utmarksbrukarar gjennom redaksjonelle reportasjar og leiarar skrivne for nettopp å sikre allemannsretten. Slik vert kultur skapt, det vert skapt gjennom strukturar der aktørane sjølve deltek i danninga av seg sjølv og sine like. Men der det finst kultur finst det også ukultur, utfordringa vil alltid vere å stimulere kulturens vekst framfor ukulturen.

Fyrste nyttårsdag 2001 tala statsminister Stoltenberg om at det var slutt på norsk vasskraftutbygging i urøyvd natur. Mange vona dette var inngangen til ei ny tid for industrialiseringa av utmarka. Samstundes, gjennom heile 1980- og 1990-åra, vitna me ei jamn avvikling av gruvedrifta i landet, og skogindustrien sleit med låge råvareprisar og redusert hogst. Var no industrialiseringa av utmarka kome til endes?

Nei da. For det fyrste hadde nyleg ein ny industri vakse fram, nett medan den gamle vart svekt. Reise- og friluftslivet hadde utvikla seg til industri, regionale destinasjonsselskap og private reiselivsoperatørar hadde reidd grunnen for gode marknadstilpassa produkt som kunne «fly-in-fly-out» kundar i raskt tempo og tilby tettpakka høgdepunkt på kort tid. Sameleis la jamt fleire kommunar til rette for hyttebygging i von om at andreheimsbebuarane skulle halde liv i dei døyande grendene ein ordførarperiode eller to. For det andre såg dei som skjøna seg på dei store linene for energi- og råvaremarknadane, at det neppe var enden på den gamle industrien Stoltenberg tala om, snarare berre ein sving på den same vegen. Ved inngangen til 2008 teikna grafane på råvarebørsane mot himmels. På nytt vart gruvedrift interessant, og saman med klimadebatten bles energikrisa vind i rotorblada åt multinasjonale kraftselskap. Fleire ana at me nærma oss ei ny-industrialisering av utmarka. Og i romjula 2021 opna arbeidarpartiets energipolitiske talsmann for å vurdere kraftutbygging i varig verna vassdrag og dei kraftkåte politikarkollegaene i høgre så vel som senterpartiet og framstegspartiet hengde seg på lasset. 

Men ute i grendene ser dei tradisjonelle utmarksbrukarane – særleg reindriftsnæringa og andre beitebrukarar – med uro på framveksten av den nye utmarka. Kanskje er tida komen for ei ny allianse mellom by og land her. Kanskje er tida komen for ei allianse mellom landbruksorganisasjonane, friluftsorganisasjonane så vel som miljøvernorganisasjonane. For dei tobeinte rovdyra i den moderne utmarka er grådige om dagen.

Bjørn Egil Flø

Innlegget er tidlegare publisert i Klassekampen 10. februar 2022

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s