BJØRN EGIL FLØ

Kva er motstanden mot Bovaer blant norske bønder eigentleg uttrykk for?
Om Tine og resten av bondeeliten innanfor jordbrukets jarntriangel vel å lese bønder og forbrukarar sin skepsis til metanhemmaren Bovaer einast som eit uttrykk for irrasjonell teknologifrykt trolla ut på sosiale media frå kjellarleilegheiter, så gjer dei ikkje berre seg sjølv ei bjørneteneste, men svekker også jordbrukets sjans til å redusere sektorens klimabelastning.
Skepsisen mange ber på er tvert om ein sosialt- og kulturelt meiningsfull respons på korleis teknologi vert opplevd som inngripande i etablerte moralske kategoriar, tillitsforhold, profesjonelle identitetar og maktstrukturar.

Produsert risiko
For meg er Bovaer eit praktdøme på det den tyske sosiologen Ulrich Beck snakka om då han hevda at «moderne samfunn i aukande grad vert dominert av ‘produserte risikoar’» – med det meinte han risikoar skapt av teknologiske og industrielle intervensjonar som er usynlege, abstrakte og vanskelege å vurdere for lekfolk.
Bovaer er eit syntetisk stoff, det påverkar mikrobiologiske prosessar hjå dyra og er kjenneteikna av ein kunnskapsuvisse som ikkje fullt ut kan eliminerast gjennom tradisjonelle risikovurderingar. Derimot vert det hevda å vere trygt innanfor gitte testparameter som – i tilfellet for Bovaer – er parameter som bonden ikkje har innsyn i eller føresetnadar til å forstå.
Les meirBJØRN EGIL FLØ

Moderniteten har gjort jordbruket til eit instrument for stat og marknad, men somme bønder vel å gå sin eigen veg.
I DET EG SVINGAR ut frå gardsplassen og ser bonden i bakspegelen stige om bord i traktoren, er det ei setning frå samtala som ikkje slepp taket. «For eg tenkjer ikkje likt med dei», hadde han sagt. Han forklarte at det moderne jordbruket hadde fjerna seg frå jorda. «Det kan knapt kallast jordbruk», meinte han før han la til «snarare er det jordforbruk».

Eg vart ikkje overraska av å høyre ein mjølke- og kornbonde som dreiv tilsynelatande effektivt på indre Østfold hevda at det moderne jordbruket hadde blitt jamt meir forbruk av jord. Eg har høyrt mange bønder uroe seg for utviklinga. Det slit ut bøndene og uttynnar bygdesamfunna og ikkje minst er det øydande på grunnressursen – jorda … molda. Men dei er med på det sjølve, dei driv så effektivt og intensivt dei kan, i von om at det skal gi økonomisk handlingsrom nok til å kunne endre drifta – ja endå livet – når dei berre kjem seg ovanpå. «Men me kjem aldri dit», sa han «dei grev oss berre djupare ned i skiten».
Eg stussa på korleis han nytta me og dei då han snakka og spurte like godt om kva han meinte med at me aldri kjem dit fordi dei grev oss ned. Han meinte den jordbrukspolitiske samtala er dominert av ei sterk forteljing boren fram av ei jordbrukspolitisk elite. Også det har eg høyrt før, eg har høyrt bønder snakke om jordbrukets jarntriangel i mange år no. I 2006 teikna ein Budalsbonde opp ein trekant på benkeplata i verkstaden og skreiv landbruksdepartementet i det eine hjørnet, UMB i det andre og Schweigaards gate i det tredje hjørnet. Ja, for som eg sa; dette var i 2006, like etter at den gamle landbrukshøgskulen på Ås vart universitet og fekk uforståelege akronym og før Landbrukets hus fekk adresse Hollendergata.
Innanfor dette triangelet finst dei, altså dei bonden i bakspegelen nett hadde snakka om. Her finst dei som gjer at han og hans yrkesbrør sekk lengre ned i skiten til hardare dei strevar.
Les meirBJØRN EGIL FLØ

Reindriftsutøvarane har hatt problem med oss lenge. Dei har sagt at dyra vert stressa, særleg på vintrane og i kalvingsperioda på vårane, då me har ski på beina og held litt større fart og har lengre rekkevidde.
I det siste har miljø-ekspertane også gitt indirekte støtte til reindriftsutøvarane. Ferdselen utset reinen, i alle fall villreinen, for uro, seier dei. Og sjølv DNT må stenge ein sti eller to då, kanskje også ei hytte.
Men også i dei lågare beiteområda, ved innfallsportane, er utfordringane store. Der parkerer me SUV’ane våre, så langt inn i seterdalane me kan kome. I dei sørvendte liene breier me oss ut med andreheimane våre på rekke og rad, og saman trakkar me oss firefelts-stiar inn i fjellet.

For me er slik laga – særleg me som les artiklar med allemannsretten i tittelen – me er sosialliberale individualistar i frie og fleksible middelklassestillingar – slike som kan ta fri når me vil, men som likevel gjer det same som alle våre like og til same tid. I kvar ferier og langhelg reiser me ut av universitetsbyane våre – byane som me alle flytta til då me starta bygge våre tilpassa liv – og no invaderer me fjellområda åt dei som vart igjen.
Men det var ikkje slik dei tenkte, dei som teikna ned prinsippet om allemannsrettane i landsdelslovene. Dei tenkte at folk trong funksjonelle reglar som sikra sameksistens folk imellom. Reglar som sikra rett til ferdsel – naudsynt beite for krøter og hest langs driftevegar og sleper, nattely, fyringsved og trevirke til reparasjon av slede og båt. Allemannsretten var dåtidas E6, det vaR pit-stoppen, ladestasjonane og pølsa klokka kvart på to om natta på Dombås.
Les meir
BJØRN EGIL FLØ
I det eg heng kalveskrotten på vekta svingar ein bil inn på plassen.
– Ja, dei vert mindre og mindre for kvart år, høyrer eg frå ein eldre mannen i det han set staven framom seg og stig ut av bilen.

Elleve år har gått sidan sist han sjølv gjekk etter dyr. No har han korkje kne eller hoft til det lenger, seier han, og det skortar på luft også. Men dragninga mot fjellet og grådyret set framleis sterkt i han. Derfor plar han kome bortom vekta for ein drøs når jegerane kjem for å vege skrotten og levere kort og kjeve.
I det han kjem bortåt vekta fiskar han fram ei gul notatbok frå brystlomma og noterer talet han ser på displayet på vekta.
– Her har eg notert vekta på alle kalvar som har vore vegne her i bygda heilt attende til 1987. I nær 40 år har han bokført vekt og kjevelengde på alle kalvar som har vore tekne ut av valde. Som eit privat lite forskingsprosjekt har han samla data systematisk. Og han har sett kalvevekta gå ned, samstundes som han presiserer at det ikkje betyr at kondisjonen åt dyra nødvendigvis går ned av den grunn. Basert på dei dataa han sjølv har samla inn har han også gjort seg opp meiningar om kva som kan vere årsaka til at det sakte men sikkert ser ut til å bli mindre kalvar.
Les meirBJØRN EGIL FLØ

Det som skulle bli den nye kombinasjonsnæringa for småbøndene, enda opp med å einast legge ein ny stein til børa åt dei same bøndene. Den politiske satsinga som kan oppsummerast med dåverande landbruksminister Sponheim sitt gjentekne mantra «ta heile gardens ressursar i bruk» innfridde ikkje løfta sine slik mange hadde vona. Derimot førte det til ei heilt ny forståing av kva utmarka er og kva den også skal vere.

Langt nord i landet ligg det ein dal. Den strekkjer seg frå ein fjordbotn i Nord-Troms og sør-austover mot finskegrensa. Langs dalbotnen svingar elva seg kring sjølvskapte sandmeler som har danna grunnlaget for grøderike jordstykke der bufaste folk kunne så sine fyrste vekstar. Lenge grodde det godt her, brukarane på dei små bruka rydda seg jorder på jamt meir tungbrota mark, alt for å bli større, men likevel vart dei aldri store nok.
Tida gjekk ifrå småbruka her, som så mange andre stadar i landet. Det som før hadde halde dei oppe – kombinasjonen – vart vekk. Det sesongbaserte arbeidet i skogen, til liks med arbeidet på havet, forsvann i visjonen om den løfterike industrialiseringa der spesialisering og effektivisering var det rådande mantra for å auke velferda og betre levekåra. Ein dag gjorde ei maskin jobben for 100 mann i skogen og på havet skrapa trålen botnen under det som ein gong var landets viktigaste distriktsnæring. Jordbruket og bøndene var viktige brikker i moderniseringa av landet. Her transformerte bondekannibalismen mange små til få store, alt under dekke av mantraet; færre, men sterkare. Det baserte seg på ideen om at for å styrke økonomien i jordbruket måtte det bli færre bønder, fyrst då kunne kvar av dei som vart att bli større og produsere meir. Slik skulle det moderne jordbruket byggast.
Les meir

ANNE AUSTREM BUNGER
TORBJØRN TUFTE
Etter avviklingen av målet om 15 prosent økologisk jordbruksareal i 2018, har økologisk grøntproduksjon sakket akterut i tilskuddssystemet under jordbruksavtalene. Både sett opp mot den samlede budsjettrammen og sammenlignet med utviklingen innenfor andre tilskuddsordninger. Dette er en av mange utfordringer for norsk økologisk grøntproduksjon, belyst i rapporten «Sårbarhet for økologisk grøntproduksjoner i Norge – Diffuse politiske mål, passiv politikk og mangelfulle tiltak» fra AgriAnalyse, finansiert med midler fra Landbruksdirektoratet.
Formålet var å kartlegge og drøfte hva og hvordan det kan legges bedre til rette for å opprettholde og øke produksjonen av økologiske frukt, bær og grønnsaker i Norge. Ut fra en spørreundersøkelse identifiseres fire store flaskehalser, som gjør økologisk grøntproduksjon sårbar. Disse er: økologisk driftssystem er tids- og arbeidskrevende; tilskudd for økologisk drift underkompenserer for strengere krav og arbeidsintensitet; markedet og avsetningen er ustabil og lite forutsigbar og den økologiske jordbrukspolitikken og satsningen er mangelfull.
Les meir
BJØRN EGIL FLØ
For those who don’t have Norwegian as their native language, I have had an AI-generated podcast made that summarizes well both the essay itself and the further implications the essay may have. You find the podcast her Elegy of Empty Mountains. The podcast is made in Google Notebook LM
MI REISE FRÅ hus til hus i grendene kring fjellområdet Nordfjella seinhausten 2021, set att i meg som eit elegisk versemål frå antikkens Hellas.

Der såg eg ei sorg så djup som eg knapt før hadde sett. Eg såg godt vaksne menn og kvinner, som hadde tungt for å snakke, eg såg dei leite etter ord og uttrykk som var sterke nok til å skildre det vondet dei bar i seg etter sjokket som råka dei ein vårdag i 2016. Sjeldan har eg vore vitne til ei så sterk kollektiv sorg, sjeldan har eg sett så mange blanke auge og sjeldan har eg vitna ei slik fortviling og eit så djupt vonbrot som då fjellfolk skulle skildre kjenslene dei bar på, meir enn fem år etter at smerta råka dei så hardt.
Les meir
EIRIK MAGNUS FUGLESTAD
Den store sigeren til det norske landbrukssystemet er først og fremst at det produserer billig mat til mange folk. Prisen er fallande berekraft i alle ledd, og på alle vis. Dette systemet bør utfordrast.

«Å, det er berre nokre slike klima-greier som dei har klistra på», seier far min, liketil, og seier ikkje noko meir. Så går me inn med mjølka til kveldsmaten. Me hadde vore i det nye mjølkefjøset vårt, der dei tjuefire mjølkekyrne våre nett har flytta inn. På tanken der mjølka blir lagra mellombels før Tine-bilen kjem og hentar henne til meieriet, var det klistra på ein lapp med: «CO2-klimanøytralt kuldemedium». Utsegna til far min var eit svar på eit spørsmål frå meg om kvifor dette stod på tanken. Han hadde altså ikkje mykje å seia om klimastempelet på mjølketanken vår, far min, og då me sette oss kring kjøkenbordet og drakk mjølka, var det ingen av oss som var uroa over at mjølka truleg har eit klimaavtrykk på 1,2 kg CO2-ekvivalentar pr. kg.
Det hender likevel ofte at eg uroar meg for klimaendringane, og eg tenkjer av og til på korleis det skal gå med gardsbruket vårt i framtida, når eg ein gong tek over, til dømes i 2030. I 2030 skal jordbruket ha kutta 5 millionar tonn CO2-ekvivalentar. Dette vil gjelda særleg gardar som vår gard, med storfe og sau, sidan metan som kjem frå fordøyinga til desse dyra har høg oppvarmingseffekt. I ei verd som står framfor mange vippepunkt, er det mange som meiner at metanutsleppa må ned, og det raskt. Då må også talet på dyr ned. Men det som skjer globalt, er det motsette.
Les meir

BJØRN EGIL FLØ
FRODE FLEMSÆTER
Gjennom heile etterkrigstida har det skjedd ei diversifisering av utmarksbruken. Er tida no inne for nye alliansar?

UTMARK, sjølve ordet vitnar om noko få av oss tenkjer over til dagen. Alle som har prøvd å omsetje utmark til engelsk – eller kva anna språk som helst – har merka at det ikkje let seg omsetje. Til det er utmarka vevd så tett inn til kulturen vår, til historia like som til folkesjela og landskapet, at det ikkje let seg forstå av andre. Kanskje ligg opphavet til dei jamt tidare konfliktane i og om utmarka, i nett denne veven? Og kanskje ber den same veven på spiren åt nye alliansar mellom utmarksbrukarane.
Historisk var det som mark at utmarka var skatta. Den låg der som ei utviding av innmarka åt dei små bruka, som ei kjelde til mat og fiber, anten i form av bær, vilt og fisk eller som fôr åt husdyr som beita i dei rike skogs- og fjellområda gjennom sumarhalvåret. Samstundes forsynte utmarka folket med livsviktig brensel og bygningsmaterial frå skogen så vel som frå torvmyrane.
Då me nordmenn skulle finne oss sjølve etter dansketida, vart utmarka viktig. Fjellandbruket og utmarka vart viktige symbol i bygginga av norskdomen. Då gjekk målarar og skaldar ut av Christiania for å finne det norske. Dei mala og dikta om det dei såg, og skapte ideen om den staute nordmannen, sterkt prega av naturens brutalitet og estetikk. Nordmannen fanst der mellom bakkar og berg, han var like fòrete og vêrbiten som landet, og han drøymde seg attende til fjella og dalane han mintest frå ungdomen. I utlandet vart norske kunstnarar lagt merke til. Deira nasjonalromantiske skildringar fortalte om noko dei meinte å ha mista på kontinentet. Landet vaks fram som noko unikt i europeisk forstand. Her var folket jorda, dei levde av og i naturen. Me var som naturmenneske å rekne, sett frå kontinentet. Og me trudde på det sjølve òg, me meinte naturen gjorde oss både godt og gode.
Les meir
BJØRN EGIL FLØ
Sjølv om den politiske orkestervogna vart lasta med landets tyngste kommentatorelite frå hovudstadens mediehus som villig bles i spinndoktorane sine basunar, var motvinden frå bygdene sterk nok til å hindre at karnevalfølgjet rakk bygrensa før vallokala stengde.

Dei greidde mesta det umoglege, kvinnene som rodde i bunad for fødestover. Saman med aksjonistane som kjempa for å halde liv i lærarutdanninga på Nesna og lenkegjengen på Frøya, Haramsøya og Stadtlandet som slåst i motvind, greidde dei å hente fram att ein distriktspolitisk debatt som i nær 30 år har samla støv inst inne i eit ny-liberalt politisk klesskap.
For brått starta kommentatorane i hovudstadsavisene å skrive om Distrikts-Noreg igjen. Frå å ha vore forvist til dei glansa sidene i avisenes helgebilag, stappa med idylliske middelklasse-skildringar om det gode livet på landet, vart no distriktspolitikken løfta inn på side to i moderavisene. På universiteta og forskeria i instituttsektoren, vart distriktspolitikk på nytt eit aktuelt forskingstema. Der snakka professorane om knusing av bomstasjonar og ramponering av anleggsmaskiner som reidde grunnen for vindmøller og eit påstått grønt skifte, og samanlikna det med franskmenn i gule vestar, Trump veljarar i Amerika og britar som ville ta England ut av EU. Brått var norsk distriktspolitikk blitt ein del av ei internasjonal politisk rørsle med potensial til å truge sjølve grunnlaget for demokratiet, nemleg tillita mellom folket og dei folkevalde.
Les meir
