Arkiv
BJØRN EGIL FLØ Sjølv om den politiske orkestervogna vart lasta med landets tyngste kommentatorelite frå hovudstadens mediehus som villig bles i spinndoktorane sine basunar, var motvinden frå bygdene sterk nok til å hindre at karnevalfølgjet rakk bygrensa før vallokala stengde. Dei greidde mesta det umoglege, kvinnene som rodde i bunad for fødestover. Saman med aksjonistane som kjempa for å halde liv i lærarutdanninga på Nesna og lenkegjengen på Frøya, Haramsøya og Stadtlandet… Les meir
I denne teksta tek eg lesarane med på ei reise gjennom Bygde-Noregs utvikling frå sist på 90-talet og fram til i dag. Eg kvilar meg på røynslene åt folk eg har møtt, folk som har fortalt om gledene og sorgene som følger i kjølvatnet av endringane i Bygde-Noreg.