RURALE REFLEKSJONAR

Arkiv

BJØRN EGIL FLØ Det hekk ein storfeskrott i krana på ein naudslaktbil då eg svinga opp gardsvegen åt bonden eg hadde intervjuavtale med tidleg i vår. Jau da, det skjer dessverre av og til at dyr lyt slaktast på bås. I det eg steig ut av bilen kom bonden mot meg, «Kvast», sa ho og slo ut med armane. Som bondeson forstod eg kva som hadde skjedd. Eg har blitt minna på… Les meir

I denne teksta tek eg lesarane med på ei reise gjennom Bygde-Noregs utvikling frå sist på 90-talet og fram til i dag. Eg kvilar meg på røynslene åt folk eg har møtt, folk som har fortalt om gledene og sorgene som følger i kjølvatnet av endringane i Bygde-Noreg.

BJØRN EGIL FLØ   Dette innlegget er levert som kåseri på den heildigitale konferansen Grønn hyttelab           EG ER INVITERT til å halde eit kåseri for Grøn hyttelab, ein heildigital konferanse som NTNU, Oppdal kommune og  Nasjonalparken Næringshage skal arrangere i dag. Men eg anar ikkje kva eg har der å gjere. Eg kan ikkje forstå kvifor arrangørane har bedt meg om å kåsere om hytter og det… Les meir

  Av Bjørn Egil Flø   Dette er eit svar til Engh og Skrede sitt innlegg i Vikebladet den 23. mars 2019 og delvis også Eldar Stein Flø sitt innlegg i same avis datert 21. mars 2019       Med overskrifta «Fyr her!» varslar styremedlem i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre (DÅS) – Knut Erik Engh (også ordførar i Ulstein kommune) – og hans gode venn og administrerande direktør i same selskap… Les meir

  Av Bjørn Egil Flø             «Har du høyrt det siste då?», sa kompissen min. Eg høyrde han ivra for å fortelje meg noko han trudde ville interessere meg. «No skal dei gjere oss om til fyrtårn her på Flø», sa han i full visse om at akkurat det ville eg ikkje kome til å forstå mykje av. Men etter litt att og fram fekk eg etter… Les meir

  Av Svein-Magne Gjessing         I disse dager opplever vi klima- og miljøproblemene sterkere enn noen gang, men hverken nasjonale eller internasjonale myndigheter tar tak i hovedårsaken. Ifølge Nationen den 18. november, hevder Norsk Landbrukssamvirke og Akershus fylkeskommune, sammen med forskere ved NMBU, at teknologi som robotisering, kunstig intelligens og automatisering kommer til å endre det norske og det globale landbruket. De begrunner det med argumenter som stor kostnadsbesparelse,… Les meir

Dette innlegget er skrive som eit kåseri til Sosiologifestivalen 2017 i Trondheim den 5. Oktober 2017, og bør også lesast som eit kåseri   Av Bjørn Egil Flø         EG FEKK ein e-post her for noko sidan. Hei Bjørn Egil! stod det, med ropeteikn etter namnet mitt, som om eg ikkje berre har starta høyre dårleg, men også lese dårleg. «Jeg traff deg på en bar her i vår»,… Les meir

Av Bjørn Egil Flø Utmarka har gått frå å vere beitemark til å bli representasjonar for den symbolkonsumerande middelklassa sin iherdige projisering av flyktige identitetar. Kiting, hundekøyring og massemønstringar der tusenvis av DN-lesande middelklassemenn ivrar etter å simulere åndeleg slektskap med polarheltane våre, bidreg til å omdefinere utmarka og stiller store krav til forvaltingas handverkarar og utfordrar dei tradisjonelle utmarksnæringane. … Eg var på konferanse her om dagen*. Det var ikkje ein av… Les meir

Av Bjørn Egil Flø       “I like Scandinavia but first I like Norway, it is a different landscape – it is a landscape full of contrasts” (Tysk turist M. 50 +). Det var dette sitatet som fyrst rann oss i hug då dei tre lokale kjenningane spurte oss ”ka finn dokk ut da?” Dei sat i sola framom Rødbrygga i Stokmarknes sentrum å drakk inn helga. Det var vist lett… Les meir

Av Bjørn Egil Flø     Demografisk utvikling kan seiast både å skape og å vere skapt av økonomiske endringar. I takt med ein kraftig reduksjon i arbeidsstyrken innan primærnæringane har også primærnæringane sin tradisjonelle dominans vorte svekka både nasjonalt og lokalt. Likt med denne svekkinga skjer det også eit gradvis skifte i korleis me aksentuerar det rurale og landskapet i det rurale. Frå nærast utelukkande å ha vore eit produksjonslandskap er… Les meir