kvast

BJØRN EGIL FLØ






Det hekk ein storfeskrott i krana på ein naudslaktbil då eg svinga opp gardsvegen åt bonden eg hadde intervjuavtale med tidleg i vår. Jau da, det skjer dessverre av og til at dyr lyt slaktast på bås.

Det skjer dessverre av og til at dyr lyt slaktast på bås

I det eg steig ut av bilen kom bonden mot meg, «Kvast», sa ho og slo ut med armane. Som bondeson forstod eg kva som hadde skjedd. Eg har blitt minna på fara for kvast i heile oppveksten. Alt i ungdomsåra, då eg vart sett til å gå opp gjerda etter vinteren, har far min formana meg om kvast. Med lomma full av spikar, ein kveil ståltråd over skuldrane og ein hammar i nevane så gjekk mantraet konstant i skallen. «Ikkje ein spikar, sjølv ikkje ein liten bit ståltråd, skal slengast i graset». Så eg veit godt at kvasse gjenstandar i fôret åt drøvtyggarar kan punktere nettmagen og endatil gå gjennom mellomgolvet og medføre ei pinsle utan sidestykke.

Sjølv slapp eg å sjå at dyr heime laut slaktast på bås grunna kvast. Men for bonden eg møtte denne vårdagen har det vorte eit aukande problem. Tre gongar dei siste ni åra har ho opplevd at dyra har ete i seg kvast. To gongar har dei blitt berga ved operasjon, men denne dagen gjekk det gale «Det har kome etter at driftsvegen vår her har blitt så populær som utfartsområde, kommunen har til og med teke den inn som del av ‘tur-løype-nettet’».

Driftsvegen ho snakkar om svingar seg nordover gjennom eit vakkert helgelandslandskap med sjø og sandstrender på venstre hand og eit velpleidd kulturlandskap innanfor. Det var aldri noko problem før, fortel kvinna «Men dei siste ti åra har me starta oppleve at folk tek seg meir til rette enn folk før dei».

Ho fortel om telting midt på beitestykka, om folk som samlar seg til grilling og fest, og om grinder som vert ståande opne. Ho fortel om bilar parkert slik at ein ikkje kjem forbi med traktor og utstyr, og om laushundar. Og til sist fortel ho om kvast, før ho legg til; «Me kan tole mykje, men ikkje det».

…dei siste åra har me starta oppleve at folk tek seg meir til rette enn folk før dei

Ho fortel om bilar parkert slik at ein ikkje kjem forbi med traktor og utstyr

Forteljinga åt mjølkebonden på Helgelandskysten fell seg godt saman med forteljingar eg jamt oftare høyrer kring om i landet. Tilfeldig besøkande, langvegsfarande turistar så vel som folk frå kommunesenteret på dagsturar, gjer det vanskeleg å drive aktivt gardsdrift. «Fritidsøkonomien trumfar alt», sa ein bonde frå Stryn, «kommunen er så kåt på reiseliv at dei ikkje bryr seg i oss». Det same inntrykket hadde kvinna frå Helgeland. Ho og fleire andre frå bygda har lenge prøvd å få kommunen med på å finne løysingar som kan reduserer ulempene for gardbrukarane. Men ho opplever at «…landbruket vert sett på som ei uinteressant næring», samanlikna med eit framsnakka reiseliv.

…kommunen er så kåt på reiseliv at dei ikkje bryr seg i oss.

Landbruket taper til fordel for slike som meg – og truleg slike som deg òg – sin attrå etter ‘leikeplassar’ der me kan leve ut vår lettlevde fritid utan at me korkje ser eller interesserer oss for ulempene det fører med seg for dei som pleier landskapet me konsumerer. For me veit ikkje kva kvast er, me forstår ikkje kvifor grindene skal vere att sjølv om me ikkje ser krøter i nærleiken, me trur bikkjene våre er snille og tykkjer det er romantisk å telte midt i eit blomstrande kulturbeite.

Jamt fleire av oss veit ikkje kva ei tom brusboks i graset kan føre med seg av pinsler

Forståinga for kva eit jordbrukslandskap er og korleis jordbruk vert utøvd er svakare enn nokon gong før. Det einaste me veit er at me har ein allemannsrett, og den retten dreg me opp av kortstokken som ein joker kvar gong me vert irettesett. Og sjølve har me slutta å irettesette kvarandre, til det er me altfor sosial-liberale. Kvar skal få gjere som ein sjølv vil, meiner me og legg oss ikkje borti kva andre gjer. Derfor er det bøndene aleine som må ta jobben med å korrigere vår åtferd.

Bjørn Egil Flø

Innlegget er tidlegare publisert i Klassekampen den 9. juli 2021

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s