Arkiv
BJØRN EGIL FLØ FRODE FLEMSÆTER Gjennom heile etterkrigstida har det skjedd ei diversifisering av utmarksbruken. Er tida no inne for nye alliansar? UTMARK, sjølve ordet vitnar om noko få av oss tenkjer over til dagen. Alle som har prøvd å omsetje utmark til engelsk – eller kva anna språk som helst – har merka at det ikkje let seg omsetje. Til det er utmarka vevd så tett inn til kulturen vår, til… Les meir
BJØRN EGIL FLØ Sjølv om den politiske orkestervogna vart lasta med landets tyngste kommentatorelite frå hovudstadens mediehus som villig bles i spinndoktorane sine basunar, var motvinden frå bygdene sterk nok til å hindre at karnevalfølgjet rakk bygrensa før vallokala stengde. Dei greidde mesta det umoglege, kvinnene som rodde i bunad for fødestover. Saman med aksjonistane som kjempa for å halde liv i lærarutdanninga på Nesna og lenkegjengen på Frøya, Haramsøya og Stadtlandet… Les meir
BJØRN EGIL FLØ Det hekk ein storfeskrott i krana på ein naudslaktbil då eg svinga opp gardsvegen åt bonden eg hadde intervjuavtale med tidleg i vår. Jau da, det skjer dessverre av og til at dyr lyt slaktast på bås. I det eg steig ut av bilen kom bonden mot meg, «Kvast», sa ho og slo ut med armane. Som bondeson forstod eg kva som hadde skjedd. Eg har blitt minna på… Les meir
Av Bjørn Egil Flø Bokmelding Hjelseth, Arve og Aksel Tjora (2020): Innspill og utspill. Samfunnsviteren som samfunnskritiker. Universitetsforlaget, Oslo. To av dei mest utåtvende sosiologane ved Institutt for sosiologi og statsvitskap ved NTNU – Arve Hjelseth og Aksel Tjora – har skrive bok saman, ei bok om nett det å vere offentlege sosiologar. Før eg seier meir om boka, lat meg få lov å starte… Les meir
Av Sæbjørn Forberg Bygdeallmenningane forvaltar og skaper store verdiar. Kvart år tilfører bygdeallmenningane jordbruket verdiar for 40 millionar kroner i form av virkesrabattar og tilskot. Beite for 10 000 storfe og 70 000 sauer kjem i tillegg. Det same gjer verdien av lokal tilrettelegging for jakt, fiske og friluftsliv. Årleg dreier dette seg om minst 5 millionar kroner. Dette er tal frå ei spørjeundersøking til medlemmane av… Les meir
Av Bjørn Egil Flø Eg vart spurt om å vere med på ein debatt på det politiske sirkuset i Arendal her hin dagen. «Hva kan byene lære av bygda?», var temaet. I omtala av programposten kunne ein lese at; «Noen ganger kan det virke som om all omstilling til lavutslippssamfunnet skjer i byene». Ja, eg trur mange deler den observasjonen. Sett frå bygde-Noreg sin ståstad kan det… Les meir
Av Bjørn Egil Flø Svært få har sett føre seg at dette skulle kome. Med få unnatak har korkje samfunnsforskarane eller kommentatorane – dei som liksom skal vere betalt for nettopp å sjå slikt – evna å sjå føre seg at moderniseringa– for ikkje å seie «den økologiske moderniseringa» av Noreg, skulle verte møtt med slik ei motstand. For det er det motstanda handlar om, eller rettare; den… Les meir
Av Rose Bergslid og Bjørn Egil Flø Det ligg mykje god jord unytta, kring om i grendene. Du skal ikkje køyre lenge etter bygdevegane før du ser fyrsteklasses matjord låst fast mellom bergknattar og gamle bytesteinar åt tidlegare så veldrivne småbruk. Du vil sjå gamle kulturbeiter der næringsrike og smaklege urter har levd i symbiose med folk og fe i tusenvis av år, men som… Les meir
Av Bjørn Egil Flø Dette er eit svar til Engh og Skrede sitt innlegg i Vikebladet den 23. mars 2019 og delvis også Eldar Stein Flø sitt innlegg i same avis datert 21. mars 2019 Med overskrifta «Fyr her!» varslar styremedlem i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre (DÅS) – Knut Erik Engh (også ordførar i Ulstein kommune) – og hans gode venn og administrerande direktør i same selskap… Les meir
Av Bjørn Egil Flø «Har du høyrt det siste då?», sa kompissen min. Eg høyrde han ivra for å fortelje meg noko han trudde ville interessere meg. «No skal dei gjere oss om til fyrtårn her på Flø», sa han i full visse om at akkurat det ville eg ikkje kome til å forstå mykje av. Men etter litt att og fram fekk eg etter… Les meir