Arkiv
BJØRN EGIL FLØ Dette innlegget er levert som kåseri på den heildigitale konferansen Grønn hyttelab EG ER INVITERT til å halde eit kåseri for Grøn hyttelab, ein heildigital konferanse som NTNU, Oppdal kommune og Nasjonalparken Næringshage skal arrangere i dag. Men eg anar ikkje kva eg har der å gjere. Eg kan ikkje forstå kvifor arrangørane har bedt meg om å kåsere om hytter og det… Les meir
Av Sæbjørn Forberg Bygdeallmenningane forvaltar og skaper store verdiar. Kvart år tilfører bygdeallmenningane jordbruket verdiar for 40 millionar kroner i form av virkesrabattar og tilskot. Beite for 10 000 storfe og 70 000 sauer kjem i tillegg. Det same gjer verdien av lokal tilrettelegging for jakt, fiske og friluftsliv. Årleg dreier dette seg om minst 5 millionar kroner. Dette er tal frå ei spørjeundersøking til medlemmane av… Les meir
Av Bjørn Egil Flø Bygdene er i opprør, seiest det. I alle kanalar og i alle spalter ropar dei om at det er eit distriktsopprør på gang. Sjølv har eg sett det lenge, eg har høyrt misnøya kringom der bygdefolk møtest, og eg har prøvd å forstå kva som uroar bygdefolket så kraftig. DET VAR like før jul då han ringde meg. Eg fekk ikkje med meg namnet med… Les meir
Av Bjørn Egil Flø «EG SKAL HALDE eit avsluttande innlegget på NIBIO-konferansen i år», sa eg med bror min. «Javel, kva slags konferanse er det då?», spurte han, utan å gi meg noko nemneverdig kred for det ærefulle oppdraget. «Mat, miljø og moglegheiter, er liksom den tittelen dei har gitt sjølve konferansen», sa eg utan at eg eigentleg trudde det ville vere noko særleg svar på spørsmålet hans. «Åh, ja er… Les meir
Av Bjørn Egil Flø Dei kappast om å vere mest mogleg optimistiske og engasjerte, politikarane, statsrådane og leiarane for dei viktigaste naturvitskaplege og teknologiske forskingsmiljøa våre. Dei nærast hoppar av begeistring ved talarstolane om dagen, og alle snakkar dei om moglegheitene som ligg i den nye bioøkonomien. For det er vist ikkje måte på kva opningar det sokalla grøne skiftet gir for jordbruket, fiskeriet, skogbruket og alle dei biobaserte… Les meir