hyttetenketankar

BJØRN EGIL FLØ

 

Dette innlegget er levert som kåseri på den heildigitale konferansen Grønn hyttelab

 

 

 

 

 

EG ER INVITERT til å halde eit kåseri for Grøn hyttelab, ein heildigital konferanse som NTNU, Oppdal kommune og  Nasjonalparken Næringshage skal arrangere i dag. Men eg anar ikkje kva eg har der å gjere. Eg kan ikkje forstå kvifor arrangørane har bedt meg om å kåsere om hytter og det moderne hyttelivet.

Altså, eg meiner …. eg er ein puritanar, eg er ein slik som meiner at hytter skal vere primitive og tungvinte stadar der ein kjem i kontakt med seg sjølv. Utan innlagt vatten og med vonde briskar og vedovnar som lek sur røyk frå våt ved. Då er eg liksom lukkeleg, i alle fall for eit døgn eller to…. Men så startar det røyne på… På morgonen det tredje døgnet vaknar eg og kjenner at no er eg restituert nok til å på nytt ta steget inn i sivilisasjonen og menge meg med alle dei tilpassa liva på cafe med c.

Så eigentleg bør ikkje eg snakke om det moderne hyttelivet – fritids-bustad-livet – livet i andre-heimane. Og slett ikkje på ein konferanse som søkjer å «dekke etterspurnaden av fritidsbustadar», slik det står i programmet. I tillegg ønskjer dei vist også å «sikre både sosial berekraft, heilheitleg arealforvalting og ein klimavennleg fritidsøkonomi», men altså … hallo! …. Trur me på det? Eller er det berre førebuing av ei nytale og ei grønvasking av noko alle veit eigentleg er svart?

hytte som symptom

Men fyrst, kva er det med dette moderne andreheims-fenomenet som gjer at eg ikkje heilt greier å like det? For det er ikkje berre det at brisken er erstatta av ein mjuk sofa og at det er vatten i springen, det er noko meir og noko større.

Samstundes meiner eg å sjå at eg etter kvart også deler denne skepsisen med jamt fleire. Stadig fleire startar verte skeptiske til hytteutviklinga, og for mange har skepsisen gått over til skråsikker motstand.

eg er redd hyttene er meir som eit symptom å rekne

For ei tid tilbake vart eg invitert til eit uformelt møte på ein knøttliten bar i Oslo; Ja, det startar verte snart halvanna år sidan no – det var i dei dagar då spriten fyrst og fremst vart nytta som drikke – at eg vart invitert til eit møte om hytteproblemet. Ja, det var det det stod i invitasjonen som eg fekk på SMS; hytteproblemet, for det var slik dei såg det.

Me bygg stadig fleire og stadig større hytter i fjellet

Initiativtakaren, som nærast kan kallast ein nasjonal strateg for ei særskild friluftsinteresse, starta dette uformelle møtet med å fortelje oss at «Me har snart ein halv million hytter no», før han la fram ei utskrift frå SSB som synte oss at i 1983 vart det bygd 1600 nye hytter med ein gjennomsnittleg storleik på 62 m2 og at det i dag – dryge 35 år seinare – vert bygd over 6500 hytter som i snitt er nesten 90 m2. Han hadde kalla saman ei gruppe sentrale folk frå fire av dei største miljøorganisasjonane våre, som alle var tilsynelatande samde om at hytter var eit problem.

Kvifor eg var kalla inn til dette møtet er eg usikker på. For som bygdeforskar må eg innrømme at sjølvsagt kan eg sjå «hytteproblemet», men eg er redd hyttene er meir som eit symptom å rekne, eit symptom på eit problem som er langt større enn einast hyttene og hyttefelta aleine.

uroa

Altså eg meiner, sjølvsagt er eg uroa for den aktive nedbygginga av utmarka vår og den utviklinga me ser i den norske hyttekulturen. Eg er uroa for forsterkinga av det kulturelle klasseskiljet det skaper når den norske øvre middelklassa flokkar seg i desse monokulturelle byggefelta sine i ein lettlevd rural idyll der dei skjermar seg frå samfunnets røyndomar kvar einaste langhelg og ferier.

Dei set i ein, to og somtid tre heimar og fortel oss at fjellbøndene må slutte med sau, for den er vist ein klimaversting

Eg er uroa for korleis det endrar den sosiale balansen i bygdesamfunna våre når ein flokk ressurssterke elitistar breier seg utover bjørkebelta i dalsidene kringom fjellbygdene våre og bokstaveleg talt ser ned på dei lokale som kjempar sine kvardagskampar i dalbotnen.

Eg er uroa for korleis den aukande heilårsaktiviteten langs etter løype- og sti-netta, som veks på seg kilometervis for kvart år, er med på å krympe leveområda for både tam- og vill-rein og anna som treng langt meir plass en knapt nokon anar.

Eg er uroa for ein ressursbruk hinsides all fornuft når jamt fleire skal halde seg med to og somtid tre heimar som alle er større og meir velutrusta enn nokon heim for berre få år tilbake i tid.

Eg er uroa for kva det gjer med oss at det ofte er dei same folka, dei som held seg med både ein og to andreheimar, som fortel oss at på grunn av klimaet bør fjellbøndene slutte å halde seg med sau. For sauen er nemleg drøvtyggar og derfor også ein klimaversting.

Eg er uroa for kva som skjer i grendene når einskild grunneigarar ikkje lenger ser verdien av at dei grøderike beita langs dalsidene skal delast med grannane som har valt å halde fram som matprodusentar. Og som dermed stenger av beita og hankar inn privatprofitt frå hytteutvikling som einast finansierer eige eskalerande forbruk.

Men den største uroa mi kvilar likevel på; kva er alternativet? Kva alternativ har dei typiske fjellbygdene våre, som kan gjere hytteutbygging overflødig?

kva er alternativet?

For einsidig å stogge all framtidig hyttebygging er ikkje ei løysing aleine. Det trengst noko meir, det trengst noko i tillegg til berre å stogge hytteutviklinga. Noko som kan representere eit alternativ for fjellkommunane, noko som kan bidra til at folk på Oppdal, Geilo, Hovden, Bjorli, Trysil og «you name it», som det heiter, kan henge med i den sosiale velstandsutviklinga som folket i Oslo så vel som i Stavanger, Trondheim og Bergen opplever.

hyttekommunane treng ikkje fleire flanerande helgeturistar i batteribilar på steroida, dei treng bufaste.

Men i den ny-liberale tidsorden så kjem ikkje slike tillegg nokon stad i frå. I den ny-liberale tidsorden lyt hyttekommunane sjølve finne tillegget, dei må sjølve finne ut korleis dei skal sikre framtida for seg sjølv så vel som for komande generasjonar, utan å fortære grunnressursen.

Personleg kjenner eg meg viss på at å ha som mål å dekke dei urbane middelaldrande-øvre middelklasse-familianes attrå etter fritidsbustadar i desse monokulturelle hytte-landsby-gettoane i bjørkebeltet, det er ikkje vegen å gå.

Eg er redd svært mange av dei mest kjende hyttekommunane våre ikkje treng fleire flanerande helgeturistar i batteribilar på steroida, dei treng ikkje fleire tilfeldig besøkande med solbriller på, derimot treng dei bufaste.

Men så lenge me spring etter dei tjukkaste lommebøkene og flagrar med fargerike hytteprospekt i nevane så veks hyttegettoane og heimebygdene vert jamt meir framand for dei som ein gong treivst så godt her.

Derfor ser eg fram til å følgje desse tre etappane av Grønn hyttelab, eg ser fram til å høyre nye tankar som kan gi inspirasjon til ny praksis. Eg ser fram til at nokon kan fortelje meg; kva alternativet er.

Bjørn Egil Flø

Innlegget er tidlegare publisert i Nationen den 26. april 2021

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s