eit innspel til eit utspel

Av Bjørn Egil Flø
Bokmelding
Hjelseth, Arve og Aksel Tjora (2020): Innspill og utspill. Samfunnsviteren som samfunnskritiker. Universitetsforlaget, Oslo.

To av dei mest utåtvende sosiologane ved Institutt for sosiologi og statsvitskap ved NTNU – Arve Hjelseth og Aksel Tjora – har skrive bok saman, ei bok om nett det å vere offentlege sosiologar.
Før eg seier meir om boka, lat meg få lov å starte litt personleg og fortelje om mitt liv før akademia. For eg starta seint på universitetet. Fyrst etter nokre år i eit pølsemakeri, litt betongarbeid, nokre turar til sjøs og ei lengre læretid til skipselektrikar, enda eg opp på universitetet. I alle desse åra var eg relativt engasjert i ulike samfunnsspørsmål. Eg las aviser, høyrde dei langdryge debattprogramma på radio og deltok i den lokale og tildels regionale samfunnsdebatten. Heile tida fri for alt av partipolitisk tilknyting og berre sjeldan som representant for ei særskild interessegruppe. Eg var med andre ord fri for alle bindingar, men også aleine og utan nokon å støtte meg på når meiningar og synspunkt trong brynast.
Alle desse åra var dei ytringsvillige akademikarane viktige støttepunkt og kjelder for utviklinga av eigne tankar og meiningar om samfunnet og samfunnsutviklinga. Særleg hugsar eg Ottar Brox, kanskje grunna at temaa han tok opp ofte var særskilt relevante for ein ung industriarbeidar i Distrikts-Noreg, men truleg også for at han formulerte seg så klart og godt utan å undervurdere lesaren sin evne til å forstå komplekse tankerekkjer. Sameleis hugsar eg Dag Østerberg, Gudmund Hernes og Berit Ås. Rett nok kunne Østerberg vere vanskelig å følgje av og til, men likevel lett å like. Han lærte meg at ting kan vere viktig sjølv om eg ikkje enno har forstått det. Hernes derimot, han var det lettare å forstå, men kanskje meir utfordrande å like. Til gjengjeld skreiv han så godt at eg ikkje klarte å la vere å lese han. Vidare lærte Berit Ås meg å sjå sosiale strukturar som eg før ikkje viste om. Også den då unge studenten Thomas Hylland Eriksen hugsar eg godt; hans evne til å omsette sine tankar rundt etnisitet på Mauritius og gjere det relevant for den samtidige debatten her heime var fasinerande å følge. Alle desse og fleire til, har vore med på å forme mitt – og truleg mange andre sitt – samfunnsengasjement, utan at me trong ta steget inn i førelesingssalane på universitetet. Dei tok akademia ut til oss, og me opplevde det som ei anerkjenning. Dei tok oss seriøst, dei engasjerte seg i vår verden og innlemma oss i sin. Dei gjorde oss jambyrdige, og me svara med å tru på dei så vel som på deira kollegaer; me svara med å syne dei tillit.
Dei tok oss seriøst, dei engasjerte seg i vår verden og innlemma oss i sin. Dei gjorde oss jambyrdige, og me svara med å tru på dei
Slik eg les Hjelseth og Tjora si bok – i alle fall fyrste del av den – så er også prosjektet deira å syne fram samfunnsfaget og særleg sosiologien sin relevans for den offentlege kunnskap og debatt, samt å argumentere for at me treng meir offentleg sosiologi. Eg har ingen vanskar med å vere samd med dei i det. For meg – både i dag like som for tretti til førti år attende i tid – er og var desse ytringsvillige samfunnsvitarane viktige kjelder til å tolke og forstå samfunnet kring meg.
Forfattarane tek utgangspunkt i Michael Burawoy sin Presidential Adress til den amerikanske sosiologiforeininga i 2004 (også publisert i American Sociological Review året etter). Der argumenterer Burawoy for å bringe den offentlige sosiologien attende til kjernen i sosiologifaget. Det er ikkje vanskeleg å sjå at Hjelseth og Tjora deler Burawoy sin ambisjon. For den som kjenner desse to knektane, kan også boka lesast som eit argument for eigen praksis. For me snakkar her om to svært offentlege sosiologar; villig deler dei sine tankar, meiningar og perspektiv med eit breitt lag av folket gjennom ei rekkje intervju i aviser, radio og fjernsyn og ikkje minst gjennom sine tallause kronikkar.
Den fyrste tredjedelen av boka nyttar forfattarane til å greie ut om samfunnsvitskapen og særleg sosiologiens rolle i samfunnet. Denne delen kan kanskje lesast som eit argument for ein meir offentleg sosiologi. Men samstundes er denne delen også det som står fram som mest interessant, og personleg kunne eg ønska at dei gjekk djupare her. Likevel er kanskje nett den djupna dei har lagt seg på, akkurat djupt nok til at det stimulerer til lesarens refleksjonar kring eiga grad av offentlegheit.
Sist i den fyrste tredjedelen argumenterer dei for kvifor dei vel å konsentrere seg om kronikken i denne boka. Det er ein veleigna sjanger for å formulere seg på eigne premissar, hevdar dei. Kronikken gir forfattaren god plass – rett nok litt mindre i dag enn for 15–20 år sidan, men framleis rom nok til å kunne målbere kompliserte argument. Den har enno ein sentral plass i norske aviser, og sjølv om dei fleste har valt å flytte den lengre att i avisa i dag, vert kronikkane framleis mykje lest.
I dei siste to tredjedelane av boka går forfattarane systematisk igjennom konkrete kronikkar som dei har sortert i fem ulike kategoriar: om dei 1) formidlar eller annonserer forsking, om dei 2) analyserer eit samfunnsforhold eller -fenomen, om dei 3) åtvarar mot noko, om dei 4) freistar å roe ned ei utbreitt uro, eller om dei 5) forsvarar eit særskilt perspektiv som møter offentleg motstand. Kategoriane er gode, og kronikkane som dei nyttar innanfor kvar av kategoriane, fungerer også fint som dømer. Likevel er dette den minst interessante delen av denne interessante boka. Kanskje skuldast det at forfattarane nyttar einast eigne kronikkar, eg meiner; det vert litt mykje Hjelseth og Tjora. Kanskje kunne eg ønskt meg at dei hadde valt ut kronikkar skrivne av andre, kanskje kunne eg ønskt at me fekk eit vidare spekter av språk og skrivestilar, og kanskje kunne også språk og stil fått ein større del i analysane av kronikkane? Eg veit ikkje, men eg lyt vere ærleg å innrømme at denne delen av boka kjeda meg litt. Ikkje for det, både Hjelseth og Tjora skriv knakande gode kronikkar, men dei hadde også ein så god fyrste tredjedel at overgangen til den siste delen ikkje greidde å fenge meg like godt. Sett frå ei anna side, tenkjer eg at nett det å nytte eigne kronikkar, nett det å halde seg strikt til tekstar dei kjenner godt og også veit kva som motiverte dei til å skrive teksta i fyrste omgang, er eit poeng i analysane av kronikkane. Og slik sett er nok det pedagogiske grepet rett, sjølv om det altså kjeda meg aldri så lite. At forfattarane har ein pedagogisk ambisjon, er klart. Særleg vert det tydeleg i det korte og konkrete kapittel 9 der dei listar opp «Ti råd til kronikkskrivere». Boka vil heilt opplagt fungere som ei kursbok for alle dei som har gjort det mesta til eit levebrød å reise frå forskeri til forskeri for å lære (eller kanskje like mykje motivere) oss forskarane til å skrive kronikkar.
… det vert litt mykje Hjelseth og Tjora.
Viktigast likevel er den fyrste delen av boka. Dei fyrste 50 sidene aleine er verdt prisen, men her kunne eg altså ønskt meg at forfattarane gjekk djupare, at dei gjorde meir utav drøftingane og reflekterte vidare kring dei strukturane som omgir oss forskarar i dag. Eg kunne også ønskt meg at dei spant nokre tankar kring korleis me som «ekspertar» ter oss i offentlegheita. Om me inkluderer eller ekskluderer dei som ikkje har trakka ned dørstokkane i dei akademiske korridorane? Om me tek folk nok på alvor? Om me bygger tru framfor mistru? Sjølv har eg ei sterk kjensle av at ein jamt større del av forskarkronikkane i dag handlar om å kunne krysse av boksa for lova populærpublikasjonar i prosjektsøknadane. Og jamt oftare finn eg kronikkar som fortel at «me har fått eit forskingsprosjekt», før det tre år seinare kjem ein som fortel «me har gjort eit forskingsprosjekt» (altså kategori 1 av Hjelset og Tjora sine kronikkar). Og få av desse kronikkane er så gode som dei Hjelset og Tjora hentar fram frå sine arkiv, dei fleste inviterer lite til dialog mellom forskaren og dei som ein gong var folk flest. Lite yter det til ein industriarbeidar på Vestlandet, ein fiskar på Vestfinnmarka eller ein elektromontør i Nord-Østerdalen som ønskjer å utvide eigne perspektiv om samfunnet og samfunnsutviklinga. Lite yter det til demokratiseringa og utjamning av makt. Om nokon kan ta leiarskap og inspirere til utvikinga av ein god og sunn offentleg sosiologi, så er det nettopp Hjelseth og Tjora, og boka «Innspill og utspill» er ein god start.
Teksta er også publisert i Norsk sosiologisk tidsskrift 06/2020