Odelsson i kapitalocen

EIRIK MAGNUS FUGLESTAD

Den store sigeren til det norske landbrukssystemet er først og fremst at det produserer billig mat til mange folk. Prisen er fallande berekraft i alle ledd, og på alle vis. Dette systemet bør utfordrast.


«Å, det er berre nokre slike klima-greier som dei har klistra på», seier far min, liketil, og seier ikkje noko meir. Så går me inn med mjølka til kveldsmaten. Me hadde vore i det nye mjølkefjøset vårt, der dei tjuefire mjølkekyrne våre nett har flytta inn. På tanken der mjølka blir lagra mellombels før Tine-bilen kjem og hentar henne til meieriet, var det klistra på ein lapp med: «CO2-klimanøytralt kuldemedium». Utsegna til far min var eit svar på eit spørsmål frå meg om kvifor dette stod på tanken. Han hadde altså ikkje mykje å seia om klimastempelet på mjølketanken vår, far min, og då me sette oss kring kjøkenbordet og drakk mjølka, var det ingen av oss som var uroa over at mjølka truleg har eit klimaavtrykk på 1,2 kg CO2-ekvivalentar pr. kg.

Det hender likevel ofte at eg uroar meg for klimaendringane, og eg tenkjer av og til på korleis det skal gå med gardsbruket vårt i framtida, når eg ein gong tek over, til dømes i 2030. I 2030 skal jordbruket ha kutta 5 millionar tonn CO2-ekvivalentar. Dette vil gjelda særleg gardar som vår gard, med storfe og sau, sidan metan som kjem frå fordøyinga til desse dyra har høg oppvarmingseffekt. I ei verd som står framfor mange vippepunkt, er det mange som meiner at metanutsleppa må ned, og det raskt. Då må også talet på dyr ned. Men det som skjer globalt, er det motsette.

Les meir

BJØRN EGIL FLØ

FRODE FLEMSÆTER

Gjennom heile etterkrigstida har det skjedd ei diversifisering av utmarksbruken. Er tida no inne for nye alliansar?

Denne teksta tek utgangspunkt i boka Utmark i endring som nyleg kom ut på Cappelen Damm Akademisk, boka kan lesast og lastast ned gratis her: Utmark i endring

UTMARK, sjølve ordet vitnar om noko få av oss tenkjer over til dagen. Alle som har prøvd å omsetje utmark til engelsk – eller kva anna språk som helst – har merka at det ikkje let seg omsetje. Til det er utmarka vevd så tett inn til kulturen vår, til historia like som til folkesjela og landskapet, at det ikkje let seg forstå av andre. Kanskje ligg opphavet til dei jamt tidare konfliktane i og om utmarka, i nett denne veven? Og kanskje ber den same veven på spiren åt nye alliansar mellom utmarksbrukarane. 

Historisk var det som mark at utmarka var skatta. Den låg der som ei utviding av innmarka åt dei små bruka, som ei kjelde til mat og fiber, anten i form av bær, vilt og fisk eller som fôr åt husdyr som beita i dei rike skogs- og fjellområda gjennom sumarhalvåret. Samstundes forsynte utmarka folket med livsviktig brensel og bygningsmaterial frå skogen så vel som frå torvmyrane. 

Då me nordmenn skulle finne oss sjølve etter dansketida, vart utmarka viktig. Fjellandbruket og utmarka vart viktige symbol i bygginga av norskdomen. Då gjekk målarar og skaldar ut av Christiania for å finne det norske. Dei mala og dikta om det dei såg, og skapte ideen om den staute nordmannen, sterkt prega av naturens brutalitet og estetikk. Nordmannen fanst der mellom bakkar og berg, han var like fòrete og vêrbiten som landet, og han drøymde seg attende til fjella og dalane han mintest frå ungdomen. I utlandet vart norske kunstnarar lagt merke til. Deira nasjonalromantiske skildringar fortalte om noko dei meinte å ha mista på kontinentet. Landet vaks fram som noko unikt i europeisk forstand. Her var folket jorda, dei levde av og i naturen. Me var som naturmenneske å rekne, sett frå kontinentet. Og me trudde på det sjølve òg, me meinte naturen gjorde oss både godt og gode. 

Les meir

orkestervogna rakk ikkje bygrensa

BJØRN EGIL FLØ






Sjølv om den politiske orkestervogna vart lasta med landets tyngste kommentatorelite frå hovudstadens mediehus som villig bles i spinndoktorane sine basunar, var motvinden frå bygdene sterk nok til å hindre at karnevalfølgjet rakk bygrensa før vallokala stengde.

Opprørarane henta fram ein distriktspolitisk debatt som i over 30 år hadde samla støv inst inne i eit nyliberalt politisk klesskap.

Dei greidde mesta det umoglege, kvinnene som rodde i bunad for fødestover. Saman med aksjonistane som kjempa for å halde liv i lærarutdanninga på Nesna og lenkegjengen på Frøya, Haramsøya og Stadtlandet som slåst i motvind, greidde dei å hente fram att ein distriktspolitisk debatt som i nær 30 år har samla støv inst inne i eit ny-liberalt politisk klesskap.

For brått starta kommentatorane i hovudstadsavisene å skrive om Distrikts-Noreg igjen. Frå å ha vore forvist til dei glansa sidene i avisenes helgebilag, stappa med idylliske middelklasse-skildringar om det gode livet på landet, vart no distriktspolitikken løfta inn på side to i moderavisene. På universiteta og forskeria i instituttsektoren, vart distriktspolitikk på nytt eit aktuelt forskingstema. Der snakka professorane om knusing av bomstasjonar og ramponering av anleggsmaskiner som reidde grunnen for vindmøller og eit påstått grønt skifte, og samanlikna det med franskmenn i gule vestar, Trump veljarar i Amerika og britar som ville ta England ut av EU. Brått var norsk distriktspolitikk blitt ein del av ei internasjonal politisk rørsle med potensial til å truge sjølve grunnlaget for demokratiet, nemleg tillita mellom folket og dei folkevalde.

Les meir

kvast

BJØRN EGIL FLØ






Det hekk ein storfeskrott i krana på ein naudslaktbil då eg svinga opp gardsvegen åt bonden eg hadde intervjuavtale med tidleg i vår. Jau da, det skjer dessverre av og til at dyr lyt slaktast på bås.

Det skjer dessverre av og til at dyr lyt slaktast på bås

I det eg steig ut av bilen kom bonden mot meg, «Kvast», sa ho og slo ut med armane. Som bondeson forstod eg kva som hadde skjedd. Eg har blitt minna på fara for kvast i heile oppveksten. Alt i ungdomsåra, då eg vart sett til å gå opp gjerda etter vinteren, har far min formana meg om kvast. Med lomma full av spikar, ein kveil ståltråd over skuldrane og ein hammar i nevane så gjekk mantraet konstant i skallen. «Ikkje ein spikar, sjølv ikkje ein liten bit ståltråd, skal slengast i graset». Så eg veit godt at kvasse gjenstandar i fôret åt drøvtyggarar kan punktere nettmagen og endatil gå gjennom mellomgolvet og medføre ei pinsle utan sidestykke.

Sjølv slapp eg å sjå at dyr heime laut slaktast på bås grunna kvast. Men for bonden eg møtte denne vårdagen har det vorte eit aukande problem. Tre gongar dei siste ni åra har ho opplevd at dyra har ete i seg kvast. To gongar har dei blitt berga ved operasjon, men denne dagen gjekk det gale «Det har kome etter at driftsvegen vår her har blitt så populær som utfartsområde, kommunen har til og med teke den inn som del av ‘tur-løype-nettet’».

Les meir

bygda som vare

BJØRN EGIL FLØ

Denne teksta er ei langlesing. Den er publisert som ein vitskapleg fagfellevurdert artikkel i tidsskriftet ARR nr 1 2021. Vanlegvis legg eg ikkje denne typen tekstar på bloggen, dei er ofte krunglete og tunglest og gir sjeldan gode leseopplevingar. Denne gongen har eg valt å gjere eit unnatak då eg meiner denne teksta er nærare i slekt med essay-sjangeren og dermed også meir tilgjengeleg for lesarar som ikkje har forlese seg på sosiologisk faglitteratur.

For den som føretrekker å lese denne teksta på papir er mitt råd å kjøpe siste nummer av ARR og lese både denne og ei rekkje andre tekstar om temaet «bygda».


                       

I LØPET AV dei 20 – 30 siste åra har dei norske bygdene og den norske ruraliteten endra seg raskt og mykje. Sjølv har eg vitja mange lokalsamfunn og snakka med folk kring om i det meste av landet opp gjennom åra, fyrst som ein heilt vanleg ung mann som berre var glad i å sjå meg om og seinare som bygdesosiolog og bygdeforskar. Men det tok lang tid før eg evna å sjå endringane sin eigentlege natur. Det tok tid før eg registrerte kva desse endringane gjorde med lokalsamfunna og folk som bur i det som, noko upresist, vert kalla Distrikts-Noreg. Sjølv etter at eg starta arbeidet som sosiolog og bygdeforskar, ein posisjon der ein gjerne kan forvente at nett å sjå slikt var ein del av oppgåva, så tok det tid før eg evna å registrere kva som eigentleg skjedde med norske bygdesamfunn.

I denne teksta vil eg ta lesarane med på ei reise gjennom Bygde-Noregs utvikling frå sist på 90-talet og fram til i dag. Eg vil kvile på røynslene frå ulike forskingsprosjekt som eg har vore med på dei 22 åra eg har arbeida som bygdeforskar, eg vil kvile på samtalar og observasjonar – intervju og opplevingar – frå alle mine reiser kring om i ulike bygdesamfunn i heile landet. Eg vil kvile på formelle så vel som uformelle samtalar med folk eg har kome i prat med, også utanom sjølve forskingsprosjekta, det kan vere folk som har oppsøkt meg etter eit foredrag ein eller annan stad, folk som har kome bort til meg medan eg har ete eit måltid på ein lokal kafé, eller folk eg berre tilfeldig har møtt på og slått av ein prat med. Alle har dei på ein eller annan måte formidla frå sine liv, dei har fortalt om sine opplevingar og om gledene og sorgene som følger i kjølvatnet av endringane. Det er desse forteljingane som ligg til grunn for mi drøfting i denne teksta.

Les meir

hyttetenketankar

BJØRN EGIL FLØ

 

Dette innlegget er levert som kåseri på den heildigitale konferansen Grønn hyttelab

 

 

 

 

 

EG ER INVITERT til å halde eit kåseri for Grøn hyttelab, ein heildigital konferanse som NTNU, Oppdal kommune og  Nasjonalparken Næringshage skal arrangere i dag. Men eg anar ikkje kva eg har der å gjere. Eg kan ikkje forstå kvifor arrangørane har bedt meg om å kåsere om hytter og det moderne hyttelivet.

Altså, eg meiner …. eg er ein puritanar, eg er ein slik som meiner at hytter skal vere primitive og tungvinte stadar der ein kjem i kontakt med seg sjølv. Utan innlagt vatten og med vonde briskar og vedovnar som lek sur røyk frå våt ved. Då er eg liksom lukkeleg, i alle fall for eit døgn eller to…. Men så startar det røyne på… På morgonen det tredje døgnet vaknar eg og kjenner at no er eg restituert nok til å på nytt ta steget inn i sivilisasjonen og menge meg med alle dei tilpassa liva på cafe med c.

Så eigentleg bør ikkje eg snakke om det moderne hyttelivet – fritids-bustad-livet – livet i andre-heimane. Og slett ikkje på ein konferanse som søkjer å «dekke etterspurnaden av fritidsbustadar», slik det står i programmet. I tillegg ønskjer dei vist også å «sikre både sosial berekraft, heilheitleg arealforvalting og ein klimavennleg fritidsøkonomi», men altså … hallo! …. Trur me på det? Eller er det berre førebuing av ei nytale og ei grønvasking av noko alle veit eigentleg er svart?

Les meir

eit innspel til eit utspel

Av Bjørn Egil Flø

Bokmelding

 

 

Hjelseth, Arve og Aksel Tjora (2020): Innspill og utspill. Samfunnsviteren som samfunnskritiker. Universitetsforlaget, Oslo.

 

 

 

 

 

To av dei mest utåtvende sosiologane ved Institutt for sosiologi og statsvitskap ved NTNU – Arve Hjelseth og Aksel Tjora – har skrive bok saman, ei bok om nett det å vere offentlege sosiologar.

Før eg seier meir om boka, lat meg få lov å starte litt personleg og fortelje om mitt liv før akademia. For eg starta seint på universitetet. Fyrst etter nokre år i eit pølsemakeri, litt betongarbeid, nokre turar til sjøs og ei lengre læretid til skipselektrikar, enda eg opp på universitetet. I alle desse åra var eg relativt engasjert i ulike samfunnsspørsmål. Eg las aviser, høyrde dei langdryge debattprogramma på radio og deltok i den lokale og tildels regionale samfunnsdebatten. Heile tida fri for alt av partipolitisk tilknyting og berre sjeldan som representant for ei særskild interessegruppe. Eg var med andre ord fri for alle bindingar, men også aleine og utan nokon å støtte meg på når meiningar og synspunkt trong brynast.

 

Les meir

Av Eirik Magnus Fuglestad
eirik-magnus-fuglestad-2-krympa

 

 

 

 

 

 

Den som flyg over Noreg, den som reiser Nordvegen frå lufta, vil sjå ville fjell og fjordar og skog, men om ein ser etter, så ser ein også gardsbruka og dei småe bygdesentera spreidde mellom fjella og fjordane heile vegen frå nord til sør. Når ein ser dette, ser ein også den norske populismen frå lufta, anarkistisk fridom langs ei reiseleid.

 

«Nå må du lære deg å bli ånntli populist, Trygve», sa Thomas Seltzer til Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum i ei spesialsending av Trygdekontoret før kommune- og fylkesvalet no i haust. Om Seltzer meinte at Senterpartiet ikkje var populistisk nok, så har det ikkje mangla på dei som har meint at det er meir enn nok. Det har jamt vore snakk om eit bygdeopprør her i landet dei siste par åra no. Alt frå lokale reaksjonar på ulv og ACER, til vindmøller, og til alskens reformer, både av regionar og av politi og post, har gjeve intrykk av eit slags opprør – og Senterpartiet er utpeika til det (sett frå Oslo) litt småskumle populistiske talerøyret til all misnøya.

Resultatet av valet i haust har fjerna all tvil om at Senterpartiet har støtte hjå eit breitt lag av folkesetnaden. Den gamle makta rotnar på rot – med eitt er dei såkalla styringspartia Høgre og Arbeidarpartiet vaklande og små. Samstundes køyrer den blåblågule staten på med ein stadig meir sentraliserande politikk på alle felt, lik ein sjølvgod Leviatan som samlar makta, og mest av alt ligg makta i Oslo, Leviatanen sitt hovud.

Dette er staten som eit Ibsensk troll, den er til for seg sjølv, og er seg sjølv nok. Statsvitar Jostein Vik har tala om ein «grådig stat» som veks, men som ikkje vil gi, som sparar og likevel veks, men veks bort frå distrikta.

Les meir

Av Sæbjørn Forberg

 

 

 

 

 

Bygdeallmenningane forvaltar og skaper store verdiar. Kvart år tilfører bygdeallmenningane jordbruket verdiar for 40 millionar kroner i form av virkesrabattar og tilskot. Beite for 10 000 storfe og 70 000 sauer kjem i tillegg.  Det same gjer verdien av lokal tilrettelegging for jakt, fiske og friluftsliv. Årleg dreier dette seg om minst 5 millionar kroner. Dette er tal frå ei spørjeundersøking til medlemmane av Norsk Almenningsforbund som nyleg er publiserte i boka Bygdeallmenninger i endring – langt mer enn tømmer og bruksrett.  Denne boka er utgjeven i samband med at Norsk Almenningsforbund runda 100 år i fjor.

Bygdeallmenningane har i lang tid vore viktige næringsaktørar i allmenningsbygdene. Historisk har skogsdrift og foredling ved eigne sagbruk vore sentrale aktivitetar som har sysselsett mange. I dag er  den tradisjonelle skogsarbeidaren rasjonalisert bort, og ei rekkje allmenningssager er nedlagde eller fusjonert inn i større einingar. Men allmenningane har omstilt seg i lys av tida og tilhøva.  Medan sysselsetjinga i skogen og på sagbruka har gått ned, har byggevarehandel, eigedomsutvikling, biovarme og tilrettelagde tilbod av jakt, fiske og friluftsliv i seinare år kome til som sentrale forretningsområde for allmenningane.

Les meir

Av Eirik Magnus Fuglestad
eirik-magnus-fuglestad-2-krympa

 

 

 

 

 

 

Facebookgruppa Distriktsopprøret i Norge har i dag over 40 000 medlemmar

Har me eit distriktsopprør på gang? Mange vil meina det. Facebook gruppa Distriktsopprøret i Norge har over 40 000 medlemmer i skrivande stund. Ein bråte forskjellige ting blir drege inn her. Alt frå motstand mot vindmøller, til høgare ferjeprisar til ulvekonflikt og alle former for sentralisering: være det seg regionreform, politireform, eller nedlegging av sjukehus og studiestader. Er det noko sams i alt dette ?

Om ikkje anna så passer alle desse «opprøra» inn i konfliktdimensjonen «sentrum-periferi» som den kjente statsvitaren vår Stein Rokkan skreiv mykje om. Rokkan meine å kunne identifisera nokre faste og relativt stabile skiljeliner som hadde kjenneteikna norsk politikk sidan vi fekk vår eiga grunnlov, og han meinte at både sentrum og periferi i Noreg hadde sine særeigne politiske og sosiale kulturar som ofte var motstridande.

Det har likevel ikkje berre vore tale om reine motsetnader her. Tvert i mot har radikale element frå både sentrum og periferi kome saman i alliansar som har forma norsk samfunnsutvikling på grunnleggjande vis. Slik var det då venstrerørsla som velta embetsmannsstyret i 1884 vann fram, slik var det då Bondepartiet og Arbeidarpartiet kom fram til kriseforliket i 1935 – med slagordet by og land hand i hand – som symbol for ettertida, og slik var det då nordmenn røysta nei til EU både i 1972 og i 1994.

Les meir