Av Bjørn Egil Flø
Landskapet her kan minne om ein reklamefilm for dongeribrøker. Du veit dette utprega rurale som er så moderne i det meste av marknadsføringa for tida. Det heile vert forsterka av det grå og tørre vinterlandskapet som berre ein dag eller to i løpet av vinteren får oppleve snø. For slik er det her i hjartet av Otago på New Zealand, sjølv om ein i år har hatt ein av dei mest snørike vintrane på mange år er det likevel grått og tørt i sentral Otago.
Eg køyrer i retning Otautau, eigentleg utan anna mål og meining enn å gjere meg kjend med dette landet. Og sjølv om det nærmar seg timen no gjennom same landskapet greier eg ikkje å slutte å la meg fasinere av det. Det liknar ikkje på noko anna landskap eg har sett, men likevel set eg her å trur eg har sett alt før. Det næraste du kjem er om du tek bilen opp på Høvringen å køyrer nett så langt at du ser dei runde slake formasjonane av Rondane samstundes som du kan sjå ned i Gudbrandsdalen. Når du står slik så kan du la tankane dine kle heile Rondane med vårgråe kulturmarkar slik dei berre ser ut nett etter at snøen har fere og spirane enno ikkje er synlege. Så kan du fylle markane med ein sauetettleik omlag som den du kjenner frå den illustrerte barnebibelen då englane synte seg for hyrdane på markane utanfor Betlehem. Om du då i tillegg let heile Gudbrandsdalen gro att av einer og gran og let Lågen få grave seg fritt leide der det måtte passe seg har du omlag det New Zealandske landskapet. …