Arkiv
Av Bjørn Egil Flø Det ligg ein søknad på kontorpulten åt miljøvernkonsulenten i Canterbury distrikt på New Zealand, ein søknad om å få bygge eit mjølkebruk kostnadsrekna til tett på 450 millionar norske kroner. Dei skrur opp tempoet no, Kiwiane. Ein stadig veksande asiamarknad har gitt dei von, von om at det kan gå an å svare ein halv milliard i investeringar. Kvar einaste dag, heilt sidan midten på 80 talet… Les meir
Av Bjørn Egil Flø ”Sorry mate, it’s payback time” sa Mark, me stod ved breidda av Oreti River å såg på den svarte ryggen åt ei rettleg storaure på minst 8 kilo. Mark hevda det var hans tur å prøve no, etter å ha gitt alle dei tre føregåande sjansane til meg. Ein middels utvikla rettferdssans fortalde meg at han hadde rett. Etter å ha følgt med i Nationen dei siste… Les meir
Av Bjørn Egil Flø “It’s not just what you take out of life that’s important it’s what you put in to it” Slik opnar dei New Zealandske mjølkebøndene si store kampanje “go dairy”. Unge bønder i 30 – 40 års alderen står fram å tilrår mjølkeproduksjon som eit seriøst alternativ for den som måtte ønskje eit karriereskift og som ønskjer å kome à jour i livet. Mjølkeproduksjon kan, i fylje… Les meir
Av Bjørn Egil Flø Dei omtalar seg som overlevarane, eller The Survivors, og utgjer omlag halvparten av bondestanden frå 1985. Det var då den New Zealandske finansministeren Roger Douglas, arkitekten bak den storstilte liberaliseringspolitikken, fjerna subsidiane til landbruket nærast over natta. Fram til då vart det meste av det Kiwiane produserte eksportert til England, men no gjorde EU reglementet sitt til at dei ikkje fekk nyte godt av det tvilsame… Les meir
Av Bjørn Egil Flø Han er liten, og tett og held armane i kors over brystkassa. Det er noko med han der han set, nypussa og fin, som gjer at eg tenkjer attende på tidleg 80 talet. Kanskje er det den vesle barten hans, eller kanskje er det spisseskoa og skinnjakka med strikk kring livet som gjer det? Den einaste løysinga var å røme landet sa Charlie Pedersen. Han snakka om… Les meir
Av Bjørn Egil Flø Landskapet her kan minne om ein reklamefilm for dongeribrøker. Du veit dette utprega rurale som er så moderne i det meste av marknadsføringa for tida. Det heile vert forsterka av det grå og tørre vinterlandskapet som berre ein dag eller to i løpet av vinteren får oppleve snø. For slik er det her i hjartet av Otago på New Zealand, sjølv om ein i år har hatt… Les meir