It’s payback time

Av Bjørn Egil Flø

 

”Sorry mate, it’s payback time” sa Mark, me stod ved breidda av Oreti River å såg på den svarte ryggen åt ei rettleg storaure på minst 8 kilo. Mark hevda det var hans tur å prøve no, etter å ha gitt alle dei tre føregåande sjansane til meg. Ein middels utvikla rettferdssans fortalde meg at han hadde rett.

Etter å ha følgt med i Nationen dei siste par tre dagane tykkjest det som produktivisme eliten i norsk landbruk har langt under middels utvikla rettferdssans. Dei har brått opptekt at matprisane er på veg opp, frå nærast å ha skrapa botnen er dei i ferd med å nærme seg eit nivå som gjer at verdsbøndene endeleg kan rette ryggen for eit par stunder.

Men dette gjeld som sagt verdsbøndene, altså dei som lever av prisane på verdsmarknaden. Dei som må ha minimum tre ulike produksjonar i fall matvarebørsen fell på ei eller to av varene. Dei som set på internett å sel lamma før dei er føydde, dei som gamblar på at prisane vil gå opp seinare utpå vinteren for einast å sjå at kjøtet må seljast til spottpris på forsumaren. …

Det gjeld med andre ord slike som Paul Turner frå Central Otago på New Zealand, som eg møtte i februar i år. Med 5800 mål, 3000 sau, 1500 hjort og 500 ammekyr er han optimist no, og det har han grunn for å vere. I fjor greidde han omlag 175.000 kroner i årsinntekt, og vart liggande godt under landsgjennomsnittet. Slår prognosen for 2007 til, vil han kunne passere 189.000 kroner i inntekt og dermed vil han så vidt krabbe over det same landsgjennomsnittet. Dette føreset sjølvsagt at prisane på alle produksjonane held seg omlag slik dei gjer nett no og at standardiseringssystemet EUROGAP ikkje innfører uførutsette standardar som gjer at han må selja hjorten til Asia. Det vil i så fall ikkje vere fyrste gongen i følgje Turner.

Det gjeld også for John Simpson frå New South Wales i Australia. Med 41800 mål – ja du leste rett – og nær på 9000 kveg greidde han knappe 210.000 kroner i inntekt i fjor. Ei inntekt der tett på ein fjerdedel kom frå knappe 300 mål med vindruer, i følgje kona. Også han ser med glede på framtida. Dette er den industrialiserte verdas minst subsidierte og dermed også det mest konkurranseutsette landbruket. Dei har snart 30 års røynsler med ein stadig sviktande marknad og no anar dei endeleg von.

At nokre her heime prøver å hause opp den norske ”mikrobonden” til å tru at ho no skal kunne velte seg i pengar som fylje av auken i råvareprisane, set meg i same sinnstemning som einast dei beste Monty Python sketsjane greier. I to generasjonar har landbruket på det næraste vore fullstendig avskore frå marknaden. Bønder og bondevenar har argumentert mot ”hotshot” økonomane om kor viktig landbruket har vore for både eine og hitt.

Fyrst som eit tryggingspolitisk verkty, eit argument som enno gjeld for dei som hugsar at det ein gong var krig i landet, seinare vart det så mykje mykje meir. Landbruket handla om alt frå busetnad til biologiske og kulturelle verdiar. Bonden fortenar meir enn kva maten kostar sa bøndene og venene deira. Og folket var samde. Nær på 90 % av Noregs befolkning har i årevis sagt seg samd med bøndene og bondevennane.

Det er sjølvsagt ei kjennsgjerning at landbruket går viktige tider i møte. Store krav til oppjusteringar av driftsbygningar står for døra og til det trengst det peng. Men dette er ikkje noko nytt. Det er heller ikkje nytt at pengane må kome frå sakleg politisk argumentasjon. Og ikkje er det nytt at me har råd til det heller.

Men bruk berre ikkje matvareprisane som brekkstang, då vil det nye vere at langt færre nordmenn vil stå bak støtta til landbruket. Personleg trur eg den jamne nordmann no tenkjer at dei vil ha att for årelang støtte til norsk landbruk. It’s payback time.

Bjørn Egil Flø

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s