Mannfolk et ikkje kliss

Av Bjørn Egil Flø

 

Han sa det aldri rett ut, far min, men han sa det då likevel. Det var på dei mange endelause helgeturane med vår gamle Austin Cambridge at han indirekte lærte meg at ekte mannfolk ikkje et kliss.

Du skjønar eg via nesten to år av livet mitt til denne merkelege forma for helgesyssel som det var å fylgje far min for å sjå på nyfjøsane åt bønder i dei mange avsidesliggande sunnmørsgrendene. Han var grundig slik, far min. Han ville ha mest mogleg førehandskunnskap sjølv, før han sette i gong bygginga av eigen fjøs. Du veit sa han ”.. du kan ikkje stole på desse folka på Fylket…, høgt utdana er dei, papphanane, men mjølke kan dei ikkje”. …

Neida, han hadde ikkje forakt for teoretisk kunnskap, berre for praktisk kunnskapsløyse. Det var derfor han greidde å presse igjennom at han skulle ha dobbelt så stor gjødselkjellar enn han eigentleg fekk lov til. ”Du veit, med alle regnversdagane me har på ytre-søre lyt ein kalkulere med at det kan gå minst eit halvår mellom kvar gong det er turt nok til å kjøyre møkka” må vite. Berre få år etter kom reglane som gjorde at det ikkje lenger gjekk ann å tøme gjødselkjellaren på tela mark. Då laut dei til med ekstra gjødselkumme dei som hadde vore lydige overfor teoretikarane på Molde.

Men det var då ikkje det dette skulle omhandle, dette skulle vere om det å eta kliss. Som sagt, det starta der, altså på desse turane eller rettare på ferjene, ferjene som var som sjølve fridomen å rekne for oss ungane. Der fekk me endeleg strekke på føtene å renne av oss litt snar til neste køyreøkt. Han far og ho mor fekk seg kaffi, mor kjøpte seg rett som det var ei svel òg medan far kunne kjøpe ei lita plate firkløver. Det merkelige var likevel at firkløver aldri vart fortært i salongen på ferja. Fyrst når me kom i bilen att og me gjorde oss klar til å køyre kom plata fram att frå innerlomma.

Gjennom nøye innstuderte prosedyrar vart det delt ut sjokolade, med stor møde vart det gitt ei lita rute til kvar av oss, fyrst til mor, så til seg sjølv og endeleg ei lita rute på oss ungane til slutt. Resten vart lagt i hanskeromet i påvente av neste ferjetur. Var me då så frimodige at me spurte om enno ei rute såg han forbina på oss i sladrespegelen å lurte tilsynelatande på om han hadde høyrt rett. ”Unge friske gutar må då ete rettleg mat kan du skjøne, dokke kan då ikkje meine at dokke vil ha meir firkløver alt no” sa han før han la til ”… dokke kjem då til å hamne opp som fjøsteiknarar på Molde heile gjengen om dokke held fram på denne måten”. Me forstod umiddelbart at det var einast teoretikarar utan kjennskap til det praktiske liv som meiska seg i sjokolade heile dagane. Den som hadde von om å verte ein rettleg gut laut spare på søtsakene og late sjokoladen vika for tørrfisken.

Men det var då, i dag set eg på kontor og held meg med teoretiske fagbøker som nok overgår biblioteket åt dei fleste fjøsteiknarar både på Molde og andre stadar, men enno heng lærdomen frå far min att ”Ekte mannfolk et ikkje kliss”.

Bjørn Egil Flø

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s