Raudt, Kvitt

Av Bjørn Egil Flø

 

Neida, dette er inga bokmelding av ein imaginær oppfyljar av Fosse sin roman ’Raudt, Svart’, men einast ein freistnad på å få ut litt frustrasjon kring debatten om raudt og kvitt kjøt som har kome fullstendig på villstrå det siste halve året.

Det toppa seg i førre veke då ”distriktsminister” Haga innrømma å vere fargeblind. Etter å fyrst å ha provosert bondestanden og hevda at det beste den miljømedvitne forbrukar kunne gjere var å ete kvitt kjøt, kuvende ho og hevda at ho sjølvsagt hadde meint raudt kjøt og dermed la ho seg ut med nokre vêrsjuke miljøforskarar, som alle hevda å inneha nett den sanninga som trengst til å fortelje folk kva som er rett å gale. …

Eg kan lett tenkje meg korleis det gjekk til at Haga gjekk i skårgang. For der stilte ho altså opp, på direkten med ein stikkordslapp som ein av hennar rådgivarar nett rakk å trykke i nevane på henne i det ho hasta ut døra midt i ein travel valkamp. Rådgivaren hadde sjølvsagt lest alle rapportane om det økologiske fotavtrykket, dette ’liksom-holistiske’ rammeverket som er slik i vinden for tida og som sjølv ikkje dei – eller særleg ikkje dei – som brukar det forstår kunn er enda ein redusert modell som prøvar å seie noko om eit komplisert system som er så langt langt større enn seg sjølv. Derfor stod det å lese på lappen til Haga at kvitt kjøt er betre for miljøet enn raudt kjøt – og Haga stakkars, våga ikkje anna enn å lese det opp for lyarane.

Då vakna bondehøvdingen og alle hennar kjernevelgarar, dei kunne ikkje finne seg i slikt frå sjølvaste bondeparti leiaren. Og endeleg kunne Haga rette opp feilen, for ho tykte det var rart det som hadde stått å lese på lappen… ho viste då like godt som alle andre at kyllingkjøt og anna lyst kjøt bokstaveleg tala var noko svineri kan du skjøne. Ei kort samtale med bondelagsleiaren var det som skulle til for å leggje seg flat, ho brydde seg ikkje med å klarere med eigne rådgivarar – det trongst då slett ikkje dette var så opplagt ein feil.

Ho meinte sjølvsagt raudt kjøt, ho var berre litt fargeblind så tidleg om morgonen. Det sa ho og det meinte ho. Men då vakna miljøekspertane, med Pål Presterud frå Cicero i spissen tok dei Senterpartileiaren i skule. Storfekjøt gir eit økologisk fotavtrykk som er to til fire gongar større enn kjøt frå fjørfe, hevda Presterud. Carlo Aall ved Vestlandsforsking legg til at ost nok er det verste og at det snillaste raude kjøtet vist nok er sauekjøt. Me viste då alle at sauer er ålreite dyr. Det lærte me av Liv Finstad i Oslo RV då ho, også i ein valkamp, trong eit argument for kvifor dei urbane raddissane støtta sauehaldet.

Haga stakar, som ei av få som kjente til sauens fortreffelige eigenskapar lenge før Oslo RV opptekte det, ho stolte berre på sitt sunne bondevit – det skulle ho ha helde fram med – men no laut ho altså gi seg ende over. I sin iver etter å skape blest om seg sjølv og eige forskingstema hengde forskarane Haga på femteveggen utan tanke på at det finst eit publikum der ute som til sjuande og sist heile forskingsfinansieringa sin legitimitet kviler på. For me veit då alle kva Aall og Presterud eigentleg øste seg for, deira agenda var omlag like dårleg skjult som toåringar som vil leike gøyme og leite. Utan blygsel var dei einast ute etter å tigge pengar til eiga forsking og i sin iver laga dei nok eit mediaoppslag med ei vinkling som ingen vanlege folk kjenner seg att i og som dei fleste veit einast er politisk tilpassa forskarens eigne kvardagslege problem.

Både Cicero og Vestlandsforsking har hatt mange våte draumar om det store landbruk og miljøprosjektet som kunne ha finansiert båe to i årevis framover. Derfor nytta dei no høvet til å kome med tabloide påstandar som både landbruks- og miljøstyresmaktene på ein eller annan måte må imøtekome. For nett no står påstanden om at kvitt kjøt er betre enn raudt øvst på sanningsstigen. Det einaste som kan endre på den sanninga er at dei finansierar eit omfattande og langvarig prosjekt til desse to knektane.

Det er no ein gong slik livet i forskinga fungerar og det er på langt nær berre Aall og Presterud som spelar sine kort slik, me er vel alle meir eller mindre skuldige i det same. Problemet er berre at slike måtar å kommunisere på kan, i det lange løp, svekke heile tillita til forskinga. Me er i ferd med å undergrave oss sjølve og heile forskinga sin legitimitet. Me veit vel alle kor lite me legg i nyhendemeldingar som startar med den forslitte frasa ”Ei ny amerikansk undersøking syner at….”

Bjørn Egil Flø

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s