Bygdebyar i ein container
Av Bjørn Egil Flø
Eg var på utstiling her for ei tid tilbake. Blilyst, denne gruppa av velmeinande unge menneskjer som gjer ein heiderlig innsats for å halde liv i Bygde-Noreg hadde invitert gjestar til å sjå resultatet av arkitektkonkurransen ’Moderne boløsninger på bygda’. Det var interessant og eg vil på det sterkaste tilrå andre å ta ein tur innom containeren deira. Om ikkje anna for å sjå kor dårleg stelt det er med den norske arkitektstandens kunnskap om grunnleggjande særeigenheiter ved den norske bygda.
Bakgrunnen for arkitektkonkurransen kan vanskeleg sjåast isolert frå bakgrunnen for Blilyst som soleis. Likevel er det viktig å presisere at min kritikk ikkje må tolkast som ein kritikk mot Blilyst, men som ein kritikk einast retta mot den norske arkitektstanden og deira larmande fåkunne om kva ei norsk bygd er. …
For kva var det dei greidde å levere anna enn nett den same småbyfiseringa som me har sett heilt frå 50 talet og fram til i dag. Der let dei altså byggefelta omkrinse kvart einskild kommunesentera kring om i heile landet for på den måten å lage småbyar av dei norske bygdene. Her hadde dei altså laga meir eller mindre kreative forslag som einast kan karakteriserast som variasjonar kring eit byggefelt. Ikkje eitt av forslaga hadde teke inn over seg kva som kjenneteiknar norske bygder og kva som gjer norske bygder heilt unikt i ein internasjonal samanheng. Faktisk så unikt at me internasjonal ikkje har anna ord for det enn nett det norske ordet Bygd.
Desse ofte så langstrakte grendene der små og større gardsbruk er blanda saman med små enkle privatbustadar har skapt ein underleg miks av folk som arbeidar med og lever av jorda og folk som både bur i og med det meir eller mindre kulturskapte landskapet. Nett kvar bygda startar og endar kan tildels vere uråd å sjå og ein lyt helst spørje dei lokale om ein ønskjer å vite det. Bygdas ytre grense er ofte einast definert av kven bygdefolket sjølve omtalar som ’oss’ eller ’dei’.
Enkelte har som kjent kjempa ein ihuga kamp for å freiste å ta livet av dei norske bygdene heilt sidan tidleg på 50 talet. Ved å fortette den rurale busetnaden i ’mini forstadar’ kring dei kommunale sørvissentra har dei gjort bygdefolket om til kaffelattedrikkande kvasiurbanistar som i sin bygdeforakt har brukt tid og pengar på å kjempe fram bystatus for mesta kvar ei lita husklyngje kring om i heile Noreg.
Gjennom dei siste femti år med ihuga kamp for sentrumsfortetting og bustadfelt har arkitektar, kommunale planleggarar og lokalpolitikarar greidd å gjere norske bygder mesta like sjeldsynt som ulv på syttitalet. Jau da eg kan då forstår kvifor. Det var ikkje vanskeleg å skjøne argumentasjonen for bustadfelt og fortetting oppgjennom femti-, seksti-, sytti- og tildels åttiåra, då handla det om å skaffe tak over hovudet til alle fredsborna samt fredsbornas born og så handla det ikkje minst om Arbeidarpartiets tru på at me alle vart betre sosialdemokratar om me delte utegrillen med naboen og utveksla meiningar om veret over låge hekkar av velstelt svenskeasal. I tillegg var det sjølvsagt eit poeng at kostnadane med vatn, veg og kloakk gjorde byggefelt til det einaste realistiske alternativet.
Men det var då, for meg er spørsmålet snarar kva grunn kan det vere for at me enno driv nett på same måten? Eg meinar, me har då sett at me slett ikkje vart betre sosialdemokratar av byggefelta, anna enn snarar FrP’arar heile gjengen. Og for pengane sin del er det snart både rimelegare og betre om me kvar for oss vel individuelle løysingar for reinsing av både gråvatn og kloakk. Dessutan vil ein snartur innom kva byggefelt som helst kunne fortelje sjølv den mest einfaldige av oss at det slett ikkje er pengane det står på for folk flest no til dags.
Kvifor er eg så ivrig for å ta vare på bygda og det sereigne med slike spreitt busette samfunn som gir alle ei viss kjensle av ’oss’ som går på tvers av tilknytinga den einskilde måtte ha til klasse og næring? Her kan eg svare nett på same måten som ein ulveforkjempar ville ha svara, me har eit globalt ansvar for å ta vare på mangfaldet. I motsetnad til i ulvesaka er Norge den einaste staden i verda der me finn bygder, sjølv ikkje svenskane kan skilte med det same lenger, til det var dei svenske sosialdemokratane for skuleflinke på syttitalet. I motsetnad til her heime, greidde dei effektivt å kvitte seg med restane av det som var att av dei svenske bygdene. Slik sett har me ansvaret for å ta vare på det kulturelle mangfaldet som bygdene representerar.
Viktigast er uansett det faktum at bygd som buform har implikasjonar for korleis framtidas Noreg vert sjåandes ut. Ønskjer me oss busette distrikt og ei jordnær befolkning lyt me hegne om bygd som buform. Då er det minste me bør kunne forvente av arkitektstanden at dei tek seg bryet med å sete seg inn i kva ei bygd er før dei reproduserar gamle skisser som ikkje nådde opp i tidlegare konkurransar, og prøver å kome opp med ein passe kul tittel og nokre kvasifaglige klisjear i prosjektomtala som harmonere slik måteleg med utlysinga.