The American nigthmare

Av Bjørn Egil Flø

 

Han kallar det ”möjligheternas land” svensken som har etablert seg som optikar og brilledesignar i bydelen Castro i San Francisco. I butikkvindauge heng eit tosiders oppslag frå eit svensk vekeblad. ”Det er inte möjligt at göra sucsess i Sverige sånn som här” seier Björn i intervjuet, ”avensjukan är for stor der hemma, här blir vi bara oppmuntrad om vi tenker lite stort mens hemma blir vi trampat ner i skiten”.

Jau da, me kjenner då att desse historiene frå før, frå alle dei utflytta nordmenn som fortalde om kor svært alt var i Amerika og om korleis den heimlege mentaliteten held slike kreative og dyktige sjeler som dei sjølve nede. Det var vanleg for førti femti år sidan, då me ennå trudde på den amerikanske draumen, før nokon av oss hadde sett prislappen som heng på den råe dyrkinga av individuell opportunisme. Det var då me enno hadde eit kollektivt minne om Marshalhjelpa og me ungane vart yr berre av å lese tittelen på Elvis sin ”King Creole”. Det faktum at det var ein åttesporskassett og at verken bror min som eigde kassetten eller nokon andre me kjende hadde utstyr til å spele den gjorde ingenting, for på coveret var biletet av den unge amerikanske draumen ’in persona’, det var meir enn nok til å forstå at i Amerika var alt mogleg. …

Derfor er det snodig å treffe Björn, denne unge sympatiske svenske brilledesignaren, som på alle måtar synest å vere ein oppegåande mann der han med stor iver og innleving fortel om brilledesign og kva som har skjedd på den fronten dei siste ti åra og om kva som vil skje framover. Heile tida med referanse til det som skjer i Amerika og med ei djup forståing om at framtida enno vil verte skapt i Amerika.

Det er berre det at me skriv 2007 no, og eg trudde at dei fleste, i alle fall dei fleste skandinavar, har kunne vitne at den amerikanske draumen forsvann med åttesporskassetten. Me har sett at det å knuse fagrørsla har gjort ærlege arbeidsfolk om til lusne tiggarar som i mangel av tariffavtale må stå å spørje kafégjestane om tips for å overleve. Me har sett korleis den evige angsten for å betale skatt og den grunnleggande misstrua til staten har gjort ressurssvake menneskjer om til dyr som må konkurrere med skunk og rev i kampen om etterlatskapen frå resturantane etter stengetid. Dette samstundes som middelklasse borna held på å drukne i eige fett som ein konsekvens av at myndigheitene ikkje greier å kontrollere uhemma karbohydratinntak i kjernefamiliens daglege kosthald. Men kven skal ta ansvaret? Staten sjølv har lete seg avvæpne av dereguleringskåte republikanarar gjennom ei årrekkjer og evnar ikkje eingong å tilby minimumshjelp til mentalt sjuke menneskjer. Dei er overletne til gatene downtown og lyt halde varmen i pappkassehus over ventilasjonsrista for byens notorisk upresise undergrunnssystem.

Likevel lever altså myta om mulighetenes land framleis i hugen åt ein svensk brilledesignar og optikar, og tilsynelatande dei aller fleste amerikanarar òg, det faktum at Björn og kjærasten John laut til det ”avensjuka tomtelandet” Sverige for å lovleg kunne gifte seg vart berre nemnt i ei bisetning. So mykje for det frie Amerika.

Bjørn Egil Flø

One Comment on “The American nigthmare

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s