Lamy og drengane
Av Torbjørn Tufte
I høve generaldirektør i Verdens Handelsorganisasjon (WTO), Pascal Lamy, si vitjing av årskonferansen til NHO tidlegare i år, har Lamy og WTO vortne presentert i media som våpendragaren til dei fattigaste landa og refsaren av vrangvilja til Noreg i landbruksforhandlingane. Eller er det slik at Lamy snarare kjempar for legitimiteten til WTO og ei ny avtale enn for interessene til utviklingslanda?
Media referer at Lamy tuktar firkløveret Japan, Sør-Korea, Noreg og Sveits fordi desse kjempar for eit sterkt vern av landbrukssektoren i WTO, ein posisjon som hevdast å vere til hinder for utvikling. I ei tale hjå New York Law School i oktober minna Lamy sjølv på at ”The WTO is not a development agency,…”. Likevel vert utsegna ”marknadsliberalisering reduserer fattigdom” stadig framstilt som ei automatisk mekanisme i samfunnsdebatten kring landbruksforhandlingane i WTO. Det er då spesielt underleg å framheve nokon av verdas største nettoimportør av landbruksvarer som bremseklossar når det gjeld handel og utviklinga i verda. …
Japan aleine står for 11 prosent av verdas samla import av landbruksvarer, og har eit årleg handelsunderskot på rundt 33 milliardar US dollar. I verdshandelen med landbruksvarer er det ingen land som er nær eit slikt handelsunderskot med landbruksvarer som Japan. Tilsvarande underskot som Sør-Korea har berre Russland, men dei er som kjent framleis haldt utanfor WTO. Heller ikkje Sveits og Noreg har greidd å verne marknaden sin fullt ut, med høvesvis 1741 og 2954 millionar USD i handelsunderskot på landbruksvarer.
Er det slik at verdast største nettoimportørar av landbruksvarer, som Japan og Sør-Korea, er dei som hindrar utviklingsland i å eksportere på verdsmarknaden? Fattige land er som rike land – svært ulike. Nokre er nettoeksportørar av landbruksvarer, mange er nettoimportørar. Nokre har offensive interesser på landbruk i WTO, andre har defensive. Til dømes er berre 11 av dei femti minst utvikla landa (MUL) nettoeksportørar, til trass for at dei har fri marknadstilgang til mellom anna Noreg. Likevel utgjer norsk import frå MUL berre nokre promillar og nær 70 prosent av norsk landbruksvareimport har opphav i EU. For ”typiske” varer frå utviklingsland, som sukker og kakao, dominerer import frå EU totalt med over 90 prosent. Dette er ikkje eit mønster som er unikt for Noreg. Internasjonale handelsstraumar på landbruksvarer er grovt sett slik at I-land handlar med I-land, med unntak av nokre få store landbruksvareeksportørar som Brasil, Argentina, Malaysia og Thailand.
Ser ein på importen til Japan er det openbart at utviklingsland kan eksportere til Japan, dersom dei ikkje vert utkonkurrert av til dømes USA, verdas største landbruksvareeksportør. USA står aleine for 13 prosent av verdast eksport av landbruksvarer. Eksportoverskotet er over 10 milliardar USD. Kanskje Lamy og WTO er meir uroa for den framtidige posisjonen til USA enn for dei fattige i verda? Eller som Bill Clinton uttala då han forhandla for USA ”[The US must] reach out and break down the barriers of trade, because we know rich country can only create jobs through increasing the volume of trade”.
Det er påfallande kor ofte Lamy, og for den del norske aktørar med interesser i saka, viser til utviklingslandas ve og vel når landbruk og liberalisering gjennom WTO er på dagsorden. Særskilt ser ein at WTO koplar sitt marknadsliberale prosjekt direkte opp til utviklingslanda kring forhandlingane om ei ny landbruksavtale. Medan når forhandlingane kring TRIPs- avtala (om intellektuelle opphavsrettar og patentvern), og GATS-avtala (om opning av tenestesektoren) er på agendaen, er det brått svært lite ein høyrer frå Lamy og hans drengar om utviklig og interessene til fattige land.
Mogleg Lamy ikkje kjem det i hug, men det førre forhandlingsbrotet i WTO, på ministerkonferansen i Cancun, oppstod då Kenya på vegne av fleire U-land avviste dei såkalla ”Singapore-issues” og ikkje fordi landbruksforhandlingane braut saman.
I New York i oktober påpeika Lamy òg eit anna hjartesukk når verda skal liberaliserast, ”Economists have always known that the benefits of trade are not distributed evenly across nations nor within nations. History teaches us that trade reform meets social resistance if the distribution of gains from trade is too uneven. It is therefore important for policy makers to ensure that the benefits of trade expansion are spread widely enough to avoid social resistance leading to a backlash against trade liberalization.” Opponentar til Lamy vil hevde at det viktige er å sikre velferd og ikkje liberalisering, men det slepp Lamy å uroe seg for, ettersom fordeling ligg utanfor WTO.
Truleg pratar Lamy med kløyvd tunge når han søkjer å legalisere det marknadsliberale prosjektet til WTO ved å vise til interessene til utviklingslanda. Dersom det er for utviklingslanda Lamy kjempar, bør Generaldirektøren søkje å få ei TRIPs-avtale som samsvarar med FN-konvensjonen om biologisk mangfald, samt å ta eit oppgjer med dei omfattande krava I-land stiller til U-land om liberalisering av tenestesektoren.
Torbjørn Tufte
Statsvitar, Prosjektleiar ved Landbrukets Utredningskontor