Biosecurity og handelshindringar

Av Bjørn Egil Flø

 

Under dekket av å skulle verne den sårbare Australske naturen mot levande organismar frå framande kontinent har bøndene hand i hand med miljøvernarar og politikarar bygd opp eit grensevern meir effektiv enn dei mest ekstreme tollstsar, dei kallar det Bio-security.

Men no kan det vere slutt og dei fyrste som må tole smertene er fruktdyrkarane i det enorme nedbørsfeltet Murray Darling bassenget i delstatane New South Wales og Queensland. …

Førre veke fekk dei melding om at det var nedsett forbod mot all vatning som inneber at ein tappar ytterlegare ned det ein gong så gigantiske bassenget som no berre er 35 prosent av sin «normalår» storleik. Og som me veit, utan vatn veks ingenting.

Omlag ein tredjedel av alle epla her i landet veks utav Murray Darling bassenget og fruktdyrkarane her utgjer ei av dei sterkaste landbruksinteressene i landet. I årevis har dei kjempa for retten til å eksportere eiga frukt til all verdas utkantar samstundes som dei sjølve har kjent seg trygge frå konkurranse på den heimlege marknaden bak dekket av Bio-security instituttet. Men no ser det gamle argumentet om frykta for å importere pærebrann ut til å drukne i Statsministar John Howards ønskje om å gi veljarane frukt til valet.

Dermed vil Australiarane lik mesta alle andre i den rike delen av verda snart få smaken på eple frå New Zealand.

”Har dei fyrst fått smaken på New Zealands epla vil dei neppe slå seg til ro med Australske eple om det så skulle kome aldri så mykje regn dei neste vekene” fryktar Daise Gibbon frå Bourke, like ved Darling river som skulle ha rennt stor og tung på denne tida av året, men som no einast er ein skugge av seg sjølv.

Fruktdyrkarane er ikkje dei einaste som er uroa for konsekvensar av ei oppmjuking av Bio-security instituttet. Både storfeprodusentane kring Rockhampton i Central Queensland og broiler og egg produsentane i Victoria og South Australia, har alle kvila på frykta for høvesvis munn og klovsjuke, kugalskap og fugleinfluensa.

Det er over 30 år sidan no at australske bønder adopterte den økonomiske læresetninga om at proteksjonisme korrumperar næringa. Desse settlar bøndene som arva ideen om industrilandbruk frå engelskmennene og som aldri har opplevd at landbruk har vore eller kan vere noko anna enn industri, hevdar å ha rett til å krevje at alle andre opnar grensa for deira produkt. Dei er overtydde om at handelshindringar gjer bøndene late og ineffektive og at einaste bidrag til nasjonen frå bønder bak grensevern vil vere auka skattar.

Likevel kjempar bøndene frå Murray Darling bassenget, som alt er råka kraftig av tørken, ein ihuga kamp om å få ha heimemarknaden for seg sjølv.

Bjørn Egil Flø

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s