RURALE REFLEKSJONAR

Arkiv

EIRIK MAGNUS FUGLESTAD Den store sigeren til det norske landbrukssystemet er først og fremst at det produserer billig mat til mange folk. Prisen er fallande berekraft i alle ledd, og på alle vis. Dette systemet bør utfordrast. «Å, det er berre nokre slike klima-greier som dei har klistra på», seier far min, liketil, og seier ikkje noko meir. Så går me inn med mjølka til kveldsmaten. Me hadde vore i det nye… Les meir

BJØRN EGIL FLØ FRODE FLEMSÆTER Gjennom heile etterkrigstida har det skjedd ei diversifisering av utmarksbruken. Er tida no inne for nye alliansar? UTMARK, sjølve ordet vitnar om noko få av oss tenkjer over til dagen. Alle som har prøvd å omsetje utmark til engelsk – eller kva anna språk som helst – har merka at det ikkje let seg omsetje. Til det er utmarka vevd så tett inn til kulturen vår, til… Les meir

BJØRN EGIL FLØ Det hekk ein storfeskrott i krana på ein naudslaktbil då eg svinga opp gardsvegen åt bonden eg hadde intervjuavtale med tidleg i vår. Jau da, det skjer dessverre av og til at dyr lyt slaktast på bås. I det eg steig ut av bilen kom bonden mot meg, «Kvast», sa ho og slo ut med armane. Som bondeson forstod eg kva som hadde skjedd. Eg har blitt minna på… Les meir

I denne teksta tek eg lesarane med på ei reise gjennom Bygde-Noregs utvikling frå sist på 90-talet og fram til i dag. Eg kvilar meg på røynslene åt folk eg har møtt, folk som har fortalt om gledene og sorgene som følger i kjølvatnet av endringane i Bygde-Noreg.

Av Sæbjørn Forberg           Bygdeallmenningane forvaltar og skaper store verdiar. Kvart år tilfører bygdeallmenningane jordbruket verdiar for 40 millionar kroner i form av virkesrabattar og tilskot. Beite for 10 000 storfe og 70 000 sauer kjem i tillegg.  Det same gjer verdien av lokal tilrettelegging for jakt, fiske og friluftsliv. Årleg dreier dette seg om minst 5 millionar kroner. Dette er tal frå ei spørjeundersøking til medlemmane av… Les meir

– er tida inne for norsk jordbruk til å hoppe av karusellen?   Av Torbjørn Tufte           I innføringsheftet i landbrukspolitikk frå 1980 skreiv dåtidas bondelagshøvding Amund Venger til medlemane: «Samfunnet driver prinsipielt sett ikke landbrukspolitikk i første rekke av hensyn til bøndene, men nettopp fordi hele samfunnet trenger de varer og tjenester landbruket lager. Akkurat slik som helsetjenesten er til for pasientene og ikke for legene.» Det… Les meir

Av Bjørn Egil Flø           Eg vart spurt om å vere med på ein debatt på det politiske sirkuset i Arendal her hin dagen. «Hva kan byene lære av bygda?», var temaet. I omtala av programposten kunne ein lese at; «Noen ganger kan det virke som om all omstilling til lavutslippssamfunnet skjer i byene». Ja, eg trur mange deler den observasjonen. Sett frå bygde-Noreg sin ståstad kan det… Les meir

Av Bjørn Egil Flø         Svært få har sett føre seg at dette skulle kome. Med få unnatak har korkje samfunnsforskarane eller kommentatorane – dei som liksom skal vere betalt for nettopp å sjå slikt – evna å sjå føre seg at moderniseringa– for ikkje å seie «den økologiske moderniseringa» av Noreg, skulle verte møtt med slik ei motstand. For det er det motstanda handlar om, eller rettare; den… Les meir

  Av Rose Bergslid og Bjørn Egil Flø             Det ligg mykje god jord unytta, kring om i grendene. Du skal ikkje køyre lenge etter bygdevegane før du ser fyrsteklasses matjord låst fast mellom bergknattar og gamle bytesteinar åt tidlegare så veldrivne småbruk. Du vil sjå gamle kulturbeiter der næringsrike og smaklege urter har levd i symbiose med folk og fe i tusenvis av år, men som… Les meir

Av Astrid Een Thuen og Torbjørn Tufte             Leder i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Kjersti Hoff, sier Ja til gras, beite og sjølforsyning, i Nationen 26/3-2019. I Klassekampen 29. mars følger Alf Skjeseth opp ønsket til Hoff om sterkere prioritering av gras og beite opp mot de kommende jordbruksforhandlingene. Skjeseth skriv: «Medan Bondelaget heller ikkje i år ser ut til å stille spørsmål ved volumvekst som ufråvikeleg… Les meir