Snakk med oss

Av Bjørn Egil Flø

 

 

 

 

 

Eg vart spurt om å vere med på ein debatt på det politiske sirkuset i Arendal her hin dagen. «Hva kan byene lære av bygda?», var temaet. I omtala av programposten kunne ein lese at; «Noen ganger kan det virke som om all omstilling til lavutslippssamfunnet skjer i byene». Ja, eg trur mange deler den observasjonen.

Sett frå bygde-Noreg sin ståstad kan det sjå ut som at det offisielle Noreg si løysing er å pakke saman folk i små boksar stabla i høgda innanfor ring 3, og la resten segle sin eigen sjø. Så det er på tide å starte sjå kva som skjer kring om i landet, løfte det fram i lyset og gi det vørdnad og respekt. For det er ingen tvil om at alle oss i dei små boksane, er – og vil alltid vere – avhengige av byane sine rurale omland. For her finst dei fornybare biologiske ressursane, her finst dei som kan fotosyntesen i praksis, dei som veit korleis ei veite skal settast og korleis ein snur ei garnlenke i stiv kuling. Slikt lærer ein ikkje andre stadar.

Ikkje fortel meg at bygdene er busett av single menn i brune flanellskjorter som sit på verandaen sin å drikk heimebrent med rifla i fanget. Ikkje fortel meg at det berre er klimafornektande vindkraft-motstandarar som marsjerer i takt i månelyset med storslegga over skuldra, på veg for å knuse den næraste bomstasjonen.

For den norske bygda er busett av verdas høgst utdanna rurale befolkning. Den norske bygda er likare byen enn noko anna bygd i heile verda. For i motsetnad til dei fleste andre velferdsstatar i verda så finst den høg teknologiske industrien vår kring om i bygde-Noreg.

I Noreg finst ingeniørane på bygda, her finst det fleire mikrobiologar langs kysten enn på Universitetet i Oslo. Her finn me verfta som bygg dei elektriske ferjene. Her finn me dei som veit korleis ein skal montere ei vindmølle til havs.

Den norske bygda er likare byen enn noko anna bygd i heile verda

Bygde-Noreg er full av små og mellomstore høg teknologiske bedrifter som trippar etter oppdrag for å bidra til omstillinga til lavutslepp­samfunnet. Men for å løyse ut denne ressursen lyt me innsjå at svaret ikkje ligg i app-utvikling for Über og elektriske sparkesyklar.

Men, tilbake til dei som lever av og med fotosyntesen. For berre få år tilbake var det mange i landbruket – særleg blant pratmakarane, dei med kontor i Schweigaards gate, og sånne som meg som var betalt for å pønske ut framtida for landbruket – som fabla om at det der med klimaendringar det er nesten berre bra det for norsk landbruk. Då kunne me snart få norskprodusert vin og nordlendingar kunne vandre rundt i mogne kornåkrar medan dei knaska på heimedyrka eksotiske frukter.

Men dei fleste viste at dette var berre sprøyt. Og bøndene starta orientere seg i retning alternative måtar å drifte på. Dei prøvde ut nye måtar å produsere energi på saman med nye produksjons og distribusjonssystem for mat med kortare verdikjeder mellom produksjon og forbruk. Dei las seg opp på forsking om jordbruk og klima og gjekk ut på eigne jorder og prøve det dei hadde lese. Dei freista gjere seg mindre avhengige av importerte innsatsfaktorar og leita etter driftsmåtar som kunne gjere dei meir solide i framtida, mindre sårbare for internasjonale kriser så vel som den varsla klimakrisa. Kort sagt; meir resilient, som det heiter i tåkverda åt oss pratmakarar.

Men dei vart lite lytta til av dei som skulle definere politikken for næringa. Tvert om vart dei motarbeida, dei vart til dels freista hengt ut og portrettert som fiendar av landbruket. For korleis skulle det gå om bøndene ikkje skulle sprøyte?, sa landbrukspolitikarane sine våpendragarar. Korleis skulle det gå om dei tok frå oss kunstgjødselen? Og kua ville ha dauda om ho ikkje fekk kraftfôr, i alle fall ville bonden gå konkurs om han ikkje fekk minst 8000 liter av ho i året.  Men det var aldri det dei alternativ tenkjande meinte, dei vil ikkje påtvinge alle andre å gjere som dei. Dei vil berre få lov å gjere som dei gjer.

Dei vil ikkje bygge ned bondesamvirket, dei vil berre skape parallelle matvarekjeder som kjem nærare både bonden og forbrukaren. Når dei argumenterer for fleire små bruk er ikkje det for å ta frå satsingsvillige unge mannlege bønder – sosialisert til ein traktorfetisj utanfor all sunn fornuft – moglegheita til å investere i driftsbygningar i 20 millionar klassa. Dei vil berre stogge bondekannibalismen. Men dei sprenglærde professorane med faste stillingar i dei agronomiske nerdetempla stemplar dei likevel som naive ludittar som manglar all bakkekontakt.

Men det hjelpte ikkje. Andelen annleis tenkande i landbruket ser ut til å vekse om lag like fort som dei tradisjonelt tenkande krympar.

Andelen annleis tenkande i landbruket ser ut til å vekse om lag like fort som dei tradisjonelt tenkande krympar

Skal byane lære noko av bygdene bør ein fyrst og fremst lytte til dei annleis tenkjande. Dei er meir samd med oss politisk korrekte «boks-menneskja» innanfor ring 3 enn både me og dei trur. Dei meiner me treng å bremse industrialisering, sentraliseringa så vel som over-mekaniseringa av landbruket. Dei arbeidar dagstøtt for ei utvikling av eit meir naturnært landbruk. Dei praktiserer eit variert landbruk med tidtare vekstskifte og dei ser endatil poenget med mindre kjøt og meir grønt på tallerkenen.

Men all kjøtet vil dei ikkje kutte. Dei vil framleis ha dyr på utmarksbeite, dei vil ha mindre å lettare dyr, dyr som ikkje gir større indrefiletar enn at ein 100 grams biff kan skjerast i 2 cm tjukke skiver. Då treng ikkje beitedyra beite der raudbetane skal vekse.

Dei vil ha multifunksjonelle landskap, dei vil ha utmark, skogar og kulturlandskap som fungerer like godt som kjelde for trevirke og mat samstundes som det vert både beita og gått på tur der.

Men det vil koste, det veit dei, dei som har sprunge på landbrukets tredemølle i nokre generasjonar.

Så kjære byfolk. Snakk med folka ute i grendene. Då kan me fort lære at me har meir til felles enn me trur. Me vil også lære at vegen mot lavutsleppsamfunnet også må byggast på bygda, og me vil lære at det vil koste.

 

Bjørn Egil Flø

Denne teksta er ein kortversjon av eit kåseri publisert på Arendalsveka 2019 tysdag den 13. august 2019 til programposten «Hva kan byene lære av bygda».

Sjå kåseriet her: Flø «Snakk med oss»

Teksta er også publisert i Bondevennen den 30. august 2019

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s