Landbruk og undergang

Av Eirik Magnus Fuglestad
eirik-magnus-fuglestad-2-krympa

 

 

 

 

 

Den politisk ukorrekte franske forfattaren Michel Houellebecq er ute med ny bok. Den handlar i stor grad om undergangen til dei franske mjølkebøndene.  I romanen, som heiter Serotonin, må mjølkebøndene gi tapt for frihandelen. Med denne boka føyer Houellebecq til siste kapittel i ei lang rekke romanar der han avkler den vestlege kulturen som tom  og underganstruga. Men kvifor har mjølkebøndene ei slik sentral rolle i denne siste boka?

Hovudpersonen i årets bok er ein depressiv agronom med sjølvmordstankar som også er impotent grunna stoffet han bruker mot depresjonen. I boka blir denne deprimerte, impotente agronomen, saman med mjølkebøndene, eit symbol på den klassiske Europeiske kulturen som går under ved sjølvforskyldt sak. Antidepresivet serotonin  er det einaste som held hovudpersonen i boka frå sjølvmordet, men det gjer han også han både impotent og utan lyst. Det er Friedrich Nietzsche sin klassiske diagnose av det vestlege moderne menneske som tomt og utan kraft, som ikkje har vilje til anna enn til sakte å døy: «ein liten dose gift no og då gir dei søte draumar, og til slutt ein stor dose gift for ein søt død», som Nietzsche skriv.

For oss som driv med slikt, altså landbruk, er det ein velkjent sak at jordbruket er i ei slags konstant krise. Omgrep som «bondekannibalisme» – ein prosess der gardsbruk blir nøydde for å «eta opp» nabobruka, altså ta over jorda og kvotane, for å overleva – og «bondens tredemølle», som betyr at bøndene må bli stadig meir og meir effektive, men utan at dei eigentleg kjem nokon veg, er vel etablerte.

Gardsbruk blir lagt ned i rasande fart, mest tusenvis kvart år. Eg har nemnt dette før, i andre tekstar eg har skrive, og tala ligg klare og oppe i dagen, lett tilgjengelege på SSB. Men likevel er dette ein stille død, svært få ropar varsku. Dersom 1500 industri eller service arbeidsplassar hadde vorte lagt ned kvart år, då hadde det vorte furore, men når så mange gardsbruk som forsvinn kvart år? Ingen ting.  Sjølv innan landbrukets eigen sfære er det eit slags stillteiande samtykkje til at slik må det vera ut frå ein udefinert floskel om å vera konkurransedyktige, og all missnøye vert i staden bruk på å rope ULV ULV. Gardbrukarane forsvinn einsamt ein og ein som skrømt for dagslyset, ein ser ikkje det store bilete før det plutseleg er lyst. Og då er det for seint, først då viser statistikken kva som skjedde.

Gardsbruk blir lagt ned i rasande fart, og sjølv innan landbrukets eigen sfære er det eit slags stillteiande samtykkje

Likevel har jordbruket framleis ei særeigen rolle i vestleg og norsk kultur. Framleis liker me å kalla oss ein nasjon av bønder. «Er me ikkje alle av bondeslekt?» høyrde eg ein framtreden maktperson uttala frå ei scene i Oslo ei gong. Det er sjølvsagt ikkje sant, og aller minst i ei slik forsamling. Men me liker i alle fall å tenka at dette er sant. Ligg det noko eksistensielt i dette?

Jordbruket er sjølve fundamentet i kulturen, tenkjer vi kanskje? Noregs Bondelag er ikkje mindre freidige i songen sin enn at dei kan deklamera at «all kultur er dyrken, først og fremst av jord». Jordbruket foreinar sivilisasjon og religiøs mystikk i ein høgare einskap; det er ikkje for ingenting at odelsbonden er det fremste nasjonale symbolet.

Alt dette har sjølvsagt også rot i røynda: jordbruket er stadbunde og opphav til dei fleste statsdanningar, jordbruket er framleis essensielt for matforsyninga til eit kvart folk. Jordbruket kan vera med på å ta vare på viktige beite og vekstressursar i generasjon etter generasjon. Dei vaktar fortida og framtida sitt gull gjennom tiår og hundreår i form av lokal kunnskap og fruktbar mold.

Trass i dette let me som samfunn stort sett landbrukt segla sin eigen sjø på dei internasjonale marknadane i sterk kuling frå den frie handelen. Jaudå, bøndene har sugerøyr i statskassa, der er ikkje tvil om det. Men eit svært tynt sugerørøyr, får ein vel seie. Og dersom målet er å halda gardsbruk over heile landet i drift, så viser statistikken altså at dette har liten effekt slik midlane nyttast i dag.

Men ikkje for det. Me skal ikkje ta vare på desse litt sære bøndene som putlar i jorda berre fordi me plent skal insistera på å pina litt grøde ut or den skrinne jorda på berget her, heller ikkje fordi me skal ha levande bygder og kulturlandskap. Nei, me skal ta vare på dei kanskje først og fremst av den grunnen at dei representerer noko fundamentalt om tilværet vårt. Det å dyrka og så å forvalta sårbare ting; å sjå gull i molda, og stordom i marken som kryp der og kløveren som veks.

Eg tenkjer at den aller beste grunnen for å ta vare på jordbruket ligg i desse svevande verdiane. Dei er ikkje handfaste og rasjonelle, og kan ikkje målast, men nettopp derfor kan heller ingen rasjonalisera dei bort. For å koma attende til Nietzsche: han seier ein stad at treet ikkje eigentleg er interessert i frukta, men i frøa. Dette er ein fin verdi for ein kvar kultur, og den ligg innebygd i jordbruket.

Houellebecq nemner ikkje dette eksplisitt i boka si. Det treng han heller ikkje. Jordbruket er noko av det mest tradisjonsbunde, og samstundes noko av det mest innovative og framtidsretta me har i det norske samfunnet i dag. Skulle denne næringa gå under ville me miss noko grunnleggjande ved oss sjølve. Samstundes kan jordbruket vera ei bærebjelke inn i eit nytt, grønt samfunn.

Når Houellebecq koplar dei franske mjølkebøndene til vestens undergang og til hovudpersonen sin personlege kollaps, kan det sjåast som ein metafor for at me fjernar oss frå grunnleggande forståingar og sentrale trekk for kva som gjer eit samfunn leveleg og berekraftig.

 

Eirik Magnus Fuglestad

Forskar, Ruralis

 

Denne teksta er tidlegare publisert i Stavanger aftenblad den 25. apri 2019

Høyr også Verdibørsen i NRK P2 frå 15. august, der Jostein Gjertsen snakkar med mellom anna Dag Jørund Lønning og Eirik Fuglestad om landbruk, omdanning og bondedød og slikt.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s