Ei kjensle av ran

Av Bjørn Egil Flø

 

 

 

 

Svært få har sett føre seg at dette skulle kome. Med få unnatak har korkje samfunnsforskarane eller kommentatorane – dei som liksom skal vere betalt for nettopp å sjå slikt – evna å sjå føre seg at moderniseringa– for ikkje å seie «den økologiske moderniseringa» av Noreg, skulle verte møtt med slik ei motstand.

For det er det motstanda handlar om, eller rettare; den handlar om dei konkrete resultata som følger i kjølvatnet av moderniseringa og ikkje minst i kjølvatnet av den økologiske moderniseringa.

Det handlar ikkje om identitetspolitikk eller representasjonar, det handlar ikkje om at bygdefolk ikkje identifiserer seg med omgrepa og språket ein nyttar i det moderniserte Noreg. Nei, det handlar om det substansielle innhaldet i det som vert sagt.

Sameleis handlar det ikkje om at eit nedlagt fiskemottak – eller for den del ulven – «representerer» eitt eller anna abstrakt. Nei; det handlar om at folk mistar levebrødet sitt; det handlar om at ulven drep og om at ein kypriot busett i London drit ut fjordane deira utan å legge att anna enn arbeid åt eit par estlendarar og ein biolog frå Oslo.

Det handlar om ei aktiv nedbygging av distriktspolitiske verkemiddel til fordel for ein ny-liberal politisk filosofi, der staten fråskriv seg ansvaret for distriktsutviklinga og overlèt det til bygdefolket sjølve å fikse. Og når alt ser ut til å gå til helvete kjem det eit knippe dresskledde kontorfolk i pumps og spissesko og seier at «her er det bare så pent, dere må satse på å få opp noen reiselivsprosjekt».

i tråd med utlysinga i Forskingsrådet sine program jobba eg aktivt for å gentrifisere Bygde-Noreg i tråd med det offisielle Noreg sin draum om å gjere grendene om til rekreative rurale koloniar for den jamt veksande urbane middelklassen

Jau da, det tok også lang tid før eg såg det. Frå då eg starta å arbeide som bygdesosiolog i 1998 til godt innpå 2000 talet var eg like blind for dette som alle andre. Samvitsfullt gjorde eg jobben eg var sett til. Heilt i tråd med utlysinga i Forskingsrådet sine program jobba eg aktivt for å gentrifisere Bygde-Noreg i tråd med det offisielle Noreg sin draum om å gjere grendene om til rekreative rurale koloniar for den jamt veksande urbane middelklassen.

Men gradvis starta eg sjå det. Mest fordi folk starta syne meg det. Eg møtte bygdefolk i kvardagen, eg møtte dei der dei kjenner seg heime og dei tala fritt og synte meg det dei ser. Dei synte meg lokalsamfunna deira, grendene og tettstadane der dei bur. Dei synte meg dei lange gardsvegane og hamnene med dei uryddige innseglingane. Dei synte meg at det gror mot større skilnadar mellom by og bygd.

«Det starta på 80-talet», fortel dei meg. «Det starta med dei nye og glatte politikartypene, dei med skulderpute og håkkisveis». Og historikarane støttar dei i det. Berge Furre kalla desse åra for «marknadens år», då gjekk me frå ein distriktspolitikk der staten tok ansvaret for bygdeutviklinga til ei individualisering av ansvaret for grendenes suksess. Me gjekk frå ein moralsk forankra distriktspolitikk til ein ny-liberalistisk distriktspolitikk prega av ei naiv tru på den frie marknaden, privatisering, skattereduksjon og reduksjon av offentlege utgifter.

I 1992 fekk me også ei stortingsmelding som – i følge professor Håvard Teigen – avvikla den særnorske distriktspolitikken. Næringspolitikken vart gradvis inngjerda av EØS-avtala. Og dei klassiske næringspolitiske verkemiddel vart mykje godt fjerna.

Globaliseringa gjorde seg stadig meir gjeldande for store delar av næringslivet, særleg i distrikta. Men det offisielle Noreg såg det ikkje. Frå det haldet vart det berre kravd enno meir. Det skulle reformerast i alle leirar, det skulle av-byråkratiserast og effektiviserast, og i tillegg ville dei pinadø ha tak i ressursane som ligg til grendene også. «Det trengst i kampen mot klimaendringane», seier dei. Men bygdefolket ser ikkje anna enn at det berre handlar om dei same gamle greiene, det handlar om å maksimere profitt for dei få framfor dei mange.

Dei har slutta tru på oss, for me er ikkje tillita verdige. Me har aldri brydd oss. Me har portrettert bygdefolket som akterutsegla – som dei som blei igjen – som dei som aldri evna å kome seg ut, dei som aldri kom seg til byen. Dei er ikkje berre middelmåtige, men dei er nostalgiske, nasjonalromantiske, ja til og med nasjonalistiske.

Medan me….? Ja me er fri frå nostalgi, me er internasjonalister. Me er egalitære og meritokratiske, me meiner me har fortent den maktposisjonen me har gjennom vår eigen intelligens og fornuft. Me er ikkje følelsesmenneskjer, anna enn når me flanerar omkring på kunst vernissasje.

Me er travelt opptatt av å leve våre raske liv. Derfor stengjer me ned sjukehus og fødestover, derfor stengjer me dei lokale politikontora og kallar det nærpolitireform, derfor overlet me postomberinga til haltande fyrstegenerasjon GSM nettverk og meiner det må vere godt nok åt pakket. Me er rotlause sosial-liberale verdsborgarar og me trur det er det rette å vere.

Me er rotlause sosial-liberale verdsborgarar og me trur det er det rette å vere.

Den som ikkje set motstanda mot vindkraftverk, bomstasjonar og auka drivstoffavgifter, saman med motstanda mot kvotebaroniet i fiskeriet, sentraliseringa av jordbruksproduksjonen og nedlegginga av fødestuer, nærpolitireformen og kommunesamanslåinga og framveksten av jamt glattare politikartypar, gjer berre det far min brukte kalle «halve jobben».

Å tru at det einast handlar om klimafornekting eller nedbygging av natur, er i beste fall naivt. Men det handlar også om det; det handlar om nedbygging av deira sin natur og om avvising av makteliten sine «sanningar».

Det handlar om undertrykking og om ei kjensle av ran.

 

Bjørn Egil Flø

Denne teksta er ein kortversjon av eit kåseri publisert på Arendalsveka 2019 onsdag den 14. august 2019 til programposten «By og land mann mot mann». Kåseriet bygger også på teksta «Av skvik kom mistru sigande»

Sjå heile debatten inkludert dei to oppspela til debatt på arendalsuka sin youtube kanal.

Teksta er også publisert i Klassekampen den 14. august 2019

4 Comments on “Ei kjensle av ran

  1. Gode Bjørn!
    «Det handlar om undertrykking og om ei kjensle av ran». Skal me ikkje kalla ein spade for ein spade? Det er ranet av ålmentas eigedom nett som då Ingolfur Arnason forlet landet i 872. Ranet av odelen vert det ranet kalla (Sjå Eigil Skallagrimssons Saga).

  2. Tilbakeping: Motkulturar eller kulturkløft ? | RURALE REFLEKSJONAR

  3. Tilbakeping: Anarkisten langs Nordvegen | RURALE REFLEKSJONAR

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s