Motkulturar eller kulturkløft ?

Av Eirik Magnus Fuglestad
eirik-magnus-fuglestad-2-krympa

 

 

 

 

 

 

Facebookgruppa Distriktsopprøret i Norge har i dag over 40 000 medlemmar

Har me eit distriktsopprør på gang? Mange vil meina det. Facebook gruppa Distriktsopprøret i Norge har over 40 000 medlemmer i skrivande stund. Ein bråte forskjellige ting blir drege inn her. Alt frå motstand mot vindmøller, til høgare ferjeprisar til ulvekonflikt og alle former for sentralisering: være det seg regionreform, politireform, eller nedlegging av sjukehus og studiestader. Er det noko sams i alt dette ?

Om ikkje anna så passer alle desse «opprøra» inn i konfliktdimensjonen «sentrum-periferi» som den kjente statsvitaren vår Stein Rokkan skreiv mykje om. Rokkan meine å kunne identifisera nokre faste og relativt stabile skiljeliner som hadde kjenneteikna norsk politikk sidan vi fekk vår eiga grunnlov, og han meinte at både sentrum og periferi i Noreg hadde sine særeigne politiske og sosiale kulturar som ofte var motstridande.

Det har likevel ikkje berre vore tale om reine motsetnader her. Tvert i mot har radikale element frå både sentrum og periferi kome saman i alliansar som har forma norsk samfunnsutvikling på grunnleggjande vis. Slik var det då venstrerørsla som velta embetsmannsstyret i 1884 vann fram, slik var det då Bondepartiet og Arbeidarpartiet kom fram til kriseforliket i 1935 – med slagordet by og land hand i hand – som symbol for ettertida, og slik var det då nordmenn røysta nei til EU både i 1972 og i 1994.

Det ser ut til at denne tradisjonen for å skapa alliansar mellom dei forskjellige kulturane i sentrum og periferien er i ferd med å rakna no. I alle fall set det ut for at det er ei aukande polarisering mellom dei som bur i distrikta, og dei styrande elitane i byane, først og fremst i Oslo.

Mange menneske i distrikta føler seg overkjørte og oversett, og det er ikkje berre ei kjensle heller. Illustrasjon: R. Hagen, VG

Motkulturar mot dei sentrale elitane har me som nemnt alltid hatt her i landet. Og på mange vis er det motkulturane som i stor grad har definert den norske moderniteten, alt frå bondeførarar til målfolk, avhaldsfolk og radikale anarkistar. Men å ha levande motkulturar er ikkje det same som å ha ei aukande kløft mellom sentrum og periferi – eller mellom by og land – om ein vil. Og det er kanskje nett ei slik kløft som gradvis opnar seg no.

Denne kløfta ser ein ikkje minst i kommentarfelta på nettet, sjølv om desse ofte kan framstå som meir polariserte enn kva røynda er. Men det er noko i det, mange menneske i distrikta føler seg overkjørte og oversett, og det er ikkje berre ei kjensle heller. Som bygdeforskar Bjørn Egil Flø har sett føre, så har det skjedd markante endringa i dei materielle kåra som bygdefolka lever under sidan 1980-talet. Arbeidsplasser og tenester byrja gradvis å forsvinna då det historikaren Berge Furre kalla «markandens år» byrja rå. I denne samanheng har statsvitar Jostein Vik tala om «den grådige staten»: ein stat som tar, men ikkje vil gi, ein stat som sentraliserer og sparer distrikta til fant.

Me må innom ein siste statsvitar – Jostein Brobakk – som også har skrive om distriktsopprøret. Brobakk hadde lese regjeringa si distriktsmelding som han meinte eigentleg ikkje svara opp på nokre av dei sakene som folk i distrikta faktisk er opptekne av no i det pågåande distriktsopprøret. Dette fører oss til bake til den potensielle kløfta som opnar seg mellom by og land. Er det slik at dei som styrer i sentrum verkeleg ikkje klarer å sjå kva som verkelig skjer der ute, og kva folk verkeleg tenkjer?

Somme gonger finn me spirene til framtida som stjerner strødde i fortidas mørkre

Det er altså mykje som talar for at det ikkje berre er eit, men mange distriktsopprør på gang i landet vårt i desse dagar. Det som motstand mot vindmøller har til sams med uro for nedlegging av sjukehus eller med sinne mot regionreformer, er at dei er utrykk for ei aukande kløft mellom sentrum og periferi. Nokre ville kanskje dra vindmølle-metaforen generelt over på alle desse protestane, og sjå dei som litt romantiske men bakstreverske Don Quixotar som kjempar ein både dum og håplaus kamp mot framsteget.

Men framtida ligg ikkje alltid der ein trur. Somme gonger finn me spirene til framtida som stjerner strødde i fortidas mørkre.  Det som me treng, er ein ny klassisk allianse mellom motkulturane i periferien og dei i sentrum, slik ein har sett så mange gonger før i norsk historie. Det er framleis mogleg.

 

 

Eirik Magnus Fuglestad

Forskar, Ruralis

 

Teksten er tidlegare publisert i Nationen den 22. januar 2020

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s