RURALE REFLEKSJONAR

Arkiv

EIRIK MAGNUS FUGLESTAD Den store sigeren til det norske landbrukssystemet er først og fremst at det produserer billig mat til mange folk. Prisen er fallande berekraft i alle ledd, og på alle vis. Dette systemet bør utfordrast. «Å, det er berre nokre slike klima-greier som dei har klistra på», seier far min, liketil, og seier ikkje noko meir. Så går me inn med mjølka til kveldsmaten. Me hadde vore i det nye… Les meir

Av Eirik Magnus Fuglestad             Den som flyg over Noreg, den som reiser Nordvegen frå lufta, vil sjå ville fjell og fjordar og skog, men om ein ser etter, så ser ein også gardsbruka og dei småe bygdesentera spreidde mellom fjella og fjordane heile vegen frå nord til sør. Når ein ser dette, ser ein også den norske populismen frå lufta, anarkistisk fridom langs ei reiseleid.  … Les meir

Av Eirik Magnus Fuglestad             Har me eit distriktsopprør på gang? Mange vil meina det. Facebook gruppa Distriktsopprøret i Norge har over 40 000 medlemmer i skrivande stund. Ein bråte forskjellige ting blir drege inn her. Alt frå motstand mot vindmøller, til høgare ferjeprisar til ulvekonflikt og alle former for sentralisering: være det seg regionreform, politireform, eller nedlegging av sjukehus og studiestader. Er det noko sams i… Les meir

Av Eirik Magnus Fuglestad           Den politisk ukorrekte franske forfattaren Michel Houellebecq er ute med ny bok. Den handlar i stor grad om undergangen til dei franske mjølkebøndene.  I romanen, som heiter Serotonin, må mjølkebøndene gi tapt for frihandelen. Med denne boka føyer Houellebecq til siste kapittel i ei lang rekke romanar der han avkler den vestlege kulturen som tom  og underganstruga. Men kvifor har mjølkebøndene ei slik… Les meir

Av Eirik Magnus Fuglestad og Rob Burton         I framtida blir laboratorieprodusert kjøt truleg vanleg, billeg og klimavenleg. Norsk jordbuk kan læra eit og anna frå fortida om korleis ein bør møta denne utfordinga. Den 13. september 2013 skjedde det noko som kan få store og fatale følgjer for norsk jordbruk i ei ikkje for fjern framtid. Det som skjedde var dette: ein stad i verdsbyen London viste forskaren… Les meir

Av Eirik Magnus Fuglestad             Er me i ferd med å verta ein nasjon av umyndige bønder att her på berget? Spørsmålet er relevant i ein kontekst der rikdom og eigedom hopar seg opp på færre hender. Dette undergrev sjølve det demokratiske fundamentet. Kan odelsretten redda oss ? Er Per Olaf Lundteigen ein moderne Christian Magnus Falsen? Historia visar veg.   Som ein dim draum i vintermørkret… Les meir

Av Eirik Magnus Fuglestad           I framtida skal jordbruket verta bioøkonomi, høyrer ein ofte. Og denne bioøkonomien skal verta den nye olja vår – ein grøn og berekraftig ressursbruk i ein sirkulærøkonomi. Kan dette vera ein sjanse til å utforma ei ny marknadsregulering på nye premiss? Marknadsregulering av kjøt er i hard vind i desse dagar. Først gjekk det så til her i landet vårt at Nortura eksporterte… Les meir

Av Eirik Magnus Fuglestad             Erna Solberg erklærte i starten av regjeringstida si at kunnskap er den nye olja. Det er ikkje tvil om at kunnskap og idear vil verta viktige i framtida, men gløymer me å snakka om det materielle grunnlaget for samfunnet vårt? Snakkar me nok om kven som skal eige grunnressursane våre? Karl Marx minner oss på kor viktig eit eigedomsperspektiv er på politikken…. Les meir

Av Eirik Magnus Fuglestad             Heilt sidan eg var ein liten gut har Tønes vore ein kjend visesongar i bygdene og dalstrøka innafor der eg er frå. No er han også kjendis i Oslo, der eg bur no. Ein av dei tidlege songane til Tønes heite ”Bonde”, og som liten gut kjende eg meg stolt og kry over at nokon song om far min, og om det… Les meir

Av Eirik Magnus Fuglestad         Me har vel alle ei førestilling om at Noreg er eit steinut land av fjordar og fjell? Men det er ikkje alle som har ei like klar førestilling om korleis dette legg føringar for matproduksjonen vår. For brorparten av den norske folkesetnaden – dei som bur i byane i dei flataste matfata våre – kan det nok sjå ut som at det finst rikelig… Les meir