Bråsnu eller døy
Av Eirik Magnus Fuglestad og Rob Burton
I framtida blir laboratorieprodusert kjøt truleg vanleg, billeg og klimavenleg. Norsk jordbuk kan læra eit og anna frå fortida om korleis ein bør møta denne utfordinga.
Den 13. september 2013 skjedde det noko som kan få store og fatale følgjer for norsk jordbruk i ei ikkje for fjern framtid. Det som skjedde var dette: ein stad i verdsbyen London viste forskaren Mark Post frå universitetet i Maastrict fram ein hamburgar. Den såg ut nett som ein vanleg hamburgar, og smaka visstnok også slik.
Så kva er greia, då? Jau, denne hamburgaren kom nemleg ikkje i frå eit slakta storfe, men var produsert i eit laboratorium. Det var verdas første laboratorieproduserte hamburgar. Denne hamburgaren ville du som lesar neppe hatt budsjett til å kjøpa – den kosta nemleg over to og ein halv million kroner å framstilla. Vidare brukte ein to år på forsking, samt tre månader på å «gro fram» hamburgaren. Neppe noko stort trugsmål mot Dagros og norsk jordbruk, tenkjer du kanskje?
Slik har folk tenkt også før. I dag blir til dømes det meste av fargestoffet indigo produsert kjemisk i fabrikk. Slik var det ikkje på byrjinga av 1900-talet. Då vart blåfargen produsert av planter, og utgjorde leveveg for mange gardbrukarar både i India, Kina, Afrika og sentralamerika. Då tyske forskarar så smått byrja å eksperimentera med å laga kunstig indigo, hadde ingen av desse bøndene noko tru på at dette ville bli eit problem. Dei lo av «tanken på at einkvan tysk skrulling skulle kunna produsera indigotin som kunne konkurrera med den ekte vara», som det står i The Economic Journal, vol 22 frå 1912.[1]
Sant nok var den kunstige produksjonen dyr og tidkrevjande i starten, men etter andre verdskrig hadde den kunstige produksjonen konkurrert ut bøndene. Bøndene tok ikkje trugsmålet alvorleg, og vart utdanka.
På liknande vis gjekk det med det raude fargestoffet alizarin som kom frå planter dyrka i store delar av Europa for 100 år sidan. Ved dette høve innsåg plantebøndene tidleg faren, men problemet var at dei i tiår etter tiår hadde avla fram eigenskapar i planta som fremja kvantitet framfor kvalitet. Då det kunstige fargestoffet kom på banen, vart det både billegare og ikkje minst av betre kvalitet enn den naturlege vara. Bøndene gjekk ein brå økonomisk død i møte.
Før eller sidan blir kunstig kjøt så billig og så enkelt å laga at det utan problem vil kunna danka ut dyrt, norsk masseprodusert kjøt frå jordbruket
Lærdommen frå desse to døma er todelt: frå det første dømet – ein ikkje skal avfeia teknologiske nyvinningar som urealistiske og uansett dårlegare enn den naturlege vara. Før ein veit ordet av det, har dei vorte vanlege og dominerande. Frå det andre døme: det er lett for ein produksjon å produsera seg inn på eit spor som ikkje står robust mot framtidige utfordringar, ved å verta for einsidig.

Kan det oppstå to parallelle marknadar for storfekjøt, ein kunstig og ein naturleg?
Eg vil påstå at norsk jordbruk i dag, i alle fall delvis, er skuldig i å ikkje ta desse lærdommane på alvor med tanke på utviklinga av kunstig produsert kjøt. Stort sett står næringa med hovudet i sanden, og vil ikkje ein gong høyra om det kunstige kjøtet. Så snart ein høyrer om kunstig protein svarer ein at dette for det første sikkert ikkje blir noko av før om veldig lenge, og at dessutan vil det aldri kunna konkurrera med den ekte norske vara. Skulle einkvan «skrulling» frå eit universitet i Tyskland liksom kunna klara laga noko slikt…?
Sanninga er likevel at norsk jordbuk i ganske raskt tempo kjører seg inn på eit spor der det endelege produktet blir likare og likare det kunstige proteinet, nemleg masseprodusert og kunstig. Meir volum og meir effektivt er evangeliet i den offisielle politikken. Gardane blir meir og meir industrialiserte.
Heldt det fram slik, vil norskprodusert kjøt kanskje vera like kunstig og industriprodusert som det laboratorieproduserte kjøtet, når dette for alvor kjem på marknaden. For det kjem nok.
Før eller sidan blir kunstig kjøt så billig og så enkelt å laga at det utan problem vil kunna danka ut dyrt, norsk masseprodusert kjøt frå jordbruket. Det seiest også at slikt laboratoriekjøt bruker berre brøkdelen av energien og vassmengda som vanleg kjøtproduksjon bruker, og at laboratorieframstillinga slepp ut 80 prosent mindre klimagassar.
Stilt ovanfor denne utviklinga må norsk landbruk tenkja nytt. Og det finst ein veg utanom døden for Dagros. Vanilje er eit stoff som i dag vert produsert både kunstig og naturleg. Som kjøt, er vanilje ein ganske kompleks substans å (re)produsera. Derfor finst det i dag to parallelle marknader for vanilje; ein kunstig og ein naturleg. Slik kan ein kanskje klara å gjera det med kjøt også.
Den norske kjøtproduksjonen må då satsa på det som verkeleg den særeigne styrken sin; småskalaproduksjon basert på lokale grasressursar, der bærekraft og velferd står sentralt. Då kan ein reklamera med eit kvalitetsprodukt som kan seljast parallelt med billeg, kunstig kjøt når dette ei gong kjem. Dette føresett at ein bråsnur Dagros på den vegen ho er på no, og vel ei anna retning enn volumauke lausrive frå alle ressursgrunnlag.
Rob Burton
Begge forskarar ved Ruralis – institutt for rural- og regionalforskning
Denne teksta er tidlegare publisert i Bondevennen den 8. februar 2019
[1] Asiaticus, 1912. The Rise and Fall of the Indigo Industry in India. The Economic Journal 22 (86), pp. 237-247.