Gi meg fyr
Av Bjørn Egil Flø
«Har du høyrt det siste då?», sa kompissen min. Eg høyrde han ivra for å fortelje meg noko han trudde ville interessere meg. «No skal dei gjere oss om til fyrtårn her på Flø», sa han i full visse om at akkurat det ville eg ikkje kome til å forstå mykje av. Men etter litt att og fram fekk eg etter kvart ei forståing av kva som var på ferde.
Ulstein kommune har nemleg, som ein lekk i arbeidet med å lage ein felles «masterplan», gjennomført ein arbeidsverkstad saman med representantar frå reiselivet i regionen og Destinasjon Ålesund og Sunnmøre (DÅS). Etter det eg forstår kan det synast som det er DÅS som i etterkant har skrive saman eit notat som har fått tittelen «Strateginotat for ein reiselivsplan for Ulstein kommune». Og det er her grenda Flø dukkar opp som eitt av tre moglege «fyrtårn». Saman med Borgarøya og noko dei kallar «Maritim kultur og identitet» skal Flø profilerast og danne grunnlaget for ei auke i reiselivet på Sunnmøre. Det er også konklusjonen frå dette strateginotatet som Ulstein kommune sluttar seg til når dei gjennom kommunestyrevedtaket den 21. februar ber administrasjonen arbeide vidare i tråd med dei tilrådingane strateginotatet gir.
Sjølve strateginotatet er meint å skulle vere ei «situasjonsanalyse» og det hevdar å «avklare føresetnadane» for Ulstein kommune si rolle i utviklinga av ein regional «masterplan» for reiselivet på ytre søre Sunnmøre. Men etter mitt syn er det langt frå å kunne kallast ei situasjonsanalyse og ingen føresetnadar vert heller avklara, det eg kan sjå. Det einaste eg ser er at dette er ein rapport frå ein idédugnad der ei knippe kompisar har sete kring eit bord og tenkt høgt om kva dei meiner som finst i regionen, som dei kan slå kloa i. Så då står det att å sjå kor meisterlig denne planen vert.
Utgangspunktet for notatet er at Møre og Romsdal er eitt av dei fylkja som saman med Østfold, Hedmark og Vestfold skårar dårlegast på sysselsette, produksjon og bruttoprodukt frå reiselivet. Jau da, det kan sjå dramatisk ut. Eg meiner, kven vil vel verte sett i bås saman med desse tre fylkja? Nei, då er det helst fylkjer som Troms, Finnmark og Sogn og Fjordane det bør «vere naturleg å samanlikne seg med», som det heiter i strateginotatet. Men då gløymer dei at dette er alle fylkjer som slit både sosialpolitisk og næringspolitisk på områder der Møre og Romsdal greier seg svært godt. Det må i det høve vere lov å minne om det gamle Yngve Hågensen sa i eit portrettintervju i NRK P2 fleire år tilbake «Har du ein god jobb i industrien så treng du ikkje kle deg i bunad og danse for turistar».
«Har du ein god jobb i industrien så treng du ikkje kle deg i bunad og danse for turistar»
Poenget er at det er ikkje eit reint sjukdomsteikn at reiselivet sysselset ein låg andel av befolkninga i Møre og Romsdal, kanskje snarare tvert om. Dette må dei vite dei som har balla saman dette strateginotatet – om ikkje har dei skulka i lekselesinga – men likevel vel dei altså å ikkje nemne det.
Ein ting dei nemner derimot, og som dei også har heilt rett i, det er at Møre og Romsdal er ein av dei regionane som opplever den største kvantitative veksten i talet på reisande. Samstundes greier dei å framstille det som einsidig positivt og som eit potensiale for auka (økonomisk) verdiskaping. Og ja, ved godt forarbeid og god strategisk planlegging kan det nok vere eit visst potensiale for meir butikk, men med dårleg planlegging er potensialet større for at verdien på «vara» raskt vert redusert som fylgje av «crowdedness», eller det ein på norsk somtid omset med over-turisme.

For ti år sidan var det god plass i Den blå lagune, Islands største turisttattraksjon, utanfor Reykjavik. No vert det jamt oftare rapportert om «crowdedness» for stadig fleire av Islands «reiselivsuksessar» .
Det finst eit hav av faglitteratur som fortel oss at den beste strategien for å utvikle eit berekraftig reiseliv er å søke å halde talet på reisande godt under lokalbefolkninga si tolegrense, samstundes som ein også søkjer å auke det kvalitative innhaldet i reiselivstilbodet. For målet er ikkje at den einskilde reiselivsoperatøren skal kunne ta ut mest mogleg profitt, men derimot at reiselivet skal skape fleire og meir sosialt berekraftige arbeidsplassar samt styrke kringliggande næringar som sikrar livsgrunnlag for lokalbefolkninga. Og om det enno finst folk som ikkje er klar over det, så vil eg presisere at det ikkje er sant som det vert hevda i strateginotatet. Det er ikkje sant at turistane kjem til Norge for «natur, aktivitetar og opplevingar», for det finn dei over alt elles. Det finn dei i enno rikare mon i Alaska, på Kamtsjatka og New Zealand, der er fjella høgre, isbreane meir tilgjengeleg, elgen og laksen er både større og meir talrik. Og i tillegg finst der knapt restriksjonar på RIB eller snøskuter køyring og brennevinet er også så mykje mykje rimelegare. Nei dei kjem til Norge for å oppleve det dei ikkje kan oppleve andre stadar. Eg vil erstatte strateginotatet sine tre stikkord med orda; variasjon, fotefar og kontrastar. For det er det dei snakkar om, dei reisande, når dei fer gjennom vårt langstrakte land. Dei snakkar om relasjonen mellom menneske og landskap. Dei spør seg sjølv, for det er ingen andre å spørje; «kva driv folk med her, korleis kan det bu folk her?». Dei ser på dei små jordlappane, dei ser på dei få sauene, på småbruka og på dei einslege husa kring om i landskapet. Dei ser på den menneskelige aktiviteten og betraktar det som eit overskotsfenomen. Dei ser fotefar etter folk i generasjonar, dei ser at menneske står fram som marginale snarare enn sentrale i landskapet. Dei ser eit kjølig vitnesbyrd om skandinavisk einsemd, som dei kjenner frå litteraturen og frå kunstnarane under nasjonsbygginga. Dei ser eit autentisk drama mellom menneske og natur, dei ser liv og dei ser død og dei ser historie. Samstundes ser dei livsrom og balanse, dei ser berekraft og økologi og representasjonar om eit godt liv i rurale omgivnadar. Men fyrst og fremst ser dei at kulturen sin konstante infiltrering av naturen står fram som eit refreng i representasjonen av Norge og det norske landskapet – kontrastane sitt landskap.
Alt dette ignorerer strateginotatet. Og samstundes vrir dei på elles brukbar forsking og transformerer det til malplasserte referansar som får det til å stå fram som middels gode stiloppgåver på ungdomsskulenivå. Under overskrifta Bustadsattraktivitet tek dei naive snarvegar som gjer at arbeidet til forskarane på Telemarksforskning ser ut som idiotarbeid. «Utvikling av reiselivsmål er todelt», skriv dei. Og akkurat det lovar får så vidt bra, men når dei i framhaldet berre fortel halve sanninga og hevdar at «det er bra for dei som besøker destinasjonen, men det er også positivt for dei som bur her», så vert det berre naivt. Vidare klipper dei inn eit sitat frå Telemarksforskning som nettopp er meint å presisere at det fyrst og fremst er bustadsattraktivitet ein bør konsentrere seg om å skape, for det er det som skaper ein stad som igjen er attraktiv for dei besøkande. Når strateginotatet snur dette på ryggen og hevdar at å utvikle eit reisemål derfor er det same som å utvikle eit lokalsamfunn, så står det til stryk.
Når strateginotatet snur dette på ryggen og hevdar at å utvikle eit reisemål derfor er det same som å utvikle eit lokalsamfunn, så står det til stryk.
Heile strateginotatet er spekka med slike og liknande manglar. Under overskrifta Berekraft, listar dei opp Innovasjon Norge sine ti prinsipp for eit berekraftig reiseliv utan seinare å gjere ein einaste utfyllande refleksjon om korleis deira tilrådingar står i høve til prinsippa. Basert på noko dei kallar ein «heilskapstanke» så seier dei «at reiselivet i Ulstein kommune bør utviklast ved å satse på fyrtårnutvikling, arrangementsturisme og opplevingsturisme, og samspelet mellom desse». Jaggu! Eg meiner; hallo!? Kan nokon fortelje meg kva den sokalla «heilskapstanken» i så fall er!
Eitt av desse fyrtårna skal då vere Flø, mi tidlegare heimbygd. For der finst det vist «.. urørd natur», i fylje strateginotatet. Der finst det «.. sandstrender, rullesteinstrender, gravrøyser, spesielle lysforhold (og) begrensa utbygging». Sumarnatta er vist også lysare her, fortel dei.
Ja, vist er det vakkert på Flø, men urøyvd er det ikkje! Ikkje eingong gravrøysene er urøyvd, akkurat det kan me vel ikkje vere så stolte av. Men uansett, hadde dei vore urøyvde i opphavet så hadde dei vel heller aldri vorte til. Poenget er at estetikken er skapt av den menneskelege aktiviteten og den forsvinn fort ut av landskapet om me sluttar å røyve vet det. Det er det levande landskapet, skapt av eit levande bygdesamfunn, som gjer at det i dag står fram som attraktivt nok til at den DÅS drivne idédugnaden vil slå til seg Flø som eit fyrtårn på ytre søre luten. Eit fyrtårn som dei kan nytte kostnadsfritt i marknadsføringa av sin jamt mindre berekraftige business. For på Flø kan turisten «oppleve storhavet, vandre på fjellvidder, verte kjend med kystkulturen omgjeven av urørt (igjen) natur – på eitt brett. “Ditt næraste Lofoten” for folk i Sør-Skandinavia, Tyskland m.m. Her skal turisten få trekke storfisk opp av havet, sjå kunst i verdsklasse, surfe på storbåra, sykle på fjellstiane, ta dagsturar i fjellet, oppleve havørn og anna lokalt fugleliv på nært hald og fiske aure i et idyllisk fjellvatn».

Lokalbefolkinga i Lofoten og røynde reiselivsfolk er uroa for den auka turismen. Men det tykkjer ikkje reiselivssjefen i Lofoten som meiner saka er blåst opp. ABC Nyheter 18. juli 2017
Jau da, det vert nok det «næraste Lofoten», men den som har snakka med lofotværingen dei siste åra vil også få høyre forteljingar om kva det har kosta for dei som bur der. Og er du i tvil om det, så rår eg deg til å finne telefonkatalogen og ringe ein som står oppført som bonde, fiskar eller for den del lærar der. Då får du høyre ei anna forteljing enn kva NHO Reiseliv sin sjef, Kristin Krohn Devold, fortel.
Eg kjenner meg viss på at Flø vil vere attraktivt nok i framtida uavhengig av fyrtårnstatus eller ei. Og faktisk tenkjer eg at ein fyrtårnstatus også kan vere bra for Flø, om etableringa av den statusen vert forankra hjå Flø folket fyrst og om dei får høve til å definere føresetnadane før Destinasjon Ålesund og Sunnmøre startar nytte grenda i si eiga marknadsføring. Kva må på plass for å sikre at verdiskapinga frå reiselivet der kjem lokalsamfunnet til gode og ikkje forsvinn over Breisundet? Kva må til for å sikre at anna næringsaktivitet, og då særleg jordbruket, også i framtida kan drive den landskapspleia som trengst for å sikre at sumarnettene framleis skal vere ekstra lange der ute? Kva må til for at mødrene og fedrane skal kunne lære borna å sykle langs vegen utan fare for at solnedgangsblenda sjåførar skal skumpe borti dei med sladrespegelen på den forvaksne SUV’en sin?
Løys det, før dokke trer fyrtårnstatus over Flø folket. Ei så sterk Framstegsparti kommune som Ulstein bør vite kva som skjer når folk vert misnøgd med dei politiske vedtaka, då stemmer dei på populistane og i dag er det Senterpartiet som rir den hesten.
Denne teksta er også publisert i Vikebladet Vestposten den 16. mars 2019
Tilbakeping: forteljinga om ein varsla smell | RURALE REFLEKSJONAR