forteljinga om ein varsla smell
Av Bjørn Egil Flø
Dette er eit svar til Engh og Skrede sitt innlegg i Vikebladet den 23. mars 2019 og delvis også Eldar Stein Flø sitt innlegg i same avis datert 21. mars 2019
Med overskrifta «Fyr her!» varslar styremedlem i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre (DÅS) – Knut Erik Engh (også ordførar i Ulstein kommune) – og hans gode venn og administrerande direktør i same selskap – Tom Anker Skrede – at det snart smell. Men fakta er at det har alt smolle og mykje gjekk sundt i smellen. Og vit, det var dokke sjølve som tente lunta.
Inspirert av ei freisting om å skildre meg som «ein sjølvgod elitist som manglar både bakkekontakt og vidsyn», har dei sett seg i hop for å skrive noko dei kallar eit «svar» til mitt innlegg «Gi meg fyr» som vart publisert i Vikebladet den 16. mars (og her på denne bloggen same dag). Rett nok gir dei meg «enkelte gode poeng», som dei skriv, men dei etterspør samstundes «konstruktive innspel i det vidare arbeidet». Ja, det er ikkje løye det, for mitt mål var ikkje å gi dei konstruktive innspel til det vidare arbeidet, men snarare å fortelje dei at dei har kødda til det vidare arbeidet med grunnleggande dårleg forarbeid.
Om Engh ønskjer råd om kva han skal gjere vidare bør han legge frå seg styrevervet i DÅS ein augneblink og ta på seg ordførarkjeda før han les brevet han har fått frå aksjonsgruppa som i desse dagar har samla underskrifter mot dette «top down» vedtaket som ligg til grunn for heile denne debatten. For der står rådet klart og tydleg. Dei ber berre om at vedtaket «vert gjort om, slik at prosessen kan starte på nytt og då som eit tillitsbasert samarbeid med bebuarar og næringsaktørar på Flø og dei andre som potensielt vil bli påverka av ei eventuell auke i reiselivsaktiviteten til Flø».
…mitt mål var ikkje å gi dei konstruktive innspel til det vidare arbeidet, men å fortelje at dei har kødda til det vidare arbeidet med dårleg forarbeid.
Det er også det substansielle innhaldet i mitt innlegg, for det handler om tillit. Og den som les middels godt vil evne å få med seg formuleringa: Faktisk tenkjer eg at ein fyrtårnstatus også kan vere bra for Flø, om etableringa av den statusen vert initiert av Flø folket sjølve og om dei sjølve også får høve til å definere føresetnadane for ein slik status. Og nett her ligg kjernen for det som no lett kan slå ut i mistru, ikkje berre til lokale politikarar og forvaltarar, men i verste fall også mellom bebuarar og næringsutøvar på Flø og langs fløvegen. Og om Engh og hans DÅS venner trur at dei med dette forarbeidet har etablert eit godt klima for det vidare arbeidet er det i beste fall naivt.

Turistar i Noreg ser noko dei ikkje var heit førebudd på, nemleg at det bur folk midt iblant denne villskapen
Engh og Skrede undrar seg på korleis eg kan hevde at turistar ikkje kjem til Noreg på grunn av natur og opplevingar. Ja, eg innrømmer at det kan verke noko kryptisk, men lat meg få forklare kva som ligg i det. Dei alle fleste målingar frå slike reiselivsundersøkingar ber i seg grunnleggande metodefeil og lid ofte av å vere påverka av utanforliggande faktorar, som mellom anna den marknadsføringa dei reisande har vore påverka av då dei valte reisemålet. Norsk reiseliv har i alle år marknadsført seg som eit reisemål der natur og opplevingar er «vara». Og skulle ein reisande vere interessert i noko anna er det få eller ingen grunnar til å velje Noreg som reisemål, med mindre ein kjenner landet godt frå før. Er du interessert i samspelet mellom menneske og natur, eller det eg kalla «kulturen sin konstante infiltrering i naturen» i mitt førre innlegg, er det vanskeleg å sjå, utifrå marknadsføringa, at Noreg er det rette reisemålet. Går ein inn i litt djupare studiar enn berre dei enkle marknadsundersøkingane, vil ein sjå at ein stor del av dei reisande opplever at Noreg faktisk ikkje leverer nemneverdig bra på det dei lovar, altså på natur og opplevingar aleine. Det finst mange reisemål der fjella og isbreane er både høgre, vidare og villare. Og fleire stadar i verda kan også operatørane tilby langt meir action prega opplevingar, enn kva ein kan få her til lands, og det også til ein lågare pris. Men det mange likevel opplever er at dei ser noko dei ikkje var heilt førebudd på, nemleg at det bur folk midt iblant denne villskapen…
Personleg, og her har eg mange reiselivsforskarar med meg, meiner eg at dei store aktørane i norsk reiseliv har evna dårleg å utnytte det særeigne med det norske reiselivslandskapet. Altså det som skil seg ut ifrå kva størsteparten av konkurrentane kan tilby. Framfor å lage eit bulkprodukt, altså eit produkt der auken i verdiskaping fyrst og fremst skjer gjennom å auke volumet, bør ein satse på å spisse seg tydlegare i marknaden og finne nisjar på verdsmarknaden som er villig til å betale meir for dei særskilt gode produkta. Då kan verdiskapinga auke utan å auke talet på reisande.
…dei store aktørane i norsk reiseliv har evna dårleg å utnytte det særeigne med det norske reiselivslandskapet.

Butlers modell for korleis reiselivsdestinasjonar utviklar seg. Ein greier sjeldan eller aldri å bremse talet på reisande når tålegrensa er nådd. Resultatet vert at både dei mest betalingsvillige reisande og dei fastbuande flyttar ut.
Truleg er den einsidige tenkinga kring destinasjon ei av forklaringane til at me har hamna der me er no i norsk reiseliv. Den Glasgow baserte reiselivsforskaren Richard Butler har i fleire år åtvara mot nett ei slik satsing. Innanfor det politisk-økonomiske systemet me har i det meste av den vestlege verda i dag, seier Butler, vil ein destinasjon berre ha ei tilmålt levetid. Han skildrar dette med å referere til eit produkts levetid og den velkjente S-kurven. «Det uløyste problemet», seier Butler «er det jamt aukande talet på reisande og den innverknaden denne veksten har på lokalsamfunna så vel som på sjølve destinasjonen». «Men», seier Butler vidare «korkje industrien eller myndigheitene ser ut til å anerkjenne at talet på turistar er eit problem som må handterast og regulerast». Resultatet vert at både dei reisande sjølve og lokalbefolkninga opplever at eksklusiviteten til lokalsamfunnet svinn. Dermed forsvinn også dei reisande med størst betalingsvilje saman med dei lokale som trivst jamt mindre i rolla som «reiselivskulissar». Tilbake set lågtlønt utanlandsk arbeidskraft på midlertidige stillingar i ein industri prega av låg organisasjonsgrad og liten eller ingen sosial mobilitet.
Det er utviklinga som me kjenner frå mellom anna Lofoten og ei rekkje andre stadar kring om i landet. Og no nemner eg Lofoten igjen, sjølv om Eldar Stein Flø i sitt sokalla «svar til aksjonsgruppa» (Vikebladet 21. mars) instendig bad om at me ikkje skulle gjere slike samanlikningar. Her må eg berre få legge til at den samanlikninga var det i fyrste omgang det «Strateginotatatet» som gjorde. Men sjølv om Eldar Stein ikkje ønskjer at Flø nokon gong vert Lofoten, så vil eg berre minne han på at langs vegane til stadar som Bø, Nyksund og Stø i Vesterålen, vert det rekna nær 25 000 bilar i turistsesongen. Det er dryge 4,5 time frå Reine i Lofoten og til Nyksund i Vesterålen, medan det frå Geiranger til Flø er det knappe 3,5 timar, så personleg ser eg ikkje vekk ifrå at DÅS nok kan ha ambisjonar som skil seg ein tanke frå dei Eldar Stein har.
..det er grunnleggande uklokt av dei som ønskjer å utvikle reiselivet på ytre søre Sunnmøre, å ignorere den lokale uroa som finst hjå dei som kjenner det på kroppen.
Eg tenkjer det er grunnleggande uklokt av dei som ønskjer å utvikle reiselivet til ei berekraftig og viktig næring på ytre søre Sunnmøre, å ignorere den lokale uroa som finst hjå dei som kjenner det på kroppen. Å syne til ei nasjonal spørjeundersøking tinga av den fremste promotoren for einsidig reiselivssatsing (les innovasjon Norge) for å underkjenne folket på Flø og dei som bur langs vegen sine opplevingar, er vel absolutt elitistisk og vitnar ikkje berre om mangel på bakkekontakt, men også om mangel på vilje til å skaffe seg den naudsynte bakkekontakta. Og då vert det ikkje betre at dei i tillegg les selektivt frå resultata som undersøkinga syner. For du skal ikkje leite lenge i den blekka for å sjå at heile 72 prosent av dei som bur i pressområda opplever lokalsamfunnet sitt som over-turistifisert. Dei opplever at infrastruktur som vegar og anna er overbelasta og at turistane slit på landskapet og gjer vilkåra for andre næringsutøvarar vanskeleg. Men det betyr ikkje at dei meiner reiselivet er uviktig, det betyr berre at også den næringa treng ta grep for å utvikle seg i ei berekraftig retning. Og då kan ein starte med å lytte. For dette bør reiselivet ta seriøst, og enno viktigare er det at våre tillitsvalte politikarar bør hugsar på kven som har gitt dei tillita og ikkje blandar rollene sine.
Dette vert mitt siste innlegg i denne debatten, så no kan Engh få siste ordet. Om han har noko klokt å seie, vel å merke.
Denne teksta er også publisert i Vikebladet Vestposten den 28. mars 2019
Les også
Gi meg fyr. Bjørn Egil Flø, Vikebladet 16. mars 2019 og her på denne bloggen
Flø som turistfyrtårn gir full fyr. Eldar Stein Flø, Vikebladet 21. mars 2019
Fyr her! Knut Erik Engh og Tom Anker Skrede, Vikebladet 23. mars 2019