Karnevalisert infotainment

 

Av Bjørn Egil Flø

 

 

 

 

 

«Altså eg forstår dei steike godt», sa kompisen min brått.

Me var fem karar og no sat me på ein fotballpub å røla. Kampen var over og me var inne på eit nytt tema; nemleg Stordalen- menyen. Altså denne Lancet-autoriserte moralske peikefingeren som Gunhild Stordalen rettar til oss kjøtetarar der ho fortel oss at me bør klare oss med éi salamiskive for dagen og resten skal bestå av salat og nøtter. Jau da, me gjekk litt langt, men me var menn og me var på sportsbar, så mannehurven var utan taumar. Utbrotet frå kompisen vår kom brått på oss, det var effektfult og stemninga vart endra tvert. Brått sat me å snakka seriøst om mat, helse og miljø.

«Om ikkje jordbruket tek inn over seg at me treng eit skifte i regimet, så gir eg ikkje fem øre for heile greia», sa han.

«Hallo?», sa eg, utan å finne noko betre å seie. Det tok nok litt tid før eg klarte å stille inn på denne nye, seriøse frekvensen.

«Det Stordalen seier må forståast som ein representasjon på ei permanent endring i matvanane som no veks fram i heile den vestlege verda», fortsette han.

Truleg har han rett her, kompisen min. Me kan raljere så mykje me vil om det Hollywood- inspirerte karnevalet av eit infotainment-show som Stordalen og EAT-Lancet-kommisjonen turnerer kring om i verda med om dagen. Men det endrar ikkje på det faktum at den bråe reduksjonen i kjøtforbruket som me kan sjå – særleg i Europa – ikkje berre er ein veksande trend. Det er også ein trend som neppe vil gå over med det fyrste.

For berre 20 – 25 år tilbake i tid forklarte dei fleste som valde å kutte eller å redusere kjøtkonsumet sitt kraftig, at dei gjorde det av helseårsaker eller av omsyn til dyreetiske prinsipp. Begge desse årsakene er framleis gyldige, men i tillegg har ei rekkje nye årsaker kome inn. Underernæring, svolt, klima og kloden sin totale toleevne, har alle blitt viktige faktorar dei siste åra. Stordalen spelte nettopp på desse nye strengane, ho fant dei ikkje opp.

Her heime har me mesta vore vaksinert mot desse mattrendane. Men kanskje representerer EAT-Lancet kommisjonen sitt show vendepunktet også for oss. Uansett treng me ikkje reise lenger enn til Tyskland før me kan sjå at ungdom mellom 18 og 30 år – typisk universitetsutdanna, urban ungdom – samla har redusert kjøtforbruket sitt med meir ein fjerdedel berre dei siste ti åra. Det er fyrst og fremst forbruksendringane i nett dette segmentet som har ført til at det totale kjøtforbruket i Tyskland ser ut til å ha stagnert og kanskje også falle ørlite det siste året. Men medan dei unge, universitetsutdanna byborgarane på det næraste har kutta kjøt frå dietten sin, ser me at ein stor del av dei som framleis et kjøt, gjerne et meir enn nokon gong før. Det er med andre ord i ferd med å danne seg eit nytt klasseskilje i kjøtkonsumet i store delar av den vestlege verda. Dei høgast utdanne, dei som er rikast på kulturell kapital, reduserer gradvis kjøtforbruket sitt. Men dei fattigaste et jamt meir. I enkelte miljø har kjøteting blitt mesta som eit stigma på lik linje med røyking. Og når eit forbruksmønster legg seg så tydeleg opp til sosiale klasser, er det ofte også eit teikn på at trendar vert varige.

….om jordbruket ønskjer å vere proaktive i møte med dei nye mattrendane, så bør dei lytte til sine eigne kritikarar

Så det er nok ikkje eit blaff, anna enn det har kome for å bli. Nett derfor treng me å forstå rasjonaliteten bak folk sine ønskje om å redusere kjøtkonsumet. Me treng å forstå fenomenet, ikkje for at kjøtprodusentane skal tilpasse seg endringane i marknaden, men for å utvikle jordbruket slik me ønskjer at det skal bli.

Den som set seg ned og ser nærare på dei mange studiane som har vore gjort av folk som har kutta eller redusert kjøtkonsumet dei siste åra, kan oppdage noko interessant. Dei vil oppdage ein likskap mellom det bilete dei kjøtreduserande forbrukarane teiknar av jordbruket og det bildet mange av dei «alternative» bøndene også dreg opp. Biodynamikarar, økologiske bønder og no også det siste «alternativet» på stamma; nemleg dei regenerative bøndene, ser ut til å ha særleg tre samanfallande møtepunkt med dei kjøtreduserande forbrukarane. For det fyrste er dei uroa for ei jamt aukande industrialisering innan jordbrukssektoren. For det andre ser dei med uro på den aukande finansialiseringa og kjedemakta i jordbruket som bidreg til å kople jordbruket frå lokalsamfunnet. Til sist ser dei ei monotonisering av jordbruksarealet. Dei ser at basale prinsipp om vekstskifte og tilføring av organisk materiale for vedlikehald og forbetring av molda, er mesta totalt ignorert og erstatta av teknofiks-løysingar som sprøytemiddel og kunstgjødsel.

Personleg kan eg ikkje sjå anna enn at om jordbruket ønskjer å vere proaktive i møte med dei nye mattrendane, så bør dei lytte til sine eigne kritikarar. Dei bør lytte til dei annleis tenkande bøndene. Dei bør lytte til dei som i ei årrekkjer har utvikla eigne metodar og samla erfaringsbasert kunnskap. Dei bør lytte til bønder som gjer ting annleis enn dei fleste andre. For ein ting har EAT-Lancet-karnevalet rett i; me har meir enn nok prov på at me treng å tenke nytt om jordbrukspolitikken. Samstundes skal me vere klar over at me, i tydinga norsk landbruk, har ein kortare veg å gå enn resten av vestens landbruk. Men for kvar dag som går, utan at me gjer noko, vert vegen aldri så lite lenger.

 

Bjørn Egil Flø

Innlegget er tidlegare publisert i Bondevennen nr 4 2019

Kommenter innlegget