Ordskifte om jordskifte

Av Bjørn Egil Flø

Bjorn E Flo

 

 

 

 

 

Å bu: Ein storslått bok om klyngetuna kan inspirera til å snakke om korleis framtidas bygder skal formast.

 

Idet eg opna den siste boka frå Eva Røyrane og Oddleiv Apneseth – «Klyngetunet» – vart eg straks sett attende til ei oppleving, eller snarar ei slags tilstand, frå barndomen.

Eg var nett fylt seks år og hugsar det berre vagt. Men det var ein fin vårmorgon og eg gjekk mot der sola skein fyrst på Ytre-Flø landet. For fleire timar før vårsola nådde solveggen heime, kunne me sjå nautrekkja i Staberget bivre i solvarmen. Det spira på markane så eg kunne ikkje skråe beinveges over. Derfor gjekk eg vegen. Langs sjøvegen, knappe hundre meter før naustrekkja, vart eg var han Oddmund som sat på ein stein ved den gamal gravrøysa der.

«Her låg det opphavelege tunet på Ytre-Flø», sa han. «Viste du det?» Kanskje viste eg det, men eg hadde aldri tenkt særleg over det. Men då han Oddmund starta fortelje korleis det kanskje hadde sett ut, skjedde det noko med meg. Då han starta fortelje kor tett husa stod og kor mange som budde i same stova, om smier og løer og om stover som delte ytterveggar med kvarandre for å spare bygningsmaterial, så fôra han fantasien min med nokre bilete som prega meg heile den våren. Han snakka om kor krevjande det måtte vere å bu så tett i hop, om at nokre familiar måtte dele den same stova og endatil det same kjøkenbordet. Alt saman like fasinerande for ein gut som enno ikkje hadde lært seg ordet kjeldekritikk. For Oddmund var ein klok og kunnskapsrik mann, og han var ein god forteljar. I vekevis etterpå kunne eg sete å leike meg i fjøra med å bygge gardstun i sanden. Eg dikta min eigen kopi av dei bileta Odmund hadde teikna i den vesle skallen min. Eg sette gavlveggane mot nord og sikra sjøutsikt frå alle stovene og brukte strandsniglar som buskap. Dei små grå var sauer, medan dei største og kvitaste var hestar. Langt frå alle hadde eigen hest, hadde Oddmund fortalt, nokre laut dele på hesten, både på bruken av den og på å fôre den.

Dette dukka altså opp att i det eg opna boka Klyngetunet. Her presenterer duoen Eva Røyrane og Oddleiv Apneseth fleire av våre mest intakte klyngetun.. Nett desse landsbyliknande gardstuna var vanlege kring om i landet fram til jordrefoma sist på 1800-talet til litt utpå 1900-talet. Men med avviklinga av teigdelinga vart det meir hensiktsmessig for bondefamilien å flytte ut av tunet og busette seg på eige bruk.

Otternes i Aurland er eit av dei største og mest komplette av klyngetuna som står att i Sogn og Fjordane. Foto: Oddleiv Aspneseth / Skald

Røyrane og Apneseth følgjer mykje godt den same suksessoppskrifta som då dei gjorde boka «Noregs låver» frå 2014; med nøkterne og gode tekstar og med storslåtte bileter og ærlege detaljar inviterer dei oss inn på det eine tunet etter det andre, kring om i kyst-, fjord- og fjellandet Norge. Ja, dei har ei slagside til kysten og det vest- og nordnorske, og den slagsida har dei også eit medvite forhold til. «Historia om det vestlandske og nordnorske landsbylivet har kome i bakgrunnen i forteljinga om norsk bonde- og bygdeliv», skriv dei. «Den typiske norske bonden var ikkje ein sjølveigande storbonde med tunet fullt av staselege tømmerhus. I store deler av landet delte han både bøen og tunet med ein eller fleire naboar.» Dermed rettferdiggjer dei utvalet sitt meir enn godt nok for meg. For sjølv har eg vakse opp på Sunnmøre og kjent framandgjeringa frå den austnorske kultureliten sine bonderomantiske skildringar under nasjonsbygginga, og no var det godt å kome heim.

Forfattarane undrar seg på kvifor det gjekk som det gjorde med dei norske «bondelandsbyane». Dei anerkjenner trongen for jordreforma som gjorde det funksjonelt og hensiktsmessig å flytte ut av tuna, men dei ser også at det gjorde noko med oss. I dag står like så store endringar for døra. Fleire tek endå til orde for ei ny jordreform, medan andre set sin lit til marknaden. Uansett ser me at det som ein gong var store gardar, vart fort for små. I dag leiger bonden snart meir areal enn ho eig. Heile drifta kvilar på grannane sin vilje til å leige ut markane sine til den siste bonden i grenda. Jamt fleire av bygdenes grunneigarar vert fjernare, både frå grenda og frå forståinga av kva som held ved like landskapet dei er så inderleg glade i. Og medan grannane går på jobbpils med kollegaene i byane, arbeidar bøndene aleine på åkrane. Tilbake ligg grenda jamt meir sosialt utarma.

Kanskje ber klyngetunet ei framtidsvon i seg. Forfattarane reflekter også rundt det der dei presenterer oss for fleire moderne klyngetun. Arkitektar og planleggarar har latt seg inspirere av dei tradisjonelle tuna. Men med unnatak av småbrukskollektivet på Kjerran ved Bodø er dei fleste berre variantar av bustadfelt, med knapt ei syltynn kopling til det agrare. Men kanskje vil me ein dag oppleve, likt det me ser i delar av England, USA og enkelte stadar på kontinentet, der mesta fråflytta grendesamfunn får nytt liv gjennom unge og annleis tenkande folk som søkjer seg ut av dei hektiske og trasige storbyane og tilbake til jorda. Kanskje vil dei søke inspirasjon til sine nye liv i gamle bu- og arbeidsformer. I så fall vil denne boka kunne inspirere, om ikkje til jordskifte så i alle fall til ordskifte om korleis framtidas bygder skal formast.

Formatet og layouten på boka er som skapt for å ligge framme. Den kan lesast i no og då, ein kan bla igjennom den og lese litt her og der. Les gjerne om eitt og eitt av tuna om gongen og ta deg god tid til å ta inn det gode språket og ikkje minst til å nyte bileta. La så boka ligge på bordet mellom lesestundene, då vil kanskje også seksåringen i huset finne den interessant, der ho berre ved å sjå på bileta kan bla fram forteljingar, lik den Oddmund fortalte meg. Forteljingar som vil inspirere til å bygge sandtun i fjøra og mane fram sosialt liv. Kanskje vil det vere ei viktig øving for den som skal føre dei norske bygdene inn i framtida.

 

Bjørn Egil Flø

Innlegget er også publisert i Klassekampen sitt bokmagasin den 10. november 2018

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s