Songen frå bygda

Av Eirik Magnus Fuglestad
eirik-magnus-fuglestad-2-krympa

 

 

 

 

 

 

Tønes. Sesong fire. (Kinkverk, 2017)

Heilt sidan eg var ein liten gut har Tønes vore ein kjend visesongar i bygdene og dalstrøka innafor der eg er frå. No er han også kjendis i Oslo, der eg bur no.

Ein av dei tidlege songane til Tønes heite ”Bonde”, og som liten gut kjende eg meg stolt og kry over at nokon song om far min, og om det eg skulle bli – bonde. At songen var lettare satirisk, beit eg meg ikkje merke med den gong. Det var ein lett og lystig song om ein litt sær bygde- bonde.

I haust lanserte Tønes si nyaste skive, og der har me for første gong sidan eg var liten, på ny ein song om ein bonde. Men no er tonen ein heilt anna. Songen byrjar bang på, med sint, hard gitarspel, og ein bitter, nesten spyttande vokal:

Eldste sånen reiste og studerte … Nå ska di riva løo, fjosen å hele driden, gjevna alt med joro, jevna alt med joro. Nå ska ikkje fleiere unga hoppa i høye i den løo. Nå ska ikkje folk springa te, når sauene lemme om notto. Og stiane vil gro igjen. Og det blir vont å sjå på … Koss signala trur du det sende ud?

Songen held fram med riving av løa, politi, og dyrevern som må skyta sauene, og songen trefte meg som eit slag i andletet. Tønes er sint på meg. Her stod eg i leilegheita mi på Grünerløkka, eg er eldste sonen som reiste for å studera frå songen til Tønes. Kva signal sender det ut? og kva konsekvensar får det?

Sjølv seier eg framleis til alle, og meiner det når eg seier det, at eg skal bli bonde. Eg seier det medan eg spradar rundt på Løkka med kafélatten min om dagen, og med grumsete IPA-øl på kvelden. Eg seier dette, og er heime på garden til jul og om sommaren, to gonger i året.

Men la oss gå ut av det intime personlege, for Tønes sine songar visar også til noko mykje større.

Tønes syng om det bygdelandskapet han ser kring seg, og det har endra seg ein del på dei tjue åra det er mellom dei to bondesongane. I 1999 var det om lag 70 000 gardsbruk i Noreg, i dag er det knapt 40 000. Det er ein nedgang på 40 prosent på rett under tjue år, 1500 gardsbruk kvart år. Det merkast kringom i bygdene: 1500 gardar er mange fleire bruk enn det er i heile heimkommunen min, som er ein stor jordbrukskommune. Kva om alle gardane i bygda mi forsvann på eit år?

Talet på gardsbruk har gått ned i heile etterkrigstida, men nytt no er at dei nedlagde gardsbruka og areala somme gonger ikkje vert drivne vidare av nabogarden – kanskje fordi det ikkje finst nokon nabogard ei gong? I staden gror dei att og forsvinn inn i naturen.

Stein Torleif Bjella. Heim for å døy (oh Yeah!, 2013)

Det er mykje dei gamle som vert att. Bygdene forgubbast, berre ti prosent av bøndene er under førti år, snittet er 54 år. Og det er helst gubbar, for det er ikkje mange kvinner i landbruket, og bygdejentene flyttar til byane dei også, i endå større grad enn odelsgutar som meg. Dei vil til spanande jobbar og interessante liv i byane, og til folk. ”Eg såg for meg ein togtur, me kunne ha reist dit fleire bur”, syng Stein T Bjella. Eg tok togturen, og mange med meg. Kjem nokon tilbake?

Medan eg og dei andre ungdommane er i byane, endrast landbruket til det ugjennkjennelege. Enorme robotfjøs, som samlebandsfabrikkar, eller som enorme arbeidsleirar, okkuperer dei flataste landskapa; i bakkar og skråningar gror skog opp og løyner dei småe gardsbruka som stod der før. Og kven veit, kanskje er gardane snart eigde av storinvestorar frå utlandet, om regjeringa verkeleg løyser opp alle band? Kva slag samfunn er det å koma attende til?

Noko av det eg liker best med gardslivet, er, forutan fridomen i den stille dagen, sjølve arbeidet. Kjenna varmen frå kroppen til kua ein vinterkveld, å stampa i tørr mold under vårsola i mai når ein pelar stein, kløyva ved om vinteren i gnistrande kulde. Men alt dette blir borte når dronar og robotar gjer arbeidet. Bonden blir sitjande att framfor ipaden å peika. Arbeidet er ikkje lenger til for å gje menneska meining og liv, men for at teknologien skal kunna skapa effektiv kapital. Det er framandgjering på eit nivå som Karl Marx ikkje kunne ha førstilla seg i sin villaste fantasi då han formulerte  sine tankar om dette for 150 år sidan.

Det er interessant at både Bjella og Tønes no blomstrar som kulturskaparar i det dei syng om bygdene som svinn bort. Bydelivet er populært i den store hovudstaden, poetane syng om det, og Get-boksane sender oss bilete inn på skjermane våre frå der ingen skulle tru at nokon kunne bu, og frå menneske som tevlar på noko dei kallar ein farm – noko eg trudde dei berre hadde i Amerika. I Norge har me gardar og småbruk, enn så lenge.

Kulturuttrykk blømer  ofte i kulturar som er på veg ned og ut. Miguel de Cervantes skreiv til dømes den verdskjende romanen sin om Don Quijote, riddaren som kjempar mot vindmøller i solnedgangen, nett i det den spanske stordomssola rann av himmelen på 1600-talet. I Noreg har me i hundrevis av år hatt ein sterk bygde og bondekultur, men er songen som poetane no syng ei svanesong? ”Kom med undergang” syng Bjella. Siktar han til den norske bonden og bygda? ”Norge er so rikt høyre eg dei si. Lei tå dei som flutte ut, eg går og vasa i nedlagte bruk”, syng han vidare.

Når eg og andre som har røter til bygder og gardar, skal vurdera om me vil vera bønder i framtida, så blir det ofte eit spørsmål om me vil gå å vassa i nedlagte bruk, eller om me vil symja på ryggen i ein stor kafélatte kopp i byen. Og om me vil det første, får me då med oss nokon andre som vil bu der, i lag med oss? Sist, men ikkje minst, vil me verta som tåpelege Don Quijotar, som vandrar i solnedgangen på den verda me kjende, og førestiller oss ei tapt tid?

 

Eirik Magnus Fuglestad

Sosiolog og trainee i Norske Felleskjøp.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s