Mellom bakkar og berg

Av Eirik Magnus Fuglestad
eirik-magnus-fuglestad-2-krympa

 

 

 

 

Me har vel alle ei førestilling om at Noreg er eit steinut land av fjordar og fjell? Men det er ikkje alle som har ei like klar førestilling om korleis dette legg føringar for matproduksjonen vår.

For brorparten av den norske folkesetnaden – dei som bur i byane i dei flataste matfata våre – kan det nok sjå ut som at det finst rikelig med matjord i landet vårt. Slik er det ikkje.

I landet vårt er det berre 2 prosent av arealet som er fulldyrka jord. Med ein så låg prosentdel ligg Norge på 173 plass av 210, om ein set alle land og område opp mot kvarandre. Høgast oppe på lista ligg Bangladesh, Danmark og Ukraina – alle med over 55 prosent av arealet som fulldyra mark.

I Norge har kvar person 1,6 dekar dyrka mark til disp. Dette plasserer Noreg på 90 plass. Store land som Canada, Kazakhstan og Australia toppar lista med opp til 20 daa per person (Australia). Av land det er naturleg å samanlikna med, ligg Danmark til dømes på ein 21 plass, og Sverige på ein 44 plass. Bangladesh, som har den største prosentdelen dyrka jord, ligg likevel på 160.

Grunnen til at Noreg ligg såpass «midt på treet» som det gjer, er sjølvsagt den låge folkesetnaden. Men om prognosane er rette kjem folketalet til å stiga mykje dei neste åra. Samstundes legg ein dyrka jord under asfalt – mellom 2005 og 2015 vart det årleg nedbygd 8000 daa dyrka jord i Noreg. I tillegg har det blitt slik at jordbruksjord byrjar gro att, blir spist opp av skogen som langsamt tek landet tilbake.

Korn – som er sentralt for sjølvforsyninga, fordi det ligg til grunn for store delar av husdyrproduksjonen, og har stor nytteverdi som menneskeføde – utgjer berre ein tredjedel av den norske dyrka jorda. Klima og geografi gjer det ugunstig å dyrka korn ande stader på austlandet og i Trøndelag. I 2016 importerte Noreg 30 prosent av karbohydratbehovet til kraftfôr, og om lag like mykje av matkornet.

På kaloribasis, ligg den norske sjølvforsyninga på mellom 40 og 50 prosent i snitt, noko som plasserer Noreg heilt på botn i på verdsbasis, bak land som Syria og Somalia.

Desse tala set norsk matproduksjon i perspektiv. Me har ikkje så mykje å gå på, og me må importera mykje av kaloriane. Direktoratet for Samfunnssikkerhet og beredskap kom med ein «risiko og sårbarhetsanalyse» i vår som understrekar at Noreg si matforsyning er avhengig av fungerande globale handelsruter.

Det er ikkje problemfritt. Nyleg gav den britiske tenketanken Chatham House ut rapporten  «Chokepoints and vulnerabilities in global food trade». Her viser dei til at den globale kornhandelen, som står for 60 prosent av det globale energiinntaket, er avhengig av nokre fåe handelsknutepunkt, som lett kan bli sett ut av spel. I rapporten står det mellom anna:

Dersom ein orkan i same omfang som orkanen Kathrina i 2005 skulle setja ut den amerikanske eksporten frå Mexico Golfen, samstundes som store nedbørsmengder sett ut vegnettet i Brazil (dette skjedde i 2013), ville nær 5o prosent av verdas soya eksport verta råka. Dersom dette skjede samstundes med hetebølge ved Svartehavet slik som i 2010, ville 51 prosent av dei globale soya eksporten, 41 prosent av mais eksporten og 18 prosent av kveiteeksporten verta råka.

Ein kan legga til at det berre er 17 prosent av verdas korn som vert handla over landegrenser, resten brukast nasjonalt. Senarioet over er ekstremt, men om ei slik krise skulle inntreffa, er det altså ikkje for Norge å forsyna seg fritt av eit enorm kornlager der ute, same kor rike me er.

I denne konteksten bør Noreg, som eit minimum, ha eit mykje sterkare fokus på jordvern. Det held ikkje å ha mål om nedbygging av maks 4000 daa i året, og så likevel byggja ned 8000 daa. Kan hende er grunnlovsvern av matjorda vegen å gå? Ein bør også sørgja for at ein framleis held seg med eit jordbruk som fremmer dyrking av korn i områda som egnar seg til det, samstundes som ein stimulerer til beitebruk og dyrehald ute i distrikta. Slik kan ein basera produksjon i størst mogleg grad på norske ressursar.

Ein har ikkje hatt beredskapslager av matkorn i Noreg på nesten 20 år, og dei vart avvikla nett fordi ein meinte at det ville vera sikker, fri tilgang på korn i verdsmarknaden. Torsdag 25.10.2017 var det høyring i stortinget om mulig oppstart av beredskapslagring att. Her bør dei folkealde ta affære.

Bakkane og berga vore ligg ut ved havet, og i havet er fisk som «leikade nedi kavet». Fisken er ein viktig ressurs for Noreg, og ei stor eksportnæring. Men fisket eigast meir og meir av store kapitaleigarar som gjer kystbygdene utarma, og oppdrettsfisken fòrast på 80 prosent importert fôrvare. Her er også mykje som kan takst tak i.

Me bur mellom bakkar og berg ut med havet. Det gjer at me må tenkja oss nøye om korleis me forvaltar matjorda, jordbruket og matproduksjonen vårt. Det gror ting også mellom bakkar og berg, men det kjem ikkje av seg sjølv.

 

Eirik Magnus Fuglestad

Sosiolog og trainee i Norske Felleskjøp.

Innlegget har stått på trykk i Klassekampen den 27. okt 2017

 

Referanser

Baley, Rob and Wellesley, Laura, «Chokpoints and voulnerabilities in global food trade”, Chatham House, London, (Juni 2017).

FAO, Statistical poecketbook 2012, (2012).

Kildahl, Kjersti, «Ny kunnskap om nedbygd matjord», (6 juni, 2017) http://www.nibio.no/nyheter/ny-kunnskap-om-nedbygging-av-matjord

Smedshaug, Christian anton og Hageberg, Eivind, «Korn og Krise: hvorfor Norge bør starte kornlagring», AgriAnalyse, Oslo, (2013) http://agrianalyse.no/file=2843

World Bank, “Arable land (hectares per person)” http://data.worldbank.org/indicator/AG.LND.ARBL.HA.PC

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s