Begeistring sett i system

Dette innlegget er skrive som eit kåseri til Sosiologifestivalen 2017 i Trondheim den 5. Oktober 2017, og bør også lesast som eit kåseri

 

Av Bjørn Egil Flø

 

 

 

 

Foto: Sølvi W. Normannsen (Lånt frå Universitetsavisa)

EG FEKK ein e-post her for noko sidan. Hei Bjørn Egil! stod det, med ropeteikn etter namnet mitt, som om eg ikkje berre har starta høyre dårleg, men også lese dårleg.

«Jeg traff deg på en bar her i vår», stod det å lese vidare. Og ikkje veit eg kva eg hadde sagt der som skulle danne grunnlaget for spørsmålet som synte seg i neste linje: «Kan du tenke deg å holde et lite kåseri på sosiologifestivalen i år?»

«Er du galen», skreiv eg tilbake, «eg er då ingen kåsør… og sosiologifestival? Kva er det for noko då? For…, for meg, så er det ei sjølvmotseiing i eitt ord. Nei veit du; det kan eg ikkje ta på meg. Eit kåseri på ein sosiologifestival er verkeleg ikkje noko for meg».

tufta på elende

For tenk berre over ordet; SOSIOLOGI-FESTIVAL. Samansett av orda sosiologi og festival… det er ikkje bra… det heng rett og slett ikkje saman. Jau da, eg kan forstå det om me snur om på det, eg kan forstå festivalsosiologi – ein eller annan snåling som vandrar rundt på festivalar med ei påtatt kritisk distanse til alt som skjer og som meiner å forstå fenomenet festival.

Men altså Sosiologifestival? Takke meg til, eg synst eg ser det…. Som sunnmøring får eg assosiasjonar til slike gladkristne sumarleirar som vaks fram på 70-talet. «Traumabehandling etter Hallesby tida», kalla mor mi det. Så derfor slapp eg å bli sendt på slikt. Til gjengjeld lever eg framleis i trua på at alt går til helvete

Teologen Eilert Sundt (1817 – 1875) vert rekna som den fyrste norske sosiologen

Men altså, eg meiner; det er ikkje festlig…. sosiologi er ikkje festlig. Sosiologi er tufta på elende. Det er påfunne av svartsynte grinebitarar som aldri såg poenget med å knekke koda for det faget dei eigentleg tenkte å studerte – enten dei var økonomar, teologar eller filosofar, så enda dei alle opp med å fabulere om slike ting som ingen andre fabulerte om – anna enn når dei sat på kafé.

Og til syrgjelegare det var til betre sosiologi vart det. Altså eg meiner; «sjølvmordet», og for ikkje å snakke om; «byråkratiet» … det er det sosiologane er opptatt av. Og her heime fant det forma si med Eilert Sundt som studerte «sedlighet og renslighet på sundmøre»….., eg meiner; kan det bli meir trasig?

Eg er oppvaksen på Sunnmøre, rett nok nokre øyar lengre sør enn der Sundt gjekk å vansmektast, men eg kan love dokke; uansett kvar du bevegar deg på Haramsøya så meiner eg at ein framleis kan stille spørsmålsteikn ved både sexlivet og hygienen til desse nord-øyingane.

 

kringreisande emissærar frå dei akademiske nerde-templa

Men i dag studerer me ikkje slikt lenger, i dag studerer me festivalar, me studerer kulturøkonomi og natur- og kulturarven sitt bidrag til verdiskapinga. Me vert spurt om å halde foredrag på optimismeseminar i Hattfjelldal og snakke om potensiale for reiselivet ved inngangsporten til Børgefjell.

Hallo…!

Inngangsporten til Børgefjell er ikkje i Hattfjelldal, …det er bakdøra det! Branntrappa! Det er der folk rømer frå Børgefjell. Dessutan så har naturforvaltarane klart å få inn i verneføreskriftene der at Børgefjell nasjonalpark skal vere ein av dei få nasjonalparkane der det ikkje skal leggjast til rette for reiseliv. Eg meiner, det vert ikkje optimismeforedrag av slikt.

Foto: Jan Frode Haugseth (lånt frå Sosiologen.no)

Men det er det dei vil ha. Det er det dei vil ha desse nyutdanna prosjektmakarane av nokre austlendingar som har fått seg ei midlertidig prosjektleiarstilling for å utvikle bakevjekommunane i byane sitt bilete. Dei vil ha ein konfirmasjon, ei velsignande handspålegging av kringreisande emissærar frå dei akademiske nærde-templa som kan stadfeste deira eigne tankar om sin eigen forteffeligheit.

Får dei det, så kan dei halde fram slik dei stemnar. Får dei det, kan dei halde fram med å legge til rette for fleire bubilar til Lofoten, eller enno fleire turistar til Geiranger og Aurland. Då kan dei drage i gang enno fleire «destinasjons-utviklings-prosjekt» og pusse opp tettstadane våre til «nasjonal-park-landsbyar» eller kva som helst anna som passar inn i prosjektmakarane sin eigen smak.

 

eit snev av underliggjande urban bygdeforakt

Jau da, eg kan forstå kva dei tenkte, byråkratane på det dåverande «Direktoratet for naturforvaltning», då dei starta tildele norske grender og bygdesamfunn statusen nasjonalparklandsby. Men eg meiner likevel det vitnar om fåkunne og eit snev av underliggjande urban bygdeforakt. For me har ikkje landsbyar her, og me kjem ikkje til å få det heller. Me har hatt handelsstadar eller kaupangar, me har grender og fiskevær og med moderniteten vaks det også fram nokre industri-tettstadar under fossane, men landsbyar har me berre ikkje.

Målet åt dei velmeinande miljøbyråkratane var mest truleg edelt nok. Dei ville gi lokalsamfunna ein kompensasjon for eit opplevd tap, og måten å gjere det på var altså å dele ut landsbystatusar som grendene kan nytte i marknadsføringa av seg sjølv. Dei kan nytte den når dei skal stå ved vegkryssa å selje seg sjølv og sine fordelar i den konkurranseutsette reiselivsnæringa. Fossbergom i Lom, Geilo, Jondal, Storslett og Vingelen har alle vorte tildelt den edle statusen nasjonalparklandsby og skal dermed, i teorien, stille sterkare i kampen om å få dei reisande til sengs. …

 

full backing frå bygdesosiologane

Dei har ikkje kome på dette sjølv byråkratane i Direktoratet, nei dette som så mykje anna i norsk forvalting er henta frå kontinentet, helst langt sør på kontinentet også. For det er dit dei reiser, dei reiser til godvêr og billig vin i Sør-Frankrike eller Nord-Italia for å lære korleis ein best skal organisere samfunnet. For dei kan vist det italienarane.

Og dei har fått full backing frå oss bygdesosiologane. Med sosialkonstruktivismen og post-moderniteten kom den kulturelle vendinga langsamt inn i dei bygdesosiologiske ny-testamenta. No kunne me sleppe taket i dei trauste verkemidla – infrastruktur, distriktsutjamning, kanaliseringspolitikk og differensiert arbeidsgivaravgift – som alt hadde verka så godt og så lenge, kunne no endeleg giast på båten. No skulle grendene byggast med «gode historier» og «solskinsbileter» på glansa papir. Me skulle rett og slett snakke fram det «gode livet på landet»; og me gjorde det til gagns, utan tanke for at dei einaste som lytta var vår eiga klasse.

 

set sin lit til bio-økonomien

Men det er snart over no… . Det går mot slutten med ideen om at reiselivet er bota som skal bøte på at grendene lek i begge endar. Gentrifisering og styling av grendene som einaste middel for å lokke til seg folk – anten det er nykomarar, turistar eller tilfeldig forbipasserande – har starta mista grepet det har hatt på dei iherdige bygdeutviklarane i meir enn 15 år no. For på trappa står det eit nytt konsept.

Bore fram av vidløftig retorikk – ein retorikk som krona «det grøne skiftet» til heidersutmerkinga «årets ord»; enda det ikkje eingong er eit ord, anna enn ei halve setning – så set ein no sin lit til bio-økonomien. I denne retorikken, eller til grunn for alle festtalane som hyllar bio-økonomien som den store lovnaden for landets no så utarma skogskommuner – anten det no er granskogen eller tareskogen ein snakkar om – så ligg det ein komplett aksept for grunnprinsippet i den økologiske moderniseringa. Det er også det prinsippet som har fått våre framståande miljøprofilar som Fredrik Hauge og andre til å vrenge av seg islendaren og dresse seg opp i altfor tronge designardressar – utan tanke for at ein fancy dress også fordrar eit frisørbesøk om inntrykket skal harmonere.

Men overgangen frå islendar til dress representerer også overgangen til nettopp den økologiske moderniseringa, den representerer miljørørsla sin aksept for prinsippet om at måten å løyse miljøutfordringane på er å gjere miljøproblema om til sjølve forretningsideen.

 

begeistring sett i system

Og me sosiologane heng oss på etter beste evne. Me skriv søknadar om forskingsprosjekt i 30 – 40 millionars klassa der me lovar å bidra til å utvikle bio-økonomi gjennom «innovasjon, effektiv produksjon, utnyttelse og foredling av fornybare biologiske ressurser», for å sitere ei heilt vilkårleg utlysingstekst. Og då er det ikkje plass til kritisk sosiologi, nei då skal det vere begeistring sett i system og ingen problemfokusering eller anna støy som kan legge hindringar i vegen for verken Tesla, Borregaard eller Uber.

Konsesjonsinstitutt, rettar i arbeidslivet, bruksrettar og lokalt eigarskap til grunnressursane vert bore til offerplassane åt dei ny-liberale avgudane, før me går på teknologiske vekkingsmøter og et kanapear i hop med representantar for dei internasjonale råvareselskapa i Bern, Basel eller Bahrain. For ingen nordmenn studerer konsesjonsinstituttet, i alle fall ikkje med pengar frå forskingsrådet, det er berre så mellomkrigstid. Så det overlet me til amerikanarar, skottar og ein og annan sør-europeisk samfunnsvitar å gjere.

 

spelar på lag med retorikken

Her heime spelar me sosiologane på lag med retorikken, … me er nøydd til det, ….for det finst ikkje frie midlar i norsk forsking – i alle fall ikkje i min verden – me lyt lære oss teknikken å sleike – om ikkje imamar – så i alle fall programstyremedlemmar oppetter ryggen. For elles døyr me… av svolt.

Dermed snur me blindsida til og gler oss over kvar ny artikkel me får inn i ein bortgøymt journal med ein «impact factor» på 2,19. Men eigentleg veit me alle at dei som verkeleg har impact forlengst har sagt opp sine fasttømra stillingar på universiteta og forskeria og skapt seg frie posisjonar, omskolert til gravande journalistar. For det er namn som Judith Schwartz, Naomi Klein og Kirstin Ohlson som har impact i ordskiftet om agro-økologi, klima og regenerering av rurale samfunn – og ikkje me.

Så derfor, gode forsamling…., fordi eg ikkje greier å kome i feststemning nok til å kunne levere eit lystig kåseri som vil bidra til å bygge opp sjølvfortreffeligheita til oss sosiologane som no har samla oss til ny-sosiologisk vekkelsesmøte i austbyen…. derfor takka eg altså nei til å kåsere for dokke i kveld.

 

Bjørn Egil Flø

 

Kåseriet er publisert på Sosiologen.no, ein nedkorta versjon er også trykka i Nationen den 25.oktober 2017

Kommenter innlegget