RURALE REFLEKSJONAR

Arkiv

Eg såg dei på fjernsynet, to unge jenter, sjølv om dei freista å skjule andletet sitt kunne eg sjå at dei verka slitne, men nøgd. Halve natta hadde dei vore med mobben i bydelen Haringey i Nord London og synte villig fram nattas fangst til reporteren. Jeans, toppar i alle slags fargar og fleire kardigans, den eine av dei hadde også ein hang til eksklusivt undertøy og hadde nytta høvet til å… Les meir

Eg har vorte fortalt at folk som meinar å høyre til på vestlandet driv å skriv på ”veggar” og ”twitrar”, og til dels er nokso harme over ein kronikk eg hadde i Bergens Tidene den 16. januar med tittelen ”idylliseringas pris”. Sjølv undrast eg på kva som kan ha gjort dei så harme, for eg ville då berre gjenfortelje historia til Annie – ei sprek og trivleg eldre dame eg trefte i… Les meir

Medan stadig fleire velmeinande bygdeutviklingsprosjekt ivrar for at Bygde-Noreg skal gjere seg attraktiv for unge urbane og velutdanna par som etter teorien forvaltar mesta alt som skal til for å skape kreativitet og dynamikk, kan det vere relevant også å gløtte litt til kontraurbaniseringas bakside. Kanskje kan prosjekt som ”Framtidsfylket”, ”Flytt hit” og ”Hardangerlokk” også lære litt av mitt møte med 70 år unge Annie i bydelen Haringey i Nord-London. Kanskje kan… Les meir

I det eg køyrer ut porten ser eg Hugh i bakspegelen, han har funne ei skåk å stø seg på og vinkar med venstrehanda før han snur og vender attende til arbeidet. Den 56 år gamle mjølkebonden har arbeida hardt siste året og tyktes vere sliten. Sidan planane frå Nocton Dairy Ldt. om å etablere supermjølkebruket på 8100 mjølkekyr vart kjent, har han saman med andre frivillige i lokalsamfunnet organisert den lokale… Les meir

 ”Blue Cow Inn” heitte gjestgiveriet eg tok inn på i den vesle landsbyen South Witham i Lincolnshire. Og dei skal nok få mjølke til dei vert meir enn blå dei 8100 kyrne det no skal byggast fjøs til like nordom her ved småbyen Nocton. Meir enn 250.000 liter mjølk om dagen skal produserast på det som vil verte Europas største mjølkebruk. Rett nok ryktes det at Nocton Daity Ldt. vil nedskalere planane… Les meir

Av Bjørn Egil Flø       Nokon hadde hengt opp ein kommentar frå Financial Times Weekend Magazine over kaffimaskina – why proper English rules OK, var tittelen. Framom hadde det samla seg ei klynge middelaldrande og litt slitne mannlege akademikarar, gråe i andletet og ikledd beige fløyelsbrøker og ruta pulloverar. Ei lita gruppe britar, alle like mimikklause og evig skadde av streng kostskuledisiplin som har teke frå dei det vesle dei… Les meir