Distrikspolitiske røyndomar

Eg har vorte fortalt at folk som meinar å høyre til på vestlandet driv å skriv på ”veggar” og ”twitrar”, og til dels er nokso harme over ein kronikk eg hadde i Bergens Tidene den 16. januar med tittelen ”idylliseringas pris”.

Sjølv undrast eg på kva som kan ha gjort dei så harme, for eg ville då berre gjenfortelje historia til Annie – ei sprek og trivleg eldre dame eg trefte i Nord-London, der eg har budd dei siste månadane. Ho fortalde meg om ein lengt – lengten heimatte – som ho og hundretusenvis av englendarar har bore på i nær 25 år no etter at ein fullstendig skakkøyrd britisk distrikspolitikk har gjort at dei har måtte flytte frå heimbygda si og etablere seg i dei tungt belasta belta kring dei nedslitne britiske storbyane. …

Heldigvis tok ”ny-jostedøl” og leiar for tilflytingsprosjektet i Jostedal, Marit Aakre Tennø, ansvar og skreiv ut eit samanhengande argument som strekkjer seg utover det grunne sms-formatet som ser ut til å ha slik sterk tiltrekkingskraft på den twittrande elite. Og argumentet til Aakre Tennø er godt og delvis også treffande, i alle fall om ein les mi forteljing slik ho gjer. I innlegget ”Billige åtvaringar” (BT 19. januar) tek ho til orde for at eg med min innfallsvinkel ”.. ufarleggjer [..] bygdeutvikling som inkje anna enn imagebygging”. Eg må innrømme at; kan mi tekst lesast slik – noko den tydelegvis kan – ja, då har eg synda mot eiga tru og må få takke Aakre Tennø for å hjelpe meg inn att på den smale veg.

Eg undrar meg likevel på; korleis kan ein lese teksta mi til å ville forkaste dei klassiske distriktspolitiske verkemiddela? Eg nyttar minst halve kronikken til nettopp å drage opp bakteppet for historia og synleggjere korleis Thatcher sin liberaløkonomiske konservatisme råka bygdene. Men kanskje er eg ikkje tydeleg nok, kanskje skulle eg ha poengtere betre sjølve den distriktspolitiske nedbygginga. Samstundes tenkjer eg at Bergens Tidene sine kloke lesarar evnar då lett å hente ut den implisitte bodskapen i teksta. Eg meinar at ved å skrive forteljinga slik eg gjer får eg lesarane til sjølve å trekke konsekvensane av offentlege nedskjeringar, utarmande jordbrukspolitikk og mangel på buplikt. Og eg ser også at det er nett det Aakre Tennø gjer, ho meinar berre at eg skal seie det meir eksplisitt.

Ein anna ting er at mi raljering med den ”ny-rurale” øvre middelklasse nok kan ha gjort sitt til at enkelte, særleg dei hardtarbeidande prosjektmakarane kring om i glasblåsarnoreg, kan ha mista delar av det implisitte innhaldet i teksta. Vidare trur eg også tittelen og bruken av omgrepet ”idylliseringa” kan ha hjelpt dei til å sjå svart. Dei legg saman ein pluss tre og finn at eg snakkar om dei, men det gjer eg ikkje. I kronikken den 16. januar snakkar eg om Annie og hennar like, eg snakkar om konsekvensane av privatisering og anbodskrav og om å fjerne konsesjonsinstitutt. Eg snakkar om å ignorere produksjonsøkonomi og om å forherlige finansøkonomi. Eg snakkar om det som er att når alt anna er vekk og grendene ikkje har anna alternativ enn å selje seg sjølv i byanes gater.

Idylliseringa kom etter nedbygginga, den kom som ein siste utveg. Når klassisk distriktspopulisme for alltid var sverta og krava om differensiert arbeidsgivaravgift mangla legitimitet slutta grendene å bygge alliansar, dei enda opp i ein konstant kamp om tilfeldig forbipasserande og vona dei kunne avsjå nokre skillingar. Liberaløkonomisk konservatisme er individualisering sett i system, her privatiserar ein eigen suksess og tek ingen ansvar for andres fiasko. Nokre vinn og andre taper. På den engelske landsbygda er vinnarane den ny-rurale øvre middelklasse, taparane set i dei tungt belasta urbane utkantane og lengtar heimatte.

Bjørn Egil Flø

Innlegget har stått på trykk i Bergens Tidene den 28. januar 2011

Les også Anne Viken sitt innlegg i Bergens Tidene den 29. januar

One Comment on “Distrikspolitiske røyndomar

  1. bygdeudyret writes:Det er såpass enkelt at det einaste som jamt over kan redde den jamne busetjinga på bygda er ein total kollaps i den moderne fossildrevne økonomien, noko som vil tvinge meir manuelt arbeid innatt i jordbruket og dermed også betre utsiktene for små og mellomstore bruk. Så dei som seier at bygdene treng utvikling tek heilt feil, bygdene treng ein generell kollaps av all utvikling nasjonalt og internasjonalt. Denne kollapsen er vel mellom 10 og 50 år borte. Innan den tid har nybolsjevikane i SP – kommunestyra bemektiga seg nabojorda til gi bort pris, og dei omtala glasblåsarane har flytt inn på dei utskilde gardstuna med plass til ein hest og nokre kaklande høner. Her driv dei med sitt ørkeslause visvas, medan bygda blir eit meir og meir rotlaust samfunn, der 1000 år gamle ætterøter har blitt brotne opp og spreidde for alle vinder, stort sett i løpet av dei siste 60 år. Sjølsagt kan ein snakke om andre jobbar, anna utvikling, og jada, dei fleste bygder har det, og noen vil fortsette å utvikle seg, somme endog vekse, men den gamle sjela og odelen er kvorven vekk, og att er eit samfunn der folk flytt ut og inn, kjøp og sel nett like flyktig som einkvar annan stad. Attende er nokre "storbønder" som fossil og relikvie til minne om dei ætter og det liv som eingong var.Game Over, 50 tallet kjem ikkje attende, og lokalpolitikarar er skjøger som sel både eigne og andres kroppsdelar om dei kunne auke folketalet med 50 eller 100, same kven desse er og kor dei kjem ifrå.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s