Å verdiskapa eller bli verdiskapt?

Det blir farleg når bygdefolk ser på bygda med byfolkets auge.
Innanfor eksistensfilosofi nyttar ein metaforen ”å sitja i førarsetet i eige liv” for å illustrera det rom me menneske har til å velja korleis me ønskjer å leva liva våre og kva verdiar som skal leggjast til grunn.

Ønskjer me å styra etter eigne interesser og engasjement, krev dette aktive val og aktiv handling. Det finst så mange rundt oss som står klare til å ta over dersom me sjølve ikkje grip rommet for å skapa og forma. Dersom me let andre verdiar og interesser ta over styringa, er me plent nøydde å følgja der dei ønskjer at ferda skal gå.

Metaforen er svært treffande i ei tid prega av kommersialisme og reklamepress. Forbrukaren er den passive konsumenten – han eller ho som let seg leia av andre sine verdiar. For bygda er implikasjonane potensielt dramatiske: Dei verdiar forbrukar- og reklamesamfunnet forfektar er i stor grad urbane! …

Me lever i ei tid som dyrkar urbanitet forstått som nytande konsum, som det å vera tilskodar, som det å bli underhalden. Me lever i ei tid som dyrkar dei «nøytrale» arenaene – dei arenaer som ikkje krev noko spesielt av ein, der ein kan gli stille inn og bli ein av massen.

Bygda vert ofte framstilt som sjølve anti-fridomen i denne same forbrukarforteljinga: ein arena full av illsinte moralistar og «bygdedyr» væpna med jantelover. Eit reisemål og ein arena for å nyta eigne friluftslivsinteresser, kan hende, men ikkje ein stad ein bur, blir det hevda. At me på bygda faktisk byrjar å ta desse same forståingane i bruk når me skildrar oss sjølve, viser litt om kor stor makt dette verdisystemet har fått over sjelene våre. Eg har vore på ei rad bygdekonferansar dei siste 15 åra, og dei handlar stort sett om to tema: Det eine er alle «bygdedyra» våre og korleis desse eventuelt kan fordrivast frå bygda sin kulturelle fauna, det andre er korleis me kan konstruera enno fleire «opplevingar» – ikkje for oss sjølve, men for turistar og tilreisande.

Med andre ord, me byrjar å spegla oss sjølve i byen sitt bilete, og det me då ser er manglar! Byrjar ein først å rekna på denne måten, er det ikkje ende på kva me manglar: kafear, barar, «møteplassar», speleautomatar, diskotek, «kulturtilbod», osv. Samlar ein ei gruppe menneske ein kveld og får dei til å reflektera over kva deira eiga bygd manglar, kan lista etter kvart bli uendeleg.

Problemet er at dette i utgangspunktet ikkje har noko effekt utover å få folk til å bli enno meir negativt innstilt til eigen stad – forstått som mangel – enn det dei alt var! Diverre er det likevel mange «bygdeutviklingsprosjekt» som enno vert drivne på denne måten, og som endar opp som effektive bygdeavviklingsprosjekt i staden. Dette skjer på følgjande måte: Etter avslutta bygdeutviklingskveldsøkt vert lista over lokale manglar overlevert til kommunen. Då har deltakarane gjort sitt. Men kva skjer med lista? Jo, den blir sjølvsagt verande i ei skuff i rådhuset, for kva bygdekommune i dag er det som kan dra fram sjekkheftet og slik utan vidare bla opp til ny lysløype, nytt diskotek, nattbuss fram til 6 om morgonen, ny innandørs fotballbane og spelehall med kaffibarautomat?

Resultatet av prosjektet vert i beste fall auka lokal politikarforakt og passivitet. Verre er det at ein svært ofte er med og produserer sjølvoppfyllande profetiar om «staden der det ikkje skjer noko som helst».

Men kva er det då med denne tilnærminga som nærast garanterer fiasko? Jo, me oppfører oss som urbane forbrukarar som forlangar å nyta og bli underhaldne utan sjølv å bli ansvarleggjorte. Me har teke til oss og spelar ut både den urbane konstruksjonen av bygda som mangel og den urbane forbrukarideologien om rettar utan plikter. Bygda er ikkje slik! Me er rett og slett ikkje mange nok! Det finst for få menneske på bygda til at den urbane marknaden for underhaldning kan fungera. Det funkar ikkje å seia at ein vil ha ny kaffibar for deretter å gå og setja seg i sofaen.

Etter å ha arbeidd med bygdeutvikling både som forskar og praktikar gjennom mange år, har eg koma fram til at det faktisk berre finst ein måte bygda og småstaden kan lukkast som attraktiv og spennande leve- og utviklingsrom i ei urban samtid, og dette handlar nettopp om å setja seg sjølv i førarsetet og ta over verdistyringa. I mitt dr.philos-arbeid om nyskaping i bygde-Noreg fann eg veldig fort at dei som går inn i nye næringar med fremste motivasjon å tena pengar, det er og dei som først vil mislukkast. Dei som faktisk etter kvart byrjar å tena pengar er dei som går inn med engasjement, som får rom til å arbeida med og utvikla det dei brenn for og interesserer seg i. Det er her «kvalitetsprodukta» kjem, og det finst heller ingen annan fungerande definisjon på kva autensitet handlar om. Noko er ikkje meir autentisk fordi det er 250 år gammalt. Det autentiske er det det verdiskapande og produserande menneske trur på og brenn for i dag!

Me ser det same på fellesskapsnivå. Dei stader som lukkast er dei som legg eigne verdiar til grunn; dei som trekkjer menneske med, som aktivt vektlegg engasjement og medverknad. Rasjonaliteten er motsett frå den som styrer den passive forbrukaren. Skal bygda lukkast må den verta ein verdiskapar. Let den seg bli verdiskapt, er det ein sikker veg til både misnøye og gradvis nedgang. Skal ein lukkast med å gjera bygda meiningsfull, spanande og attraktiv, må ein byrja med menneska på staden, med deira engasjement og deira interesser.

Eg har dei siste åra arbeidd med utviklinga av omgrepet og utviklingsstrategien innlevingsøkonomi. Innleving handlar om å delta, om engasjement. Som stadleg utvikling handlar det om å gje enkeltmennesket rom til å leika med dei lokale natur- og kulturressursane og til å skriva sine eigne interesser, tolkingar og verdiar inn i staden og det lokale landskapet. I denne leiken må dei etablerte sanningane suspenderast. Målsetjinga er å utvikla det skapande blikket, det blikket som ser det nye og komande i det tradisjonelle og kjende.

Det å skapa er først og fremst å setja nye namn på det eksisterande, seier den filosof som meir enn nokon har arbeidd med det skapande mennesket, Friedrich Nietzsche. For bygda som kollektiv talar me om å utnytta det individuelle engasjementet til beste for fellesskapen. Mennesket som får rom til å leva seg inn, rom til å gjera staden til sin og seg sjølv til ein del av staden kan vera ei svært så skapande kraft, ei kraft som skaper verdiar ikkje berre for seg sjølv men også for alle som både bur og vitjar denne staden.

Dag Jørund Lønning
Rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdenæringar på Jæren.

Teksta har stått på trykk som kronikk i Bergens Tidene den 6. februar 2011

One Comment on “Å verdiskapa eller bli verdiskapt?

  1. Jeg har forflyttet meg ut på den svenske landsbygda fra Oslo.Her opplever jeg nettopp dette som jeg refererer deg på.’Skal ein lukkast med å gjera bygda meiningsfull, spanande og attraktiv, må ein byrja med menneska på staden, med deira engasjement og deira interesser»
    Et konkret eksempel er Skördefestivalene rundt omkring i Sverige ,disse dager.Värmlandsnes Skördefestivalene viser nettopp de lokale kvalitetene gjennom lokale produkter av alle slag .Menneskene får vist seg fram gjennom sine produkter,man får et nært og stolt forhold til nærmiljøet og dets kvaliteter.
    Lykke til med seminar!
    Mvh
    Bodil Skumsrud Andersen

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s