I opphavet var skogen

“Me har knapt sett eitt einaste gardsbruk”, sa den hollandske kvinna, ho var mesta overraska over spørsmåla me stilte. Vår interesse for kva turistane ser i det norske landskapet og særleg kva rolle jordbruket sitt kulturlandskap spelar for deira oppleving av Noreg var berre underleg for ho. Ho var då slett ikkje komen til Noreg for å sjå på jordbrukslandskap, snarare var det fråveret av dei flate monotone rapsåkrane som trakk ho, fråveret av dei mesta endelause mjølkebruka der kyrne berre hadde fått avsett ein galltrakka luftegard for å fylle EU krava. Det var det andre ho var koma for å sjå, ho ville sjå det ho ikkje såg heime, ho ville sjå det ekte og det opphavlege, det som hadde vore før, ”.. før folkemassane”, som ho sa.

Rett nok hadde ho sett ”.. nokre få sauer og ei og anna kyr”, men ho hadde vanskar med å kalle det landbruk. …

Vegen over Vikafjellet frå Voss og nedstiginga gjennom dei bratte liene til denne lune vika i Sognefjorden hadde vore dramatisk og vill for ho. ”Det er vakkert å sjå at det er folk her og at dei enno lever i slik pakt med naturen”. Ho peiker på dei to bileta me har gitt ho å sjå på og tenker seg om ein liten augneblink før ho seier; ”Hadde dette vore heime hadde alt dette vore eitt stort samanhengande gardsbruk og alle husa hadde vore plassert der lengst bak i bildet”. Me let ho få sjå litt lenger på dei to bileta utan å spørje noko meir, berre la ho få fred så ho kan reflektere fritt. ”Det er det som gjer Noreg vakkert”, seier ho, ”alle desse små jordlappane”. Ho løfter blikket og ser utover Viksøyri, det same landskapet som ho har på fotografia. ”Det er variasjon det handlar om”, seier ho ”det at det skjer noko heile tida, at landskapet forandrar seg etter kvart som du flyttar blikket”.

I samband med forskingsprosjektet Reiseliv og kulturlandskap — kjenneteikn, forvalting og opplevingar, finansiert over forskingsrådsprogrammet kultur og næring, tråla me kommunane Hadsel i Vesterålen, Vik i Sogn og Øystre Slidre i Valdres på leit etter meddelsame turistar. Bakgrunnen for prosjektet er den stadig gjentekne påstanden om at reiselivet er avhengig av landbruket som landskapsforvaltarar. I takt med redusert beitebruk og stadig aukande gjennomsnittstemperaturar veks også medvitet om at oppslag av kratt, busker og tre er i ferd med å endre landskapet som omgir oss. Landskapet gror att og i dei seinare åra har også reiselivet uttrykt uro for at den pågåande gjengroinga vil svekke Noreg sin attraktivitet som reisemål. Det er det prosjektet vårt ønskjer å seie noko om – korleis vil gjengroinga innverke på opplevinga turisten har av Noreg og det norske landskapet? Som ein lekk i det søkte me i sumar å finne svar på kva turistane ser i det norske landskapet og korleis dei les og forstår landskapet når dei reiser gjennom landet.

Foto: Anders Bryn

Og nettopp variasjon er eitt av dei orda som, saman med fotefar og kontrast, best oppsummerar inntrykket vårt. Denne stadige blandinga av opne jorder og skog, av høgfjell og fjøre og titte skift mellom vidder og bergveggar held turisten våken og jamt interessert i landskapet.

”Det var berre skog, skog og atter skog”, sukka eit tysk ektepar, dei hadde reist gjennom Finland og Nord-Sverige, men ”.. då me kom til Noreg endra alt seg”, kunne dei fortelje. Variasjonane i landskapet gjorde dei merksame på kva landskapet fortalte dei. For, som eit eldre italiensk ektepar sa;”.. det ligg historier i landskapet”. Dei små jordlappane og dei få sauene, alle småbruka og dei einslege husa kring om i landskapet vitnar om eit liv med røter i noko ekte. Det vitnar om fotefar etter folk i generasjonar, og minnar ein på at menneske er sårbare. Det fortel historia om skandinavisk einsemd, ei historie turisten også ventar å finne og som dei kjenner att frå skandinavisk litteratur og film. Dei reisande ser Hamsund sine karakterar i landskapet og dei ser Bergmann sin stilfarne kameraføring, dei ser eit autentisk drama mellom menneske og natur, dei ser liv og dei ser død og dei ser historie.

Samstundes ser dei berekraft og økologi og representasjonar om det gode liv i ein rural idyll og dei ser sitt eige såre sakn etter ”..lebensraum” (livsrom). Men fyrst og fremst ser dei at kulturen sin konstante infiltrering av naturen framstår som eit refreng i representasjonen av Noreg og det norske landskapet – kontrastane sitt landskap. Den spreidde busetnaden, dei små mesta litt hjelpelause husa som klamrar seg fast i ”villskapen” understrekar dramatikken og markerar naturens majestetiske framtoning.

Men kor lenge vil det vare, kor lenge vil dette dramaet vere synleg for turistane når dei reiser kring i dette langstrakte landet? Kor lenge vil det norske landskapet evne å fortelje historia om ”Nordmannen” åt turistane? I takt med nedlegginga av distriktsjordbruket veks fotefara att, forteljingane forsvinn i småskog og kratt og tek mennesket ut av naturen. Småbruka og husmannsplassane tømest og dei rurale grendene krympar i takt med at tettstadane veks – og dramaet forsvinn i naturen. Altså; korleis vil gjengroinga innverke på turisten?

Der den norske turisten uttrykker ei tydleg uro og er rimeleg klar på at noko må gjerast med gjengroinga før ”.. me ikkje ser oss sjølve lenger”, er utlendingane meir sympatisk innstilt til gjengroinga. For i motsetning til nordmennene sine referansar til det dei ser som det opphavlege landskapet – det opne og intensivt beita jordbrukslandskapet frå midten på 1800 talet – ser utlendingane på skogen som det opphavlege. I deira bilete har mennesket fortrengt skogen og dermed tillegg dei skogen ein moralsk rett til å ta tilbake det den ein gong hadde. Dei gir skogen æra for variasjonen dei ser og tenker at utan skogen hadde landskapet vore eit monotont jordbrukslandskap. Skogen har innteke jordbrukslandskapet og brote opp det monotone og skapt dynamikken.

Men det finst ei grense for gjengroing, ei grense me kjem nærare for kvar dag. For ”.. sjølv om det ikkje er eit problem i dag, og kanskje ikkje i morgon”, som eit dansk ektepar sa, ”.. så vil Noreg vere utilgjengeleg om berre få år”. Det vil ikkje einast vere vanskeleg å ferdast i terrenget, det vil i tillegg vere mesta umogeleg å lese historia og forteljingane utav landskapet – forteljingane om nordmannen. Og forsvinn fotefara – forsvinn kontrastane og variasjonen – ja då forsvinn òg turisten.

Bjørn Egil Flø

Anne Marit Haugland Grimsbo
Student, Noregs Teknisk Naturvitskaplege Universitet

Innlegget har også stått på trykk som kronikk i Nationen den 2. mars 2011

Les også bloggposten Kontrastane sin estetikk om same emnet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s