Why England doesn’t rule

Bjorn E FloAv Bjørn Egil Flø

 

 

 

Nokon hadde hengt opp ein kommentar frå Financial Times Weekend Magazine over kaffimaskina – why proper English rules OK, var tittelen. Framom hadde det samla seg ei klynge middelaldrande og litt slitne mannlege akademikarar, gråe i andletet og ikledd beige fløyelsbrøker og ruta pulloverar.

Ei lita gruppe britar, alle like mimikklause og evig skadde av streng kostskuledisiplin som har teke frå dei det vesle dei ein gong hadde av kroppsspråk. Der stod dei altså, rett opp og ned med armane langs sida, og harselerte over ikkje-engelsktalande sin ”globish”, som kunne gjere sjølv dei beste konferansane om til eit sant mareritt for desse toppane av den globale intellektuelle elite. …

Sjølv skulle eg berre hive i meg ein rask kopp kaffi før eg skulle inn å halde mitt fyrste seminarinnlegg ved dette ærverdige London Colleget eg no skulle tilbringe dei neste månadane ved. Eg kunne merke det neppe var godt for sjølvkjensla, men vart likevel ståande å lytte til ”chitchatet” dei velrenommerte professorane og amanuensissane hadde seg imellom.

Den eine hadde nett vore på ein konferanse med forskarar frå heile Nord-Europa, kunne han fortelje, alle hadde halde innlegga sine på engelsk, eller som han sa; ”.. a sort of English”. Det monotone språket og dei distraherande aksangane hadde fått dei til å høyrast ut som om dei snakka med ein diskett i ryggen. Kvar nye talar miste fleire og fleire av publikum. Og ”… the native (english) speakers went first”, sa han.

Når det kom til dei engelsktalande sjølve derimot, var situasjonen heilt annleis. Kvar gong nokon av dei opna munnen vakna nemleg publikum. Dei evna å vere både morosame og nyansert, dei ”sounded conversational” som han sa. Nett derfor hadde han hengt opp denne aviskommentaren der Simon Kuper kjem med påstanden om at; ”we weren’t more intelligent than the foreigners but we sounded it, and so we were heard.” På kort sikt og på eit reint individuelt plan har han nok rett når han skriv vidare; ”The global rise of bad English is helping us native speakers rise”. Men på lengre sikt vil den sjølvgode britiske arrogansen som utspelte seg ved kaffimaskina ikkje berre råke den einskilde britiske akademikaren, men også heile det britiske samfunnet.

Mykje tyder på at britiske akademikarar, særleg innan samfunnsfaga driv ein utprega heimleg kunnskapsinnavl. Ein gjennomgang av siste vitskaplege artikkel til kvar av dei kjepphøge forskarane framom kaffimaskina vitna også om ei utbreitt sjølvbestøving ved det prestigefylte Colleget.

Dei fem artiklane hadde i gjennomsnitt 48 referansar kvar, derav berre 7 referansar som synte til forfattarar som var føydd eller oppvaksen i eit ikkje-engelsktalande land. Trekker ein ifrå klassikarane som Max Weber og Karl Marx og i tillegg forfattarar med globale posisjonar som Jürgen Habermas, Pierre Bourdieu, Ulrich Beck, Bo Rothstein og Jon Elster set me att med totalt tre referansar av 48 som syner til forfattarar som ikkje har engelsk som morsmål. I tillegg må det presiserast, og det gjer det heile kanskje enno meir graverande, at tre av dei fem artiklane nytta empiriske dømer frå ikkje-engelsktalande land som Vietnam, Mexico og Guatemala. Av alle dei til saman 241 referansane i dei fem artiklane var det ikkje ei einaste referanse til tekstar skrive på eit anna språk enn engelsk. Då vel eg aktivt å sjå vekk frå den eine som hadde referert til 1905 utgåva av Die protestantische Ethik und der Geist des Kapitalismus av Max Weber.

Mykje av kongstanken bak internasjonaliseringa av forskinga er at forskarar skal lære av kvarandre. Dei skal møte andre måtar å tenke på og oppleve korleis praksis og teori skil seg i ulike kontekstar, det vere seg kulturelle, historiske, materielle og endå klimatiske kontekstar. Dei skal finne inspirasjon til å oppdage teoretiske opningar som kan bidra til nye forståingar og styrke den totale kapitalen i eit samfunn som til dømes England.

Me skal lære av kvarandre sine røynsler, av kvarandre sine feil og suksessar. Av svenskane skal me lære trafikktryggleik, me skal lytte til røynslene dei har hatt med nullvisjonen for trafikkdrepne. Kanskje kan britiske forskarar ta med seg kunnskapen attende til England og formidle dei vidare der slik at dei kan ta avgjerande steg i sin eigen kamp mot trafikkdød. Kanskje kan engelskmennene spare millionar av pund på helsebudsjettet om forskarane deira hadde lytta til norske friluftslivs- og utmarksforskarar. Det kunne hjelpt dei til å finne måtar å implementere alternative ordningar til allemannsretten og gitt dei stadig drygare engelskmennene høve til å gå av seg ”the Sunday roast”. Russiske og ukrainske forskarar kan fortelje om datsjaen sin rolle i matforsyninga etter sovjetunionens samanbrot og gi nyttig kunnskap og korreksjon til den britiske middelklassen sin romantiske versjon av ”urban agriculture”.

Men så lenge britiske akademikarar ikkje orkar høyre ”globish”, og så lenge dei ikkje har tolmod til å lese mindre elegante tekstar av forskarar som ikkje beherskar herrefolkets vidd og ironi vil dei halde fram sitt intellektuelle innavl og arrogante språklege onani.

 

Bjørn Egil Flø

Innlegget, med små endringar, har stått på trykk i Nationen den 25. okt. og i Forskerforum den 1. nov. 2010
Les også Øystein A. Vangsnes sine refleksjonar om same tema på forsking.no/blog

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s