Rettferd og Rettedal i Finnmark

Bjorn E FloAv Bjørn Egil Flø

 

 

 

Dei kom med fly dei som bygde Snøhvit i Hammerfest. 26.000 mann, inkludert ei og anna kvinne. Dei kom frå Stavanger og Kiev frå Aberdeen og Caracas og frå grendene kringom på vestlandet, ekspertane og fagarbeidarane.

Dei kom med pendlarfly frå Stord og samla seg kring lukta av oljedamp og gass som nordausten bar inn frå Barentshavet. For dei hadde det som trengdes, dei multinasjonale vestlendingane. Dei hadde kompetanse og kapital, produksjonsmiddel og politiske kontaktar og dei hadde veletablerte forretningsrelasjonar og fungerande bedriftsstrukturar. Og finnmarkingane? – dei hadde ingen Rettedal. …

Då oljealderen starta for førti år sidan, brukte staten det Asbjørn Kristoffersen i Bergens Tidene kallar ”sleggje og knyttnevar” for å halda amerikanarane på matta. Dei rydda veg for vestlendingane som mottok strukturstøtte for ferskfisktrålarane sine og kontraherte lukrative forsyningskontraktar i Nordsjøen. Dei prøva og feila og somla og knota i årevis før so ein dag å framstå som best i verda. Det tok lang tid å opparbeide kompetansen, men fruktene av godt handverk og sunn politisk styring frå lokale, regionale og nasjonale politikarar vert i dag hausta på den internasjonale anbodsmarknaden me då snodde oss unna.

60 og 70 talets sleggepolitikk har dårlege kår i dag. Til det er dei internasjonale industri og handelsreglane for sofistikerte. Den som måtte ønskje å bygge opp tilsvarande kompetanse anten regionalt eller nasjonalt ville fort merke at det trengst langt meir delikate politiske verktøy enn kva som då var brukt.

Men kven bryr seg om det i dag? Som oljenasjon set me sjølve på toppen, det er me som er leiande og det var me som vant anboda på Snøhvit. Tilbake står Hammerfest som ein ny by – ein nyrik by, men ringverknadene er mindre enn kva finnmarkingane hadde både trudd og vona. For det var ikkje dei som vart klokare av det teknologiske nybrotsarbeidet som vart gjort der, det er ikkje dei som stiller sterkare i konkurransen om neste anbod.

 

Det er vestlendingane som er dei nye nessekongane i Finnmark. Ei handfull familiar frå Austevoll, Bømlo og Møre har teke styringa over kongekrabbar, oljebasar og skipsverft. Stangeland-ane, Møkster-ane, Eidesvik-ane er innvandra nettverksbyggjarar. Statoil er den nye statsmakta. Og finnmarkingane kjenner seg lurte, skriv Kristoffersen.

Me kjenner att mønsteret, me kjenner det att frå då makta låg hjå kongar og prestar og skattlegging og gudstru var storpolitikk i grensedraginga til austlege naboar. I dag heiter det nordområdesatsing og Støre er både konge og predikant. Kirkenes, Kautokeino og Måsøy er underlagt UD og takka vere naboskapet til Russland og det internasjonale hopehavet i Arktis, har lokalpolitikk i det høge nord vorte arbeidsfeltet til ei hær av diplomatbunadar i hovudstaden.

Og dei har alle store vyar for nordområda. Klimaendringane har skapet opning for kommersiell skipsfart gjennom Nordaustpassasjen. Delelineavtalen for Barentshavet mellom Noreg og Russland har gjeve framskuv for olje- og gassutvinning både på norsk og russisk sokkel. Gruver er på ny blitt vekstindustri. Og Barentshavet er framleis verdas viktige matfat. Spørsmålet er berre; korleis skal finnmarkingane sjølve få innverke på utviklinga av det som kan bli Noregs mest moderne og vekstkraftige region?

 

Bjørn Egil Flø

Les den nyutgjevne boka ”Nordområdepolitikken sett fra nord”, av Elisabeth Angell, Sveinung Eikeland og Per Selle (Red) 2010, Fagbokforlaget.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s