Fugl, fisk og folk i Froan
Av Reidar Almås
Er det plass til både fugl, fisk og folk i øyrekka Froan i Frøya kommune på Trøndelagskysten? No flyttar dei siste fastbuande frå Sauøya inn til fast-Frøya, mens 46 sjeler på Sørburøy held stand.
Ei rekkje innlegg i det siste har reist spørsmålet om det norske samfunn står framfor eit val når det gjeld denne kystperla. Kommentator Erling Kjekstad i Nationen har til og med spurt om dette vil bli den neste Hardangersaka for regjeringa dersom det ikkje lykkest å finne eit kompromiss der også folk kan leva der ute. Sentralt i så måte blir Miljøverndepartementets avgjerd i saka om å tillate varig unntak frå landskapsvernet for å kunne drive oppdrett i anlegget som Salmar har dreve med ei rekkje dispensasjonar sidan slutten på 90-talet. …
Froan, som strekkjer seg nord-austover frå Frøya, har eit areal på om lag 750 km² og er det største samanhengande havområdet som er freda i Norge. Froan verneområde vart oppretta i 1979 med full lokal støtte etter at området hadde vore truga av planer om skytefelt for Ørlandet flystasjon, noe som ville ha delt øyrekka i to og gjort uboteleg skade på fugle- og dyrelivet. Dette enorme og fantastisk rike området; Trøndelags Lofoten, har tre vernesoner; både det strengaste vernet som er naturreservat, landskapsvernområde og dyrefredningsområde. I dei opprinnelege forskriftene var det presisert at naturbasert næringsverksemdskulle vera tillatt; busetting i eit verneområde er langt på veg ein garanti for styrka vern. I 1996 vart Froan meldt inn og innlemma i Ramsarlista som våtmarksområde med ekstra rikt fugleliv. Her finn ein mellom anna eit par tusen hekkande skarv. Froan er dessuten kjerneområdet for selarten havert, og denne bestanden har auka sterkt etter at vernet kom. Dette har ført til at fisken i området får meir «kveis» i seg, noe som gjer den lite eigna til menneskeføde. Salmars anlegg ved Sørburøy ligg i landskapsvernområdet.
Etter opninga av tunnelane til Hitra (1994) og Frøya (2000), er trafikken til øyene meir enn fordobla. Regionen er landets største innan oppdrett, som står for meir enn 40 prosent av eksportverdien i Sør-Trøndelag. Folketalet i Hitra og Frøya aukar no like mye som i randkommunane rundt Trondheim, og viktigaste årsak er utviklinga i havbruk og reiseliv. Verdas største og mest nyskapande slakte- og foredlingsanlegg for laks; Innovamar, er nettopp ferdig, ei investering på 450 millioner kroner. Men øysamfunna har ikkje hatt den same nytten av tunnelan som hovedøya Frøya. Utafor Frøya ligg den såkalla øyrekka, som omfattar småsamfunna Sula (80 innb.), Bogøy (20 innb.), Mausund (275 innb.), Gjessingen (10 innb.), Sørburøy (46 innb.), Sauøy og Halten. Ved skolestart flytta den siste fastbuande familien frå Sauøya. På Halten bur det berre folk i sommarhalvåret. Ein må i båt frå øyrekka for å koma til hovudøya og vidare innover i landet. Her har vi ei lokalbefolkning som står med ryggen mot veggen.
På Sørburøy har dei vist stor fantasi i kampen for å overleva som samfunn. Da Salmar skulle ha ein røktar til anlegget ved øya, arrangerte velforeninga ein vervekampanje i Litauen. Blant 400 interesserte familiar, vart det familien Liutkus frå Litauen som var heldige og «vann». Folketalet på Sørburøy vaks samtidig frå 40 til 46 personar og 1-10- skolen fekk tre nye elevar. For noen år sia var skolen trua med nedlegging, men redninga vart nettbasert undervisning. No kan jobben til Virjinius Liutkus vera ifare, dersom Direktoratet og Miljøverndepartementet står på sitt. Det som framfor alt har aktualisert spørsmålet om folk skal bu der ute, er den situasjonen lakseprodusenten Salmar står oppe i, med ein midlertidig konsesjon som går ut ved nyttår. Vidare konsesjon vart avslått av fylkesmannen i Sør Trøndelag med heimel i verneforskriftene. Men i eit vedleggsbrevtil vedtaket, ber fylkesmannen om at Direktoratet for naturforvaltning og i siste instans Miljøverndepartementet vurderer ei endring verneforskriftene slik at ein heretter kan tillate oppdrett i landskapsvernområde, dersom det ikkje er til skade for vernet.
Salmars oppdrettsanlegg har ikkje vore til skade for naturen i Froan, er konklusjonen i eit breitt og fleirfagleg forskingsprosjekt som Norsk senter for bygdeforskning har leia. Men forskarane som har vore inne og gjennomgått praktiseringa av vernet i Froan, er samde om at forvaltinga av vernet har vore under ein kvar kritikk. Verneforvaltinga har tøygd forvaltingsoppdraget godt ut over det forskriftene gir rom for i eit landskapsvernområde.
Resultatet av denne tøyinga er at heile verneområdet blir bandlagt som om det var eit natur-reservat. Konfliktar har fått drive utan at dei har vore løfta opp på eit politisk nivå og avklart. Som kollega Katrina Rønningen ved Bygdeforskning seier: «Vernet må være forutsigbart, kommuniseres på en forståelig måte og utøves på en måte som gir mening også for lokalbefolkningen, ellers svekkes legitimiteten». Det er nettopp denne svekkinga av den lokale legitimiteten som har skjedd i Froan og på Frøya, noe som forskarane Rønning og Frisvoll heilt korrekt påpeikar utgjer eit demokratiproblem. Dei som har vore mest skadelidande er lokalbefolkninga som har vorte ein salderingspost. Både fylkesmann, direktorat og nasjonale politikarar bør ta med i kveldsbøna si eit «omforladels til Froan». Men det er enno ikkje for seint. Korleis kan ein gjera ein dårleg ting til ein god ting?
Kvifor ikkje gjera oppdrettsanlegget til Salmar i Froan til eit fyrtårn for lukka anlegg med null risiko for rømming og spreiing av lakselus og sjukdom? Her bør storsamfunnet gå inn med offentleg støtte til forsking og innovasjon, samtidig som næringa sjølv med gode lakseprisar no har ryggrad til å ta sin del av kostnaden ved dette kvantespranget. Spørsmålet som vart stilt innleiingsvis, om det er plass til både fugl, fisk og folk i Froan, er eit politisk spørsmål. Biologisk, teknologisk og samfunnsvitskapleg kunnskap kan hjelpe politikarane til å gjennomføre eit skippertak for folket i Froan. Men det er opp til dei politikarane som i val har fått vår tillit og vårt mandat til å forvalte Mor Norge å legge forholda til rettes så det kan bu folk i Froan og leva av det dei har levd av frå alders tid.
Reidar Almås, Professor, NTNU og Norsk senter for bygdeforskning
Innlegget har vore trykkt i Adresseavisen den 8. september 2010