Kontrastane sin estetikk
Av Bjørn Egil Flø
“I like Scandinavia but first I like Norway, it is a different landscape – it is a landscape full of contrasts” (Tysk turist M. 50 +).
Det var dette sitatet som fyrst rann oss i hug då dei tre lokale kjenningane spurte oss ”ka finn dokk ut da?” Dei sat i sola framom Rødbrygga i Stokmarknes sentrum å drakk inn helga. Det var vist lett å sjå at me verken var lokale eller turistar. I ei veke no har me nemleg tråla Vesterålen på jakt etter reisande. Me har leita etter ferierande som kan fortelje oss kva dei ser i landskapet her, turistar som kan fortelje oss korleis dei les og forstår landskapet. Me ønskjer å finne ut kva rolle jordbrukslandskapet spelar i turistane sin vurdering av landskapet sin estetikk og korleis det heng saman med dei reisande sine opplevingar. Me ønskjer særleg å studere korleis den pågåande attgroinga innverkar på reiseopplevinga og seinare også framtida for den enno veksande reiselivsnæringa. …
Me viste me stod overfor omfattande metodiske utfordringar. Opplegget me hadde skissert var ambisiøst og krevjande og det mangla ikkje på åtvaringar frå velmeinande fagfellekollegaer. ”Turistar er ikkje i stand til å gi ’tjukke’ beskrivingar av og om det norske landskapet” sa dei. ”Dei ser berre natur, jordbrukslandskapet i Vesterålen legg dei knapt merke til”, sa dei også. Men der tok dei feil.
For røyndomen er tvert om. Turistane både ser og forstår landskapet, rett nok på sin måte, men dei har rikeleg med omgrep til å beskrive det. Og ikkje minst, har dei tid – dei har plenty med tid til nettopp å snakke med nokre forskarar om landskapet og ikkje minst om menneska som bur og lever i landskapet. For kva er det dei lurer på når dei reiser gjennom vårt langstrakte land, om ikkje nettopp relasjonen menneske og landskap? Dei spør seg sjølv, for det er ingen andre å spørje; «kva driv folk med her, korleis kan det bu folk her?».
Dei ser på dei små jordlappane, dei ser på dei få sauene, på småbruka og på dei einslege husa kring om i landskapet. Dei ser på den menneskelige aktiviteten og betraktar det som eit overskotsfenomen. Dei ser fotefar etter folk i generasjonar, dei ser at menneske står fram som marginale snarare enn sentrale i landskapet. Dei ser eit kjølig vitnesbyrd om skandinavisk einsemd. Dei ser eit autentisk drama mellom menneske og natur, dei ser liv og dei ser død og dei ser historie. Samstundes ser dei livsrom og balanse, dei ser berekraft og økologi og representasjonar om det gode liv i ein rural idyll. Men fyrst og fremst ser dei at kulturen sin konstante infiltrering av naturen framstår som eit refreng i representasjonen av Noreg og det norske landskapet – kontrastane sitt landskap.
Innlegget har stått på trykk i Nationen den 6. juli 2010og i Bladet Vesterålen den 13. Juli
Les også artikkelen «Cultour – Hvordan forstår turisten det norske landskapet» (i Kulturarven nr 52, juni 2010) å finn ut meir om prosjektet som det omtalte feltarbeidet inngår i.