Nytenking for bygdene

Av Jonathon Moses og Bjørn Egil Flø

 

Det kryr av missnøye i bygdene. Det er ubalanse mellom bygdefolk sin forståing av rettferd og myndigheitene sitt ynskje om effektivitet, og ubalansen veks seg større og større for kvart år. Systematisk har me stimulert til jamn avskaling av gardsbruk og oppfordra satsingsvillige bønder til å vekse gjennom å kanibalisere på eigne grannar. Sjukehusa skal samlast og folk lyt setje sin lit til oskefrie korridorar for luftambulansen. Men ei trøyst skal likevel bygdefolket ha; posten har lova at dei vil slutte å bere rekningar på laurdagar.

Me tvilar ikkje på politikarane sin vilje til å skape livskraftige bygdesamfunn kring om i heile landet. Sjeldan, eller snarare aldri, har me høyrt politikarar ta til orde for å avfolke bygdene. Det er brei politisk semje om å styrke distrikts-Noreg, om å sikre busetnad og arbeidsplassar i periferien, om å skape nye næringar som gjer bygdene solide i møte med framtida. Så det er ikkje viljen det står på, snarare handlar det om evna. …

I kjølvatnet av internasjonale forpliktingar og ynskje om betre marknadstilpassingar, har me kunne vitne ei rekke omveltingar dei siste tiåra – alle velsigna av skuleøkonomane sine lovnadar om effektiviseringsgevinstar kopla til marknadsliberaliseringa. Diplomatkorpset, flankert av eksportbedriftenes eigne ambassadørar, diltar i hælane på arveprinsen som gjer som best han kan for å tene til apanasjen. Alle vil dei opne dører til lukrative marknadar for norsk næringsliv. Ikkje misforstå, dette er viktig – særleg nettopp for distrikts-Noreg. For det er på stadar som Røst, Sykkylven, og Røros ein finn handfast materialitet produsert for eksport. Men prisen er høg og kanskje høgre enn naudsynt? Ein stadig meir global marknad for varer, teneste og arbeid set også press på vår nasjonale produksjon. Som eit svar og like mykje som ein konsekvens av dette har politikarane våre funne det naudsynt og hensiktsmessig å akseptere marknaden og liberalismens logikk.

Då industribedriftene på Nordvestlandet laut tole skyhøge energiprisar i vinter, ropte mange på politikarane og bad dei ta grep. Men i sin iver etter marknadsbaserte energiløysingar har politikarane gitt vekk det dei hadde av reguleringsverktøy som kunne ha garantert stabil og rimeleg tilgang til denne naudsynte vara – denne absolutte føresetnaden for verdiskaping som straum er. Om politikarane ville aldri så mykje, greidde dei likevel ikkje sikre førutseielege vilkår for industrien på Møre. Der laut industrieigarane sjølve manøvrere det beste dei kunne kring energiprisar som svinga med barometeret.

Europeiske ambisjonar og forpliktingar mot internasjonale avtalar har innskrenka våre mogelegheiter til å føre nasjonal politikk på våre viktigaste politikkområder. EØS forpliktingane gjer det vanskeleg å prioritere lokale produsentar og leverandørar. Det einaste me set att med er ropet om meir overføringar til distrikta. Eit rop me lett finn att i siste statsbudsjett der distriktspolitikk ikkje ser ut til å bety anna enn pengar og ein og annan redningspakke der det har spissa seg til som verst.

Me manglar samanhengande strategiar for å stimulere næringslivet. Me treng å sette oss i stand til å ta politiske grep med oppslutnad frå heile landet. Me treng nye strategiar og nye politiske verktøy for å sikre produksjon og verdiskaping. Me må stimulere til politisk innovasjon, som kan setje oss i stand til å utnyte dei små politiske nisjane – dei smale opningane mellom heimleg politisk semje og avgrensingane som føl tettare internasjonal integrasjon.

Me må vere dristige nok til å eksperimentere, dristige nok til å tenke utover vante baner som me har gått i så lenge. Me må våge å prøve ut lokale handelsområder, frie innvandringssoner og høgteknologiske distrikt ute i bygdene, berre for å nemne noko. På energisida kan me sjå til Danmark og Tyskland og eksperimentere med småe endringar i det juridiske rammeverket kring eigarskapen til lokalprodusert energi og finne korleis det verkar inn på konkurransen om industrietableringar. Me treng å sette lokalsamfunna i stand til å utnytte komparative fortrinn, me treng å gi dei att verdien av ressursane som ein gong var årsaka til at folk busette seg her.

Me treng nyanserte tilnærmingar der marknad og fornuft kan møtast, me treng eit breitt innovasjonsretta forskingsinitiativ som kan stikke ut ei farbar lei dit me vil. Me treng innovative og radikale idear, me treng forskarar og politikarar som innser behovet for nye former for marknadstilpassingar og politisk implementering. Me treng å fylje råda frå Karl Polanyi i boka ”The Great Transformation”; om å gi marknaden og den økonomiske aktiviteten ei brei sosial og politisk forankring. Me treng å gjenskape balansen mellom bygdefolk sin forståing av rettferd og myndigheitene sitt ynskje om effektivitet. Berre då kan me sikre rettferdige utfall tufta på demokratiske prinsipp.

 

Jonathon Moses, statsvitar, NTNU.
Bjørn Egil Flø, sosiolog, Norsk senter for bygdeforskning.

Innlegget er trykt i Klassekampen den 7. juni 2010

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s