DN og fantasilandsbyane

Bjorn E FloAv Bjørn Egil Flø

 

 

 

Då Direktoratet for naturforvalting starta tildele norske grender og bygdesamfunn statusen nasjonalparklandsby vitna det om eit snev av underliggjande urban bygdeforakt.

Målet åt dei velmeinande miljøbyråkratane er edelt nok, dei vil gi lokalsamfunna ein kompensasjon for eit opplevd tap. I det høvet delar dei ut landsbystatusar som grendene kan nytte i marknadsføringa, dei kan nytte den når dei skal selje seg sjølv og sine fordelar og nisjar i den konkurranseutsette reiselivsnæringa. Fossbergom, Geilo, Jondal, Storslett og Vingelen har alle vorte tildelt den edle statusen nasjonalparklandsby og skal dermed, i teorien, stille sterkare i kampen om å få dei reisande i seng. …

Dei har ikkje kome på dette sjølv på DN, nei dette som så mykje anna i norsk forvalting er henta frå kontinentet, helst langt sør på kontinentet også. For det er dit dei reiser, det er helst til Sør-Frankrike eller Nord-Italia dei reiser dei velgjødde norske byråkratane for å lære korleis ein best skal organisere samfunnet.

Me kan skjøne kva som har skjedd. Me veit korleis det er å gå ein fjelltur på Corsica eller i Pyreneane. Me kjenner kjensla av å sete på ein fransk balkong og kvile slitne føter medan me høyrer på folkelivet frå piazzaen og leskar oss med ein iskald Vermentinu. Me forstår at det kan vere fristande å kopiere landsbyomgrepet, men me tvilar på kopien sitt suksesspotensiale. Tvangsplassert inn i den norske konteksten vil kopien aldri kunne verte like god som originalen uansett kor gjerne nokon vil – snarare vil den tene til å framandgjere bygdefolket frå heile konseptet.

For kva har Vingelen med ein landsby å gjere? Kva må ein ha røyka for å sjå på denne velpleidde jordbruksbygda øvst i Tolga kommune i Nord-Østerdalen som ein landsby? Kor fjernt treng ein å vere kopla frå den norske kulturhistoria for å kome opp med ein ide om å innføre landsbystatus til Vingelen og i tillegg tru det skal funke? Eg meinar Vingelen, sjølvaste kroneksempelet på ei norsk bygd. Her ligg gardstuna med dei godt vedlikehaldne bygningane spreitt fint utover i det velarronderte jordbrukslandskapet. Frå fjellet og mesta heilt innåt dyrkamarka vitnar forkrøpla småbjørker og tette fòrer av småfetrakk om eit aktivt beitebruk i utmarka. Her og der kan ein sjå svære bukkegevir tilsynelatande tilfeldig spikra opp på uthusveggane, dei fleste like vêrbitne som veggen dei heng på, men alle vitnar dei om ein relasjon mellom folk og villrein som går lenger attende enn nokon kan hugse. Fjellet set tydlege spor heilt inn på tunet og fortel historia om nærleik mellom innmark og utmark i fjellandbrukets kvardag. Fjellbygda Vingelen og alle dei andre norske bygdene fortel den autentiske historia, dei fortel historia slik den er og ikkje slik nokre kreative byråkrater har komme på at den skal vere. Den fortel historia til dei som lever og bor her – ikkje ei fantasihistorie som nokre middelklasseelitistiske urbane forvaltingsbyråkratar trur turistane vil like.

Dei norske bygdesamfunna representerar noko heilt unikt, noko langt meir enn einast kulissar for turistane. Dei er berarar av eit kulturelt innhald, eit innhald som gir meining for dei som bur der så vel som for dei som vitjar.

Så Janne Solli eg foreslår at neste teambuildingstiltak på DN vert ei klassisk norsk danningsreise ut i norske bygder, lær staben å sete pris på det unike ved det norske – lær dei å verdsette originalen.

 

Bjørn Egil Flø

Dette er ein omskriven og nedkorta versjon av kronikken Nasjonalparklandsbyer?, skriven saman med Anders Bryn og Kirsti Jordet. Kronikken stod på trykk i Nationen den 7. juni 2010.

Eg gjer merksam på at medforfattarane av kronikken ikkje har underskrive denne kortversjonen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s