Asfalt, sprit og gummi

Bjorn E FloAv Bjørn Egil Flø

 

 

 

 

Dei er like trufaste mot våren som tjelden – rånarane. Nett i det vinteren slepp taket og let asfalten gi feste for lågprofilerte sumardekk kjem dei. Kåte som orrar glir dei runde på runde i bygdebyane til stor irritasjon for vårt nyurbaneiserte rurale småborgarskap og den kaffelattedrikkande sentrumssnobben.

For dei spelar ikkje på fotballaget – rånarane. Dei deltek ikkje i det besteborgelege selskapet som møtes på musikkskulen kvar onsdag, ikkje spelar dei i skulekorpset heller og at det er trening for KFUM vollyball på folkehøgskulen kvar fredag drit dei i. …

Dei kjem frå grendene utanfor sentrum, dei kjem frå dei agrare bygdene og frå fjellgardane, dei kjem frå utvikene og dalbygdene, dei kjem frå flatjordene og utværa. Det er gjengen frå C-klassene på ungdomsskulen – dei som måtte springe for å rekke skulebussen heim. No møtes dei igjen, dei møtes på kaianlegga, på rutebilstasjonane på parkeringsplassane framfor rådhusa og på bensinstasjonane. Dei møtast på allmenningane, dei møtast der dei har like rettar og der ingen kjenner asfalten betre enn dei.

”Me brukar å møtast her”, seier Arve i det han opnar bildøra og ballar seg ein rullings. ”Her sjenerar me ingen og ingen sjenerar oss”. Snart kjem Einar, ein kompis, sakte glidande fram på sida i sin nylakka 244 med lister nede på dørene som Arve ber meg legge spesielt merke til. Han rullar med vindauget og dei pratar litt, om bil sjølvsagt – snakkar om kor ”genialt” det var av Volvo som, ulikt dei fleste andre bilmerka, laga same system og dimensjon på bremseanlegget på alle modellane uavhengig av motoryting. ”Det er slik ein bil vert udødeleg”, seier dei ”…har du ventilerte bremseskiver framme kan du stalle opp 220 gampar under panseret heilt lovleg”. ”Det står ein 945 med høgtrykksturbo framme her”, seier Einar han fortel at dei letta den utav vraket etter ein banksjef som aldri rakk ferja. ”Nei”, seier Einar, ”..eg må heim att. Må spraye på meg ny godlukt. Plukkar du meg opp før du dreg innom fjorden i kveld?” Det er klart for årets fyrste plattingdans og dei reknar med eit ”oppflåt” av bilar.

 

Sjå kortfilmen/musikkvideoen The Only Game frå Torgny, ei ærleg og vakker skildring av rånemiljøet. Regissert av Emil Trier.

Kvart over to finn me han, han ligg ille tilredd framom ein stein nokre hundre meter utanfor festområdet. Han vart tidleg i farta og alt ein halvtime etter at me var kome der var han observert i heftig krangel med ein av Hyundai typane frå Vågen. Me trudde fyrst han var banka opp, men det var nok spriten som hadde slått hardast. Me stua han i baksetet og stakk innom gamle Esso stasjonen for å snakke kjenning. Der stod ei åtte tolv bilar i rad medan Torfinn synte fram sin nyrigga Scorpio og la att siste rest av gummien før han forsvann i ei sky av røyk. Det var på tide å gi seg, mi reise attende i tid, min retrokveld, var over og eg veit at eg angrar ikkje på det livet, men eg saknar det heller ikkje.

 

Bjørn Egil Flø

Innlegget har stått på trykk i Klassekampen 25. mai 2010

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s