Kan Den europeiske union vise veg?

Av Torbjørn Tufte

 

Merkeordninga Beskytta nemningar, eller Beskyttede Betegnelser som det heiter på bokmål, er etablert i Noreg etter mønster frå EU. Dette er eit velkjent og viktig landbrukspolitisk verkemiddel der ei gruppe produsentar innanfor eit definert geografisk område vert gitt eineretten til ei produktnemning. Geografiske produktnemningar vert nytta for å verne landbruksproduksjonar mot konkurranse. Kjente produktnamn som alle sorterar under slike ordningar er; Parmaskinke, Feta, Roquefort, Parmigiano Reggiano, Manchego og Gorgonzola.

Eineretten til produktnamnet gir produsentar eit konkurranseføremon mot omverda. Målsetjinga er at dette skal fungere som eit landbruks- og handelspolitisk verktøy som hindrar kopiering av anerkjente produktnamn, sikrar landbruksstruktur og inntekter i næringa, samt hjelpe til å oppretthalde rurale busetjingsmønster. Slik sett er Beskytta nemningar ein strategi for merkevarebygging. Ein konkurransestrategi for å sikre marknadsposisjonar ved å tilføre eksklusive opphavsrettar til produksjonar og produktnamn for anerkjente produkt, der einskilde aktørar ikkje har noko naturleg eigarskap til produktnamnet. …

Bruk og innføring av Beskytta nemningar er omstridt internasjonalt. Innafor WTO er det eit stort stridsemne, både i TRIPs-forhandlingane og i landbruksforhandlingane. USA, Canada og Australia reknar geografiske indikatorar som konkurransevridande og ei proteksjonistisk ordning. Dei meiner det ikkje er trong om å innføre immaterielle rettar for kollektivt eigarskap, slik Beskytta nemning gjer. Desse landa meiner varemerkelovgivinga i privatrettsleg eigarskap er nok.

EU, som er pådrivar for sterkare vern av geografiske indikatorar på landbruksvarer internasjonalt, hevdar på si side at det er deira soleklar rett å verne om tradisjonsrike produktnamn. Og legg eigentleg ikkje skjul på at eineretten til å bruke eit produktnamn er hovudpoenget med ordninga.

Noreg har, som EU, valt å etablere ei merkeordning for produktnemningar. Likevel er det mykje som talar for at landbruksmyndigheitene og landbruksnæringa i Noreg har langt mindre klåre idear om kva Beskytta nemningar er – og kva det skal vere, enn tilfellet er i EU.

Dei fleste norske produkta i merkeordninga er svært små og lite tilgjengelige. Det er difor ein fare for at merkeordninga utviklar seg som eit kvalitetsstempel for småskalaproduksjon, og ikkje som eit landbrukspolitisk virkemiddelet som stimulerer den norske landbruksproduksjonen i heilskap. Ein får eit inntrykk av at fokuset i Noreg er meir retta på sjølve merket i seg sjølv mot forbrukarane, enn det opphavsrettslege vernet som ligg i botnen av ordninga. Spissformulert, så står småskalaproduksjon og nisjetankar alt for sterkt. Einerettar vert tildelt lokale produktnamn med minimal geografisk utstrekning og svært avgrensa volum, til trass for at desse produktnamna truleg aldri nokon gong vil verte kopiert.

Tida kan vere inne for å lære av EU. EU har etablert vernet av sine produktnamn på heimemarknaden. No prioriterar EU å sikre seg einerettar i eksportmarknadar. I internasjonale tingingar krev EU vern for 3000 av sine geografiske indikatorar på mat- og drikkevarer. Merkeordninga handlar nemleg om noko heilt anna enn forbrukarinformasjon, som til dømes Nyt Noreg eller spesialitetmerket. Det handlar om å sikre seg kontroll og einerettar til merkevarer.

Noreg treng difor å gjere nokre beviste val for å realisere Beskytta nemningar til eit landbrukspolitisk virkemiddel. Norske tradisjonsprodukt som treng eit vern mot etterlikningar frå utlandet må prioriterast. Typiske dømer er produktnamn som Pinnekjøtt og Fenalår. Nasjonal kontroll over desse produktnamna vil sikre eigen råvareproduksjon og såleis produksjonsstruktur både i primærleddet og i industrileddet. Og det er nettopp å hindre konkurranse frå etterlikningar frå utanforståande som er konkurranseframtrinnet merkeordninga gir produsentar.

I EUs strategi handlar ikkje Beskytta nemningar om småskalaproduksjon. Det er sjølvsagt plass til små produkt, men det som gjer merkeordninga til eit vellykka landbrukspolitisk verktøy er dei veletablerte produkta med sterke marknadsposisjonar. Til dømes sikrar Parmesanosten Parmigiano-Reggiano aleine avsetjinga frå 245 000 mjølkekyr. Desse mjølkar årleg 1,7 millionar tonn mjølk, som gir ein produksjon på 117 000 tonn ost. I Noreg er det om lag 255 000 mjølkekyr, som leverer 1,5 millionar tonn mjølk. Noregs desidert største meieri, TINE, produserar til samanlikning 60000 tonn kvitost i året.

Den varsla stortingsmeldinga om landbruket vert i desse dagar meisla ut. Ta dette som eit innspel for korleis merkeordninga kan verte ein fungerande del av konkurransestrategien til norsk landbruk.

Torbjørn Tufte
Statsviter, Landbrukets utredningskontor

Innlegget har stått på trykk i Nationen den 24. mars 2010
Les også Atle Wehn Hegnes og Virginie Amilien sin kronikk i Nationen den 25. mars 2010

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s