«Småkårsfolket arbeida på åkrane»

Av Bjørn Egil Flø

 

Det var sinne som dreiv dei, i rein frustrasjon nekta dei å vere med lenger. Inntektene var nede i knappe 60 prosent av industriarbeidarløna, og trongen for investeringar var overhengande for den som ønskte å bli verande i næringa. Året var 1975 og bøndene på Hitra nekta å betale skatt – dei aksjonerte. Skatteaksjonen fekk konsekvensar for eit samla norsk landbruk og endå til for industriarbeidaren på gravmaskinverkstaden Brøyt på Bryne som opplevde sine siste få gode år i etterkant av Hitra-aksjonen. Stortingsmelding 14 (1976 – 1977) kom i oktober året etter og danna grunnlaget for opptrappinga og var, som bygdeprofessor Reidar Almås sa i ein kronikk i Nationen nyleg; ”…lenge som ei katekisme å rekne for den agronomiske intelligentsiaen”.

Sjølv om både lovnadane og vona nok var større enn kva politikken greidde å levere gjekk landbruksnæringa inn i ei epoke der bøndene treivst. ”Det var vorte kjekt å arbeide med jorda att”, brukte far min seie når han snakka om den tida. So stor var trivselen at bror min gjorde det fatale valet om å verte bonde i rusen kring opptrappinga. I dag, 35 år etter er situasjonen til forveksling lik den me hadde då Sverre Hanssen samla troppene på Hitra til aksjon. …

Lovnad og løgn
Ser me nærare etter derimot, finn me eit landbruk som er langt verre ute no enn då. Talet på bønder er redusert frå knappe 125000 til nær 45000, og bondeeinsemda gjer ikkje berre bonden svak, men næringa enno svakare. Det føregår ei gradvis sentralisering i landbruket, både av produksjon og politisk makt, til dei beste jordbruksområda i Trøndelag, Jæren og låglandet austafor. Gjennomsnittsinntekta ligg i dag godt under 60 prosent av industriarbeidarløna og den sosiale situasjonen er relativt sett meir syrgjeleg enn nokon gong før i vår nære historie. Arbeidsdagane er lengre og feriedagane færre sett i forhold til resten av samfunnet. Og når bygdevegane fylls av fedrar med barnevogner klokka fem om ettermiddagen, trakkar bonden i fjøsstøvlane og går laus på siste halvdel av sin andre normalarbeidsdag det døgnet. Korleis har me hamna her? Kva har ført næringa inn i ein situasjon som ikkje berre er like ille, men kanskje enno ringare enn den var for 35 år sidan? Kva er det med norsk landbruk?

Opptrappingsmeldinga
Lat oss gå tilbake til Stortingsmelding 14 – opptrappingsmeldinga – og setje den i samanheng med omverda den vart skapt i. Ikkje berre hadde verda nyss gjennomlevd ei oljekrise, me hadde også sett at lovnaden frå den grøne revolusjon hadde slått sprekker. Hausten 1971 vart me vitne til den mest grufulle hungersnauda i moderne tid; Bangladeshkatastrofen vart formidla gjennom fjernsynet, det nye folkemediet. Land og regionar som Sahel i Sub-Sahara opplevde langvarig tørkeperiode, og seinhausten 1972 vart det kjent at også kornhausten i Sovjet hadde kollapsa. I India hadde den uendelege rekkja av flaumar redusert avlingane til ein brøkdel av normalen. Den ekstreme oljeprisen fekk Marokko til å ville utnytte posisjonen som fosfatmonopolist og då bøndene korkje hadde råd til olje eller kunstgjødsel svikta sjølv mirakelplantene frå den grøne revolusjonen. Så då var dei altså ikkje større mirakla enn at også ingeniørplantene trong vatn og næring.

Over 40 millionar menneske i nær tretti land låg innanfor høgrisikogruppa for ei stadig meir trugande svoltkatastrofe. Basert på spådomane frå FNs mat- og landbruksorganisasjon (FAO) responderte dåverande generalsekretær i FN, Kurt Waldheim, med å kalle inn til Verdas matvarekonferanse i Roma (1974). Her vart det slege fast at alle land skulle vere ansvarleg for eigen matproduksjon. Her heime var absurditeten openbar. Korleis kunne det henge saman at verda svalt samstundes som me ikkje viste korleis me skulle verte kvitt eit berg av smør som vaks seg større og større i kjølvatnet av produktivitetsauken skapt av kunstgjødsel og nye grassortar?

Det var fyrst då Berge Furre i desember 1975 hadde sagt at hans SV-gruppe ville røyste saman med den borgarlege opposisjonen for opptrapping av bondeinntektene til industriarbeidarnivå i løpet av tre avtaleperiodar (6 år), at landbruksminister Treholt gav etter. Men vilkåra for landbruket er ikkje og har heller aldri vore statisk. Når det har sett som svartast ut har det kome skift. Like brått har skifta kome også når det har sett som lysast ut.

Eple, dyrelik og det multifunksjonelle
Mot slutten på 80-talet fekk norsk landbruk kjenne den internasjonale marknaden på ryggen. Eplepanelet i Uruguay (1986) sette jordbruksvarer på dagsordenen og i 1988 klaga USA på det norske kvantitative importvernet på frukt. Hardingane og Sogningane gjekk ei tung tid i møte i åra som fylgde. Om ikkje anna lærte i det minste folk å forstå dialekten åt hardingen og sogningen det året, på Dagsrevyen kunne me høyrde fruktbøndene fortelje kor objaodele amerikanaradn var vortne. Men Noreg tapte og laut leggja om til produksjonsavgrensing, dei best informerte skjøna alvoret og ana at både korn og kjøt stod i fare for å lia same lagnaden som frukta.

Ved inngangen på 90-talet vart den før omtalte agronomiske katekismen kasta på den historiske skraphaugen. Landbruksminister Øyangen sitt nye testament kom i form av ein spe liten stortingsproposisjon (St.prp nr 8 (1992 – 1993)) kalla ”Landbruk i utvikling” som erstatta Stortingsmelding 14 – og ei ny linje gjorde seg gjeldande. Inntektsmålet frå 1976 vart no formelt oppgitt og ved sida av nasjonale satsingar som kvinnetiltak og bygdeutvikling, var det først og fremst internasjonaliseringa som vart løfta fram. Robust landbruk var stikkordet, for skulle draumen om EU-medlemskap gå i oppfyling laut norsk landbrukspolitikk tilpassast krava frå dåverande GATT og EU.
Men Noreg vart ikkje med i EU, slik planane var. Landbruksbyråkratane, både her til lands og i EU, leita etter nye vegar. Omgrepet ”det multifunksjonelle landbruket” oppstod. Sjølv om landbruket hadde vore multifunksjonelt i all si tid, var det no det vart gitt politisk merksemd. Brått vart det viktig å presisere at landbruket produserar meir enn mat og fiber. I tillegg til å sikre spreidd busetnad, garanterar det også for eit minimum av økonomisk aktivitet i grendene og sørgjer for å oppretthalde infrastrukturen. Landbruket vart gitt oppdraget om å ivareta artsmangfaldet i kulturlandskap og dei estetiske verdiane i det opne jordbrukslandskapet. Det gamle argumentet om sjølvberging vart også freista gitt nytt liv, men drukna i debatten til fordel for omgrepet matvaretryggleik. For som følgje av stadig aukande problem knytt til spreiing av dyresjukdomar og matvaresmitte, vart eit nasjonalt og til dels også lokalt landbruk viktig for å sikre matvaretryggleiken.

Frå motkultur til trendy medkultur
Internasjonalt vaks interessa for økologisk landbruk. Både forbrukarar og produsentar la om til økologisk, men her heime gjekk det sakte. Fyrst etter at båla av dyrelik lyste opp i Europa byrja ting skje, men det skuldast meir enn einast båla. Veksten kan likso godt forklarast med samarbeidet mellom det konvensjonelle og det økologiske landbruket sist på 90-talet. Då økonomiprofessor Eirik Reinert lanserte sin etter kvart så berømte, ”Reinertrapport” vaks ønskje om å produsere spesialprodukt. Formuleringa ”verdiskapinga attende til næringa” vart det samlande mantraet for økobøndene og spesialprodusentane sine mange hjelparar i prosjektmakarveldet. Samstundes representerte samarbeidslina ei svekking av motkulturen i økolandbruket og ei gradvis konvensjonalisering av det økologiske landbruket både nasjonalt og internasjonalt.

Med Sponheim i statsrådstolen kom etter kvart småskalaproduksjonen i gang. No skulle bøndene ”fortelje dei gode historiene” – dei skulle ”pakke inn” produkta sine i økologisk berekraftig lokalpapir. Gjorde dei det, ville forbrukarane sin hunger etter distingverande symbolprodukt føre bøndene lukst inn i himmelen. I den nyreligiøse møtelyden gjekk tungetala høgare og høgare for kvar gong livsstilsmagasina presenterte enno ein representant for det nye landbruket. Det reportasjane sjeldan fortalde oss, var at også småskalaprodusentane slit med altfor lange arbeidsdagar og ei timeløn som får sjølv thailandske stuepiker utan loveleg arbeidsløyve til å framstå som lønnsvinnarar.

Klima, energi og kylling
I takt med velstandsauka stig etterspurnaden etter høgverdig protein i verda. Pandaen i aust har gått lei bambus, han vil ete som oss. Kina har meir enn dobla inntaket av protein dei siste åra og nærmar seg Vesten. Samstundes sviktar avlingane fleire stader i verda. Berre i Australia reduserte tørken risavlingane med opp til 98 prosent i 2008, men i hovudstadane sit landbrukspolitikarane og aktivt ignorerer sjølvmordsratar som veks raskare enn elvane tørkar. Også Kontinental-Europa og Midtvesten i USA er køyrde på felgen. Jordkvaliteten her er fleire stader så låg at ein lyt tilføre meir energi enn ein greier å få ut av jorda. Like fullt subsidierer politikarane bøndene for å konvertere frå matproduksjon til energiproduksjon. Store mengder matjord vert i desse dagar omdisponert til produksjon av biodrivstoff, og det politiske argumentet kan oppsummerast med eitt ord: Klima. Men alle veit me at det eigentlege ordet er pengar. Overlèt me til den frie marknaden med agrobusinesselskapa i spissen å bestemme politikken, vil energi vere energi og prisa deretter, uavhengig av om den skal etast av menneske eller maskin.

Valet
35 år etter opptrappinga er me der altså igjen. Verda svelt, energiprisane er uførutseielege og kampen om matjorda er storpolitikk. Her heime er likevel berekrafta i landbruket ringare enn på aldri så lenge. Vestlandet og Nord-Noreg er hardast råka, me opplever ei geografisk konsentrering av ein stadig meir kraftfôrbasert produksjon til Trøndelag, Jæren og låglandet austafor.

Heime på Sunnmøre sit dottera åt bror min og tel på knappane; kva val skal ho ta? Korleis skal ho best greie å drive og vedlikehalde jorda og samstundes kunne leve eit skapleg liv? Garden er meir enn tre gongar så stor som den far min fødde ei familie med seks ungar på, og ho veit at i dag kan den knappast fø ho. Ho registrerar at kollegane hennar ropar på eit nytt bondeopprør, men ho veit at det må ta ei anna retning enn det førre skal det tene ho.

Bjørn Egil Flø

Innlegget er trykt som essay i Klassekampen 22. februar 2010

Les også dei andre innlegga i Klassekampens serie her:

Svenn Arne Lie, 23. februar 2010, Vi trenger en ny landbrukspolitikk.
Gjermund Haga, 24. februar 2010, Den norske avviklingsbonden
Chr. Anton Smedshaug, 25. februar 2010, Klimapolitikk på jordet
Anne Viken, 26. februar 2010, Mellom PR og røyndom
Solveig Svardal, 1. mars 2010, På veg i feil retning

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s