Innlandsrøya – det nye hysdyret

Av Reidar Almås og Bjørn Egil Flø

 

Dei er på leit innlandsbygdene og dei har leita lenge. Dei har leita etter alternative inntekter og levevegar, dei har leita etter nye næringar som kan skape strukturelle ringverknadar utover seg sjølv og som har kraft nok til å vekse til noko meir enn ein og annan spesialost.

Saman med seg har dei hatt eit hopetal med gode hjelparar som alle har bore med seg rause støtteordningar, men alle har dei leita i småskalagrøftene så lenge at dei ikkje minnest kvar langlysbrytaren er. Ikkje berre manglar me gründerane, me manglar også forretningsideane. Dei er kort sagt for dårlege og for opphengde i historieforteljing og imagebygging. Ikkje misforstå, det er viktig å kunne fortelje dei gode historiene og å bygge seg eit omdøme i den moderne symbolkonsumerande marknaden, men det er på langt nær nok aleine. Me treng idear som kan utviklast til store overordna satsingar, me treng næringspolitiske grep med langvarig strukturell rekkjevidde. …

Ser me i bakspegelen åt norsk bygdeutvikling, ser me fleire slike strategiske grep som har hatt stor betyding for kyst- og bygdesamfunna. Me ser bureisinga i mellomkrigstida, me ser oppbygginga av sjarkfiskeflåten før og etter krigen, me ser bruksutbygginga i landbruket gjennom nydyrking, og me ser avløysarordninga. Og ikkje minst ser me utviklinga av oppdrettsnæringa. Me veit av historia åt både laksen og hjorten at det er store etiske, helsemessige og miljømessige utfordringar knytt til domestisering av ville artar. Lat oss minne om at me sit i dag på eit breitt spekter av kunnskap som kan nyttast, ein kunnskap dei ikkje hadde i bronsealderen. Likevel klarte dei å gje oss kua og grisen, høna og sauen.

Ei rekkje tiltakslystne bygdefolk og ei knippe forskarar har i fleire år jobba dugnad for å ”temje” vårt hittil siste husdyr, innlandsrøya. Målet har vore å skape ei berekraftig innlandsnæring av røyeoppdrett. I Noreg er produksjonen i dag på omlag 400 tonn, fordelt på kring ti anlegg. Felles for dei fleste anlegga er at dei er plassert i typiske grisgrendte utkantbygder som alle sårt treng nye næringar og inntekter. Men skal dei lykkast må det takast grep og grepa må takast raskt om det skal vere von om å ta att forspranget åt våre argaste konkurrentar. Sverige, Finnland, Island og Canada har alle større produksjonsvolum enn oss, men litt innsats og dugleik og nokre kloke vedtak kan enno få oss på linje og forbi. Verdsproduksjonen ligg i dag på i overkant av 4000 tonn på årsbasis og marknaden er framleis veksande.

Totalt er det gitt konsesjon til mellom 25 og 30 oppdrettsannlegg for innlandsfisk her heime og omlag halvparten av dei er for innlandsrøye. Det er likevel ikkje nok berre å auke talet på konsesjonar om ein ønskjer å gi næringa eit løft, fyrst må lønsemda aukast. Dagens røyeoppdrettarar opplever nemleg altfor låg lønsemd til at konsesjonane vil vere nemneverdig ettertrakta. Samarbeid i næringa er også jamt over dårleg; samla sett er produsentane spreitt vidt utover landet og er gjennomgåande dårleg organisert.

Prisane ligg på kring 40 kroner kiloen for sløgd fisk på gode dagar, noko som slett ikkje treng vere så ille om ein berre hadde greidd å redusere kostnadane. Nettopp kostnadsreduksjon er ei utfordringa som ikkje treng å vere lett å løyse, men som på langt nær er umogeleg å løyse. Ei anna utfordring er prissvingingane som kjem av at mykje av fisken vert slept på marknaden samstundes. Det gjer inntektene vanskeleg å rekne seg til på førehand og reduserar moglegheitene til å utvikle både det einskilde føretaket og næringa samla. Utfordringane krev politiske vedtak og målretta kunnskapsoppbygging om teknologi og organisering, tilpassa eit innlandsbasert oppdrett i dei grisgrendte skogs og fjellbygdene våre.

Dei fleste landbaserte ferskvassfiskanlegga våre er små og ligg ein stad mellom 10 og 50 tonn, men teknologien som vert nytta, er utvikla for laksesmolt og produksjonar meir enn 100 gongar større. Skal me ha von om å gjere noko med lønsemda, trengst det ein tilpassing av både teknologi og skala til dei forholda som rår ved denne typen produksjon.

Kompetansen er jamt over låg og dei fleste innan næringa er sjølvlærte entreprenørar som har prøva og feila seg fram til det meste av det dei kan i dag. For ein utanforståande er det imponerande å sjå kva dei etter kvart har greidd å lære seg, men det har vore dyrekjøpt lærdom for den einskilde. Likevel er det nettopp det me allereie kan og veit som gjer at forholda ligg spesielt godt til rette for å bygge lukka, landbaserte anlegg i dag. Ved hjelp av resirkulasjonsteknologi er vassmengdene som trengst til slik type produksjon i dag redusert med over 90%. Dette opnar for bruk av grunnvatn som kjelde og gir ein heilt ny fleksibilitet i høve til plasseringa av anlegga. I tillegg treng det tenkast kloke tankar om korleis ein kan utnytte næringssaltet i vatnet vidare, noko SINTEF og Bioforsk alt er i gang med, og som frå eit jorbruksperspektiv kan synast interessant i ei tid med uforutseielege prisar på gjødsel.

Oppdrett av røye har potensiale til å verte ei viktig næring for delar av landet som treng det mest i dag. Det kan bli ei viktig og berekraftig attåtnæring får bønder og bygdefolk i innlandsgrendene våre, eller det kan bli enda ein missa sjanse i kampen for nye arbeidsplassar i distrikta. SINTEF Fiskeri og Havbruk har invitert Norsk senter for bygdeforskning og andre forskingsmiljø til eit samarbeid, der vi også ønskjer oss den vesle næringa og landbruks- og matstyresmaktene med på laget. Kanskje Lars Peder Brekk med sin blågrøne bakgrunn kan løfte fram det nye husdyret?

Reidar Almås, Professor
Bjørn Egil Flø, Forskar

Norsk senter for bygdeforskning

Innlegget har stått på trykk i Nationen den 15.februar 2010

Les Landbruksministeren sitt svar i Nationen den 27. mars 2010

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s